Arkeologar skal hjelpe politiet med å løyse krimgåter

1 month ago 19



– For eksempel nedgravne lik som er forsøkt skjult. Her kan ein arkeolog komme med viktige bidrag for å få best mogleg resultat frå utgravinga, seier krimteknikar Kjell Helland Hansen.

Sist veke kan vere starten på eit historisk norsk samarbeid mellom arkeologar og politifolk.

Krimteknikarane er på Arkeologisk museum i Stavanger. Her får dei mellom anna lære korleis dei kan handtere skjelett og andre gjenstandar som har lege lenge under jorda.

Dette er metodar politiet kan dra nytte av.

Krimteknikar Kjell Helland Hansen.

Kjell Helland Hansen er åstadleiar i Vest politidistrikt.

Foto: Erik Gjesdal / NRK

Etablert praksis i fleire land

I fleire land er det vanleg at politiet samarbeider med arkeologar.

I Noreg har det førebels vore lite systematisk arbeid med å utvikle feltet, og det er lite etablert praksis for kunnskapsoverføring mellom politiet og arkeologane.

I rettsarkeologien blir det brukt tradisjonelle arkeologiske metodar for å gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar.

Skjelettfunn ved Stavanger domkirke

Politiet fekk vere med når fleire skjelett blei funne i forbindelse med oppussing av Stavanger domkyrkje.

Foto: Vetle Mørch Tvedt / NRK

Konservator ved Arkeologisk museum i Stavanger, Hege Hollund, seier dei nå arbeider med å få til eit meir formalisert samarbeid med kurs, utdanning og faglege nettverk.

– Vi hadde ei sak der vi måtte undersøke ein hovudskalle, fortel krimteknikar Kjell Helland Hansen.

– Den viste seg å vere 9000 år gamal.

– Dei er betre trente til ein del oppgåver som vi ikkje har innan vårt repertoar, avsluttar han.

Fekk vere med på utgravingar under domkyrkja

Samarbeidet starta så smått i vinter. Då fekk politiet vere med når arkeologane skulle grave ut skjelett under domkyrkja i Stavanger.

Nå skal dei samarbeide enda tettare.

– Er personen grave ned? Er det vegetasjon som har lagt seg over? Berre der kan dei hjelpe oss litt, seier Tore Walstad i ID-gruppa til Kripos.

Tore Walstad i ID-gruppa til Kripos.

Tore Walstad jobbar i ID-gruppa til Kripos. Dei har som oppgåve å identifisere omkomne ved store ulykker og katastrofar.

Foto: Erik Gjesdal / NRK

Kan hjelpe til i «cold case»-saker

Konservator Hege Hollund meiner politiet har mykje å lære av arkeologane på museet.

– I til dømes Sverige så er arkeologar tilsett ved svenske Kripos for å medverke i spesielle saker, seier Hege Hollund.

Hege Hollund

Hege Hollund er konservator ved Arkeologisk museum.

Foto: Erik Gjesdal / NRK

Ho peiker mellom anna på såkalla «cold case»-saker, altså eldre alvorlege uløyste saker, som eit mogleg felt der arkeologisk kompetanse kan brukast.

Kjell Helland Hansen seier at mykje av metodikken arkeologane og politiet bruker er lik.

– Då kan ein kanskje seie nokon om konteksten i samband med nedgravinga, og kva som har skjedd i ettertid, seier han.

– Av og til så er det jo slik at vi kan ikkje alt, og då må vi vite når vi skal ringe ein venn. Eventuelt ein ekspert på eit anna felt. Det er ein viktig del av vår mandat, held han fram.

Publisert 04.10.2024, kl. 12.53

Read Entire Article