Aldri før har fleire fullført vidaregåande skule: – Veldig gode nyheiter

1 month ago 17



I klasserommet til 2. klasse ved idrettsfaglinja på Mosjøen vgs. sit det tett i tett med elevar.

Det er ikkje det einaste klasserommet i landet med lærevillige elevar.

Ferske nasjonale tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det aldri før har vore fleire som fullfører vidaregåande skule.

Elever ved idrettsdag vg 2 ved Mosjøen videregående skole sitter i klasserommet. Flere skriver på datamaskin, noen prater sammen.

82,2 prosent av dei som begynte i vg1 i 2017 fullførte med studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem til seks år. Det er ein auke på 1,2 prosentpoeng frå 2016-kullet.

Den langvarige trenden med at fleire og fleire elevar fullfører og består vidaregåande opplæring fortset også for 2017-kullet, seier seniorrådgivar Lin Bull-Valen til NRK.

Og størst auking finn ein i Nordland. Der har det auka fire prosentpoeng til 78 prosent.

17 år gamle Enea Sofie Bjørnå-Hårvik ved Mosjøen vidaregåande synest dette er gode nyheiter.

Mosjøen videregående skole fra utsiden en regntung dag. Utenfor skolen står flere sykler og biler.

På Mosjøen vidaregåande skule har dei gjort fleire grep for å få ned fråværet, mellom anna følger lærarane ekstra opp og elevane har ansvar for å sjekke opp medelevar som ikkje kjem til time.

Foto: Frank Nygård / NRK

Ho meiner dette viser at den mykje omtalte fråværsregelen fungerer.

Medelev Petter Horsberg Kolsvik trur det kan gi god motivasjon når ein veit at det er viktig at ein møter opp.

– Eg kjenner at det eg gjer på skulen faktisk er viktig. Det er noko ein berre må igjennom.

Fleire på normert tid

Samanlikna med 2016-kullet auka andelen som fullfører og består i dei fleste av fylka.

Den største endringa frå i fjor er at fleire gjennomfører på normert tid, fortel seniorrådgivar Lin Bull-Valen ved Utdanningsdirektoratet.

Nær 72 prosent av 2017-kullet fullførte og bestod på normert tid. Det er 3 prosent høgare enn for 2016-kullet, seier ho.

Elever ved Mosjøen videregående skole sitter i en stor sal med høyt under taket. Flere har fremme vannflasker og matpakker. Et langbord på midten er nesten helt fylt opp med elever. Flere småbord står ganske tomme.

Foto: Frank Nygård / NRK

Også her har Nordland størst auking.

7,5 prosentpoeng fleire elevar går gjennom skulen på tida skulen har tenkt ein tre. Det vil seie 67 prosent av elevane.

På Mosjøen skule har dei ein makkerordning, der elevane sjølv har ansvar for å melde ifrå om deira elev-makkar ikkje møter opp til time.

– Om min makker ikkje er der ringer eg han og spør om han er sjuk, seier Enea Sofie Bjørnå-Hårvik.

Ho trur inkludering er veldig viktig for å få mindre fråvær. I tillegg trur ho det er viktig at lærarane følger opp dei som slit litt ekstra.

– Det er veldig viktig at kvar enkelt elev blir sett og at det er nok lærarar til dei som treng det mest.

Dette tenker medelevane hennar om at fråværstala går ned:

  • Lukas Bjørknes Kjøningsen har lyst hår og hvit t-skjorte. Han sitter i en gang på Mosjøen vgs og smiler til kameraet.

    Lukas Bjørknes Kjøningsen

    Lukas Bjørknes Kjøningsen seier det er veldig bra å høyre at det blir mindre fråfall i skulen.

    – Det seier noko om at dei gjer noko rett her i skulen, seier han.

    Kjøningsen fortel at dei som elvar blir ringt om dei er borte lenge eller ikkje dukkar opp. Foreldra blir også kontakta.

    – Du kan ikkje berre vere heime fordi du ikkje føler for det. Det synest eg er bra.

    Han trur det alltid vil vere nokon som fell utanfor skulesystemet, og at nøkkelen ligg i at elevane får ansvar sjølv.

  • Petter Horsberg Kolsvik har rødt hår og sort genser. Han sitter i kantina på Mosjøen vgs og smiler til kameraet.

    Petter Horsberg Kolsvik

    Petter Horsberg Kolsvik synest òg det er gode nyheiter at det er mindre fråvær frå skulen.

    – Her i Mosjøen gjer ein veldig god jobb for å forminske fråværsprosenten, seier han.

    Så lenge skulen gjer det dei kan for at fråværstalet skal vere så lågt som mogleg, meiner Kolsvik dei gjer ein god jobb.

    – Det er opp til kvar enkelt å ta ansvar for eigen utdanning og læring, seier han.

    Han går no andre året på vidaregåande og seier at han hugsar at overgangen frå ungdomsskulen var litt hard.

Elevorganisasjonen: Fleire elevar utanfor vidaregåande

Madelen Kloster er leiar ved Elevorganisasjonen. Ho seier at sjølv om tala er gode har dei ein bakside.

– Sjølv om det aldri har vore fleire elevar som fullfører vidaregåande opplæring, så ser ein at delen elevar utanfor vidaregåande opplæring har auka.

Difor er ikkje Elevorganisasjonen berre positive til fråværsgrensa.

– Det er fullt mogleg at fråværsgrensa fungerer for nokon, og har bidratt til at dei møter opp, seier Kloster.

– Samstundes veit vi at elevgruppa som sleit med fråvær frå før fråværsgrensa blei innført har auka risiko for å ikkje fullføre vidaregåande opplæring no som den er.

Påtroppende leder i Elevorganisasjonen, Madelen Kloster

Leiar i Elevorganisasjonen, Madelen Kloster.

Foto: Nikolai Sogn / Elevorganisasjonen.

– Kva tenkjer du om makkerordninga dei har innført ved Mosjøen vgs.?

Føring av fråvær er ikkje elevane sitt ansvar. Eg ser heller ikkje nokon grunn til at det skal vere motiverande for elevane å føre kvarandre sitt fråvær, seier Kloster, og meiner det kan skape ein ukultur der elevane sladrar på kvarandre.

Rektor: Framleis litt å jobbe med

Skulane i Noreg blir målt kvart år på gjennomføring og bestått i eksamen. Rektor Lars Henrik Kristiansen ved Mosjøen vidaregåande skule seier han er nøgd med korleis Mosjøen sin tal ser ut.

Men det har ikkje skjedd av seg sjølve. Ved skulestart har dei kvart år eigne opplæringsprogram for å legge til rette for eit godt og trygt læringsprogram, ifølge rektoren.

Då lagar elevane mellom anna sosiale køyrereglar i eige klasserom, og dei har innført midtvegsevaluering.

Rektor Lars Henrik Kristiansen ved Mosjøen videregående skole står i en lang hvit gnang. Han har blå skjorte, gul jakke og kort grått hår og skjegg.

Rektor Lars Henrik Kristiansen ved Mosjøen vidaregåande seier at dei har gjort tiltak for å få elevane til å møte meir opp på skulen. Det har hatt resultat.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Vi har no kome oss på rettsida av snittet i Nordland, seier Kristiansen.

Men det er framleis ting å jobbe med. På Mosjøen vgs. har for første gong jentene høgare fråvær enn gutane.

– Vi har sagt at vi skal ha stort fokus på meistring og meistringstru. Det trur vi er ein av grunnane til at vi har kome over snittet i Nordland.

Høgre: – Manglar nasjonalt register

Det var Høgre som i si tid innførte dei nye fråværsreglane.

Margret Hagerup i Høgre, medlem av Stortinget og Utdannings- og forskningskomiteen, meiner det reduserte fråværet er gledeleg.

– Då Høgre sat i regjering var vi opptekne av å auke fullføringa gjennom å auke lærarane sin status, ha fokus på tidleg innsats og sørge for at elevane er på skulen. Det gav tydelege resultat då, og det er flott å sjå at denne utviklinga held fram.

Samtidig vil ikkje partiet gi seg før fleire elevar fullfører, seier Hagerup.

– Fråværsgrensa har nesten vore det største medisinske mirakelet sidan innføringa av penicillin, og det har gitt eit tydeleg signal til elevar, foreldre og lærarar om at det å vere til stades er ein føresetnad for læring og fullføring.

Margret Hagerup

– Høgre tatt til orde for eit nasjonalt fråværsregister og at fleire kommunar og fylkeskommunar må etablere eit skulenærværsteam som er sett saman av ulike fagpersonar som kan følge opp elevane på ein heilt annan måte enn det vi gjer i dag. 

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Hagerup viser til at også Fafo har konkludert med at fråværsgrensa har vore ein suksess ut frå målsettinga om å auke elevane sitt nærvær.

Men det er også 12 prosent av unge i alderen 16-25 år som er utan og utanfor vidaregåande opplæring.

– Elevorganisasjonen meiner det viser at dei som slit mest fell meir ut med fråværsgrensa. Kva tenker de om det?

Det er alvorleg at så mange står utanfor vidaregåande opplæring. Vi meiner fråværsgrensa er eit viktig verktøy for å motverke dette, samtidig som det også har følgt med krav om oppfølging av fråvær frå skulen si side.

Hagerup påpeikar at det per no manglar eit nasjonalt register over fråværet i grunnskulen.

– Det gjer at vi ikkje kan sette inn målretta tiltak tidleg nok. Det er alvorleg, og no bør kunnskapsministeren kome på banen.

Publisert 30.08.2024, kl. 06.11 Oppdatert 30.08.2024, kl. 06.23

Read Entire Article