Arabiske land diskuterer gjenoppbygging av Gaza

1 month ago 36



Fredag møtast arabiske leiarar for å diskutere framtida til Gaza og Trump sine ambisjonar for å ta over Gaza.

Igjen er det Saudi-Arabia og hovudstaden Riyadh som er vertskap for fredsmekling i ein krig.

– Om dei arabiske landa klarer å samle seg om å bygge opp att Gaza og å gje pengar til det, vil det vere første gang i historia.

Det meiner professor i historie ved Universitetet i Oslo, Hilde Henriksen Waage.

Hilde Henriksen Waage

Hilde Henriksen Waage er professor i historie ved Universitetet i Oslo.

Foto: NRK

– Den arabiske verda står opp mot Israel og støttar palestinarane si sak, seier Waage.

Trump drøymer om «Midtaustens riviera»

Møtet skjer to veker etter at Donald Trump skapte furore etter at han sa han ynskjer å ta over Gazastripa og gjere det om til «Midtaustens riviera».

Et Gaza i ruiner

Her ser Donald Trump for seg «Midtaustens riviera».

Foto: AP

Då hadde han den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu, ved sidan av seg på ein pressekonferanse i Det kvite huset.

Det er første gang sidan krigen braut ut at dei arabiske landa møtast for å diskutere framtida til Gaza.

– Trump kan ingenting om Midtausten, verken om politikk eller historie. Han ser på det som ei tomt for eigedomsutvikling, påstår Waage.

Utanriksminister Espen Barth Eide meiner møtet i dag er eit steg i rett retning.

– Det er viktig at dei arabiske landa møtast i dag. Dei jobbar no med å utarbeide sin eigen konkrete plan om Gaza.

Utnriksminister Espen Barth Eide besøker Nyhetsmorgen.

Foto: Alf Simensen / NRK

Får motstand frå Egypt og Jordan

Ein del av planen til Trump er å tvangsflytte 2.4 millionar palestinarar på Gaza til Jordan og Egypt.

Jordan og Egypt er avhengige av USA. Dei får både våpen og pengar frå USA.

– Tanken om at ein skal fordrive eit folk strid med menneskeretten. Det er eit viktig prinsipp, seier Barth Eide.

Ein ny fredsmeklar?

Tidlegare denne veka møttest USA og Russland til eit møte om deira bilaterale forhold og framtida til Ukraina, også i Saudi-Arabia.

Gulf-staten er nok ein gong vertskap for fredsmekling i ein internasjonal krig.

Waage er likevel ikkje overtydd over at det er hjartet for fred som motiverer kronprins Mohammed bin Sanwal av Saudi-Arabia.

– Eg trur han absolutt er mest opptatt av Saudi-Arabia og utviklinga av dei store prosjekta som han har der, seier Waage.

Ho trur Saudi-Arabia skaper eit falskt inntrykk av at dei er villige til å bidra økonomisk til å bygge opp att Gaza.

Ifølgje FN kjem det til å kosta om lag 50 milliardar dollar å bygge opp att Gaza.

Kronprins Mohammed bin Sanwal av Saudi-Arabia og utanriksminister i USA, Marco Rubio, i Riyadh tidlegare denne veka.

Foto: AFP

Mohammed bin Sanwal er USA sin beste ven, så eg tvilar på at han er villig til å gjere mykje og investere pengar mot Israel og USA, seier Waage.

Publisert 21.02.2025, kl. 13.32

Read Entire Article