Amerikansk legende slaktar Warholm-spådom: – 54 prosent tek feil

1 month ago 17



– Ved sida av OL, er det kanskje den nest største prestisjekampen eg skal igjennom i år. Og det blir ein kamp, sa Karsten Warholm til NRK same kveld som han fekk OL-sølvet sitt i Paris.

Han snakka om superduellen som finn stad i Zürich torsdag 4. september:

Då møter verdsrekordhaldaren på 400 meter hekk verdsrekordhaldaren i stavsprang, Armand Duplantis, i duell på 100 meter.

Skjermdump Citius Mag

Foto: Skjermdump

Løpet har ikkje uventa blitt ein stor «snakkis» i friidrettsmiljøet internasjonalt.

Den anerkjente friidrettsnettstaden Citius Mag spurde følgarane sine på X, tidlegare Twitter, om kven dei trudde kom til å vinne.

Vel 2600 svarte. 54 prosent trur på Duplantis, 46 prosent på Warholm.

Undersøkinga har ikkje passert upåakta.

– 54 prosent tek feil, kommenterer den amerikanske sprintlegenda Michael Johnson, som er tidlegare verdsrekordhaldar på både 200 og 400 meter.

Warholm: «Kjøper du stemmer?»

Då arrangørane i Zürich stilte same spørsmål til følgjarane sine på Instagram, svarte heile 67 prosent at dei trudde på siger til Duplantis.

Warholm delte resultatet med følgande kommentar: «Kjøper du stemmer, Duplantis?»

IoWKAID62nE

SLO TILBAKE: Karsten Warholm måtte nøye seg med sølv i OL, men sette stemnerekord i Chorzów søndag.

Foto: Aleksandra Szmigiel / Reuters

Til NRK seier Warholm:

– Eg trur eg er litt «underdog» i friidrettsmiljøet framleis.

Duplantis har òg fått med seg meiningsmålingane.

Den der trur eg var på grunn av at eg vann i OL. No for tida er eg kanskje litt meir «poppis» enn Karsten. Han gjorde det bra òg, men eg gjorde noko litt meir spesielt med verdsrekorden, seier svenskamerikanaren til NRK.

Begge legg mykje prestisje i løpet. Men ingen av dei har førebudd seg som om det er OL-gull som står på spel.

Festa til 6.25

Duplantis unnte seg ein god fest etter OL-gullet i Paris.

– Eg trur typ seks. Typ seks. Nei, ikkje seks, men typ 6.25, svarte ein flirande Duplantis til SVT morgonen etter gullnatta i Paris – på spørsmål om når festen tok slutt.

Det var berre eitt av intervjua som gjekk viralt. Og som han aldri ønsker å sjå igjen.

Armand Duplantis feira OL-gull og verdsrekord til langt på natt.

For etter han tok OL-gull og sette verdsrekord med nettopp 6,25 meter i stavsprang, festa han til soloppgang. Han fekk seg ikkje meir enn nokon minutt på auget før han stilte seg opp føre mikrofonane til blant anna Max og SVT.

Eg var «bakis». Eg hadde så mykje adrenalin, så dagen fungerte likevel. Eg køyrde hardt, køyrde full fart den kvelden etter gullet. Det var litt tungt med intervjua dagane etter, men sånn er det. YOLO, smiler Duplantis til NRK.

Svensken drog rett på ein liten ferietur til Hellas med kjærasten Desiré Inglander, men fann raskt fram stavane igjen.

Diamond League-stemnet i Lausanne blei vunne på 6,15 meter, mens det i Chorzów blei sett enda ein ny verdsrekord: 6,26 meter.

Droppar trening med stavar

Utskeiingane ser nesten ut til å ha gjort han meir godt enn vondt.

Nei, det gjer ingenting. Det er ein månad til å slappe av. Eg kjenner meg klar. Eg kjenner meg klar for 100 meter, åtvarar Duplantis, som berre hoppar stav i konkurranse på tampen av sesongen.

Diamond League - Silesia

VISER MUSKLAR: Armand Duplantis sette sin 10. verdsrekord i stavsprang i Polen. Den første kom i 2020.

Foto: Aleksandra Szmigiel / Reuters

Resten av tida bruker han på å førebu seg til 100 meter-duellen mot Warholm.

No har eg tre konkurransar igjen. Eg skal ikkje hoppe, eg skal berre køyre sprinttrening. Eg har mykje fokus på løpet.

Warholm på si side gjekk for ei langt meir avmålt feiring i Paris.

Det er avgrensa kor glad eg er i å feire sølv for min eigen del. Eg hadde ein hyggeleg aftan. Det er viktig å tenke at ein sølvmedalje ikkje er krise i eit OL, seier han til NRK.

Warholm trur ikkje rivalen blir svekt nemneverdig av utskeiingane før dei møtest til stjerneduell på 100 meter i Zürich.

– Det er jo veldig lovleg. Han er nesten programforplikta når det går så bra. Heilt riktig gjort, seier Warholm, som ikkje har hatt gleda av å kunne legge inn 100 meter-spesifikke økter heilt ennå.

Han sprang inn til siger på 400 meter hekk i Polen, og skal etter planen springe same distanse dagen etter duellen i Zürich.

Warholm best «pers»

Duplantis går for å vere den raskaste stavhopparen i verda. Då han var 18 år gammal, sprang han 100-meteren på 10,57 sekund i 0,1 sekundmeter for mykje medvind. Den offisielle personlege rekorden hans er på 10,69.

Geir Moen og Leif Olav Alnes

DOKTOR SPRINT: Leif Olav Alnes trente Geir Moen til gull på 200 meter i EM utandørs og VM innandørs for rundt 30 år sidan.

Foto: Lise Åserud / NTB

Warholm har sprunge på 10,49 sekund innandørs som 20-åring. Sannsynlegvis har begge blitt raskare med åra, men det er ingen som veit heilt kor mykje.

Warholm-trenar Leif Olav Alnes, som tidlegare i karrieren sin gjekk under kallenamnet «Doktor Sprint», trur ikkje eleven får tatt ut heile potensialet sitt som sprintar i duellen.

Men han gler seg til å sjå.

– Dei har jo hatt trua på seg sjølv, begge to. Det er jo ein flott inngang, så får vi sjå kva realiteten blir, seier Alnes til NRK.

PS! Superduellen finn stad onsdag 4. august på Letzigründ i Zürich, dagen før Diamond League-stemnet i same by.

Publisert 28.08.2024, kl. 08.13

Read Entire Article