– Vi har jo vassdragsreguleringar i Noreg for å produsere kraft til hushalda og til industrien. Men dei tener også ein viktig intensjon i samband med å kunne regulere for flaum.
Det seier Ingvild Kjerkol (Ap), leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Før uvêret Hans hende i august 2023, tappa Hafslund ned vassmagasina sine for å skape ein buffer for dei store vassmengdene som var på veg.
Ein rapport frå september slår fast at nedtømming av vassdraga bidrog sterkt til å redusere skadeomfanget.
Rapporten viser også at vassregulering reduserte vasstanden med mellom 0,5 og 1 meter og halverte skadekostnadane.
Modellane i rapporten viser blant anna følgande:
- Dersom Hafslund ikkje hadde justert vatnet ville dei totale skadane for Nesbyen vore 363 millionar kroner, og 3.5 gonger så høge for Gol med ein kostnad på 95 millionar kroner.
- Mot 200 millionar kroner i Nesbyen og 27 millionar for Gol.
– Då bør det gå raskt
Håvard Hamnaberg i Hafslund meiner rapporten viser kor viktig vassdragsregulering er i ein flaumsituasjon, og at dette kan spare samfunnet for store summar ved uvêr som «Hans».
– Politikarar og styresmakter kan sjå korleis vasskraft kan bidra til å redusere skadar ved flaum.
I vår blei det lagt fram ei stortingsmelding om flaum og førebygging av flaum.
Kjerkol seier stortingsmeldinga viser at regjeringa ønsker å vektlegge flaumberedskap når dei behandlar konsesjonssaker framover. Ho meiner det bør gå raskt når desse sakene kjem på bordet.
– Dei kan gi store fordelar i å førebygge flaumskadar ved å leie vatnet forbi utsette område. Det er ein funksjon som vi kan styrke nokre plassar. Og det bør òg reflekterast når desse prosjekta søker om konsesjon. Da bør det gå raskt.
Må bli flinkare i framtida
På Austlandet kosta skadane etter Hans over 2 milliardar kroner. Og tiltaka som blei sett i verk sparte samfunnet for millionar av kroner.
– I fjellet har vi vassmagasin. Til vanleg blir desse brukte til å produsere kraft. Men når det er flaum kan ein bruke desse til å halde tilbake vatn, slik at flaumen blir mindre enn han elles ville blitt, fortel Hamnaberg.
Kjerkol meiner vi likevel må bli flinkare framover.
– I framtida må vi klare fleire ting samtidig. Vi må bygge ut meir fornybar kraft, samtidig som vi må førebygge flaum og ekstremvêr.
Kommunane må gjere delar av jobben
Kjerkol seier det er mange kommunar som no ser på vassdraga sine, og korleis dei kan førebygge flaum i framtida. Nokon ønsker også å greie ut verna vassdrag for kraftutbygging.
– Det meiner eg kan vere rett, men det må vi vurdere i kvart enkelt tilfelle. Men vi må i større grad få fram meir fornybar kraft i framtida, men også betre regulering som kan førebygge mot store flaumskadar.
Publisert 03.10.2024, kl. 08.07