– Det er opplyst at det ikkje skal vera personskadar, verken på Bybanen eller dei som sat i ambulansen, melder politiet.
Naudetatane rykte ut til staden, der det blei trafikale utfordringar og kø.
Politiet opplyser at dei jobbar med å avklara kva som har skjedd. Dei avhøyrer dei involverte partane og vitne på staden.
– Ambulansen var på utrykking og på veg til ei hending, skriv Tommy Nybakk i Helse Bergen til NRK.
Han opplyser at det ikkje var nokon pasientar i ambulansen.
Det var BT som melde om ulukka først.
Bybanen går som normalt igjen
Brannvesenet melder at dei bidreg med å med sikring av skadestaden, bilen og bana.
Ambulansen har skadar i sida.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKI retning mot Åsane var vegen stengd, men er no open att. Det er framleis trafikale utfordringar, melder politiet.
– Bybanen har rygga vekk, så den ser ut til å kunna køyra sjølv. Den stod på skjenene og har ikkje spora av, seier Jostein Steinsland-Hauge i brannvesenet til NRK.
Bybanen har skadar i front.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKHan seier at ambulansen måtte hentast av bilbergar.
Vegtrafikksentralen opplyser til NRK at både bybanen og ambulansen er fjerna frå staden.
Bybanen linje 1 mellom Byparken og Flesland går no som normalt, men det er forseinkingar etter tidlegare omkøyring, melder Skyss.
Ambulansen blir henta av bergingsbil.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKAmbulansepersonell til legesjekk
Nybakk i Helse Bergen opplyser at dei ikkje kan uttala seg om årsaka til ulukka på noverande tidspunkt.
– Korleis går det med personane i ambulansen?
– Tilsynelatande går det bra med personellet. Dei er til legesjekk no.
Han viser til at dei har etablerte rutinar for å følgja opp slike hendingar.
– Det viktigaste for oss er å ta vare på personellet som var involvert. Utover dette vil me på eit seinare tidspunkt gå gjennom hendinga saman med relevante instansar.
Tommy Nybakk i Helse Bergen.
Foto: Helse BergenPublisert 26.05.2026, kl. 13.02 Oppdatert 26.05.2026, kl. 13.45













English (US)