Alarm for Distrikts-Noreg: Éin av fire arbeidsplassar kan forsvinne

1 day ago 4



Telemarksforsking har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet sett på forholdet mellom behov og tilgjengeleg arbeidskraft fram mot 2050.

Rapporten omfattar alle kommunane i landet, og statsråden karakteriserer funna som «dramatiske».

Særleg slår «den demografiske klemmen» ut i dei minst sentrale delane av landet:

  • I dei 108 minst sentrale kommunane blir det 26 prosent færre sysselsette.
  • I 12 av desse kommunane vil arbeidsstokken halverast.

I sum teiknar rapporten eit bilde av ein negativ spiral:

Når etterkrigskulla går av med pensjon, må kommunane prioritere hardare. Dette svekkjer den «kommunale pakken» som skal gjere det attraktivt for unge par å etablere seg.

Resultatet er stadig fleire pleietrengande, og færre hender til å pleie dei.

  • SSB, Telemarksforskning

    Dette kartet viser SSB sine prognoser for befolkningsutvikling i Norge i perioden 2020-2040. Fargene viser grader av befolkningsendring hvor blå er sterk vekst og rød er sterk nedgang.

  • SSB, Telemarksforskning

    Dette kartet viser Telemarksforskning sine prognoser for befolkningsutvikling i Norge i perioden 2020-2040. Fargene viser grader av befolkningsendring hvor blå er sterk vekst og rød er sterk nedgang.

Overraska av kor sterk nedgangen blir

Det er ikkje overraskande at distrikta blir hardast ramma, men vi blei litt overraska av kor sterk nedgangen i sysselsettinga blir, seier Knut S. Vareide, som er ein av forfattarane av studien.

Vi så også at ein del kommunar har allereie i dag har problem med rekruttering, så dette er ikkje eit fjernt problem langt inn i framtida.

I Perspektivmeldinga frå 2024 legg regjeringa til grunn at ein høgare sysselsettingsdel skal sikre berekrafta i velferdsstaten.

Sidan har sysselsettingsdelen gått ned.

Det gjer at perspektivmeldinga verkar «altfor optimistisk», meiner Vareide.

Det går feil veg.

Knut Vareide, Telemarksforskning, den store folkevandringa

– Det er ikkje overraskande at distrikta blir hardast ramma, men vi blei litt overraska av kor sterk nedgangen i sysselsettinga blir, seier Knut S. Vareide.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Regjeringa: – Kommunesamanslåing kan vere ei løysing

Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran kallar rapporten eit argument for meir samarbeid på tvers av kommunegrensene – og fleire samanslåingar:

For nokon kan ei mogleg løysing vere kommunesamanslåing, men det må kommunane sjølv finne ut av. Staten skal stille med gode rammevilkår for både samanslåing og samarbeid, seier han.

Han legg til:

Vi må også redusere den statlege detaljstyringa, slik at kommunane har rammene dei treng for å finne nye løysingar på utfordringane dei står overfor.

Sjå fleire reaksjonar på rapporten under.

  • Forsker i Trondheim

    Morten Andersen / NRK

    Jostein Brobakk, Forskar i Norsk senter for bygdeforsking

    Rapporten dokumenterer at utfordringane ser ut til å bli større enn ein har antatt, og at distriktskommunane får den største utfordringa. Uansett reform eller tiltak, må resultatet vere at ein klarer å flytte arbeidskraft frå administrasjon og planlegging over til tenesteproduksjon – som er der mangelen på arbeidskraft verkeleg vil merkast. Enkelt i teorien, men utfordrande i praksis.

  • Mudassar Kapur i dress og slips

    William Jobling / NRK

    Mudassar Kapur (H), medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget

    Regjeringa har på inn og utpust vist til kommisjonen når dei blir utfordra på forenklingar. Men etter at rapporten kom har oppfølginga frå statsråden vore slapp. Greitt nok at han er på høyring, men kor blir det av regjeringa sitt eige initiativ? Det einaste dei har gjort så langt er å avlyse delar av oppfordringane til kommisjonen. Eg vil utfordre Skjæran: Er han for eller imot å endre lærenorma?

  • Bengt Fasteraune

    William Jobling / NRK

    Bengt Fasteraune, kommunalpolitisk talsperson for Senterpartiet

    Kommunane må få meir handlingsrom til å løyse oppgåver ut frå lokalt skjønn og kunnskap. Den statlege detaljstyringa har gått for langt. På same tid må det førast ein politikk som gjer det meir attraktivt for folk å busette seg i distrikta våre. Det er her naturressursane våre ligg. Dei treng vi folk til å forvalte. Da er det ei politisk oppgåve å auke attraktiviteten til distrikta.

  • Bjørnar Skjæran

    Margret Helland / NRK

    Bjørnar Skjæran, kommunal- og distriktsminister

    Vi har lenge snakka om at kommunane manglar arbeidskraft og at utfordringa blir større i åra som kjem. Rapporten frå Telemarksforskning viser at det vil bli store forskjellar på arbeidsmarknaden i store og små kommunar, og at utfordringane blir størst i dei aller minste. Det er også desse som får flest eldre og størst behov for eldreomsorg i åra framover.

Skjæran er taus som ein østers

Da Kommunekommisjonen tidlegare i år anbefalte å skrote lærarnorma, var undervisningsminister Kari Nessa Nordtun kategorisk på at det ikkje kom på tale.

Kommunalpolitisk talsperson for Høgre, Mudassar Kapur meiner at regjeringa manglar handlekraft og så langt ikkje har gjort stort anna enn å avvise oppfordringane til Kommunekommisjonen.

Skjæran er taus som ein østers om tiltaka kommisjonen har foreslått.

Kapur oppfordrar kommunalministeren til å avklare om han er einig med undervisningsministeren om å frede lærarnorma – eller om han er einig med Ap-ordførarane som etterlyser meir fleksibilitet og armslag.

Tidlegare i år sende fremja han eit forslag med 13 konkrete punkt for å «sette kommunane fri»:

Vi viser veg for mindre byråkrati. Nå må Arbeidarpartiet vise om dei vil sitte stille i båten eller vere med å ta ansvar.

En mann i dress står og snakker med en kvinne, som har på seg en lys genser. En annen kvinne, delvis synlig, lytter til samtalen. Bakgrunnen er en konferansesal med dempet belysning og en stor skjerm med lys. Bildeutsnittet fokuserer på de tre personene i interaksjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran kallar rapporten eit argument for meir samarbeid på tvers av kommunegrensene – og fleire samanslåingar:

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er i distrikta verdiane våre ligg

Bengt Fasteraune (Sp) understrekar at løysinga ikkje berre handlar om struktur, men om aktiv politikk for å forvalte naturressursane.

– Det er i distrikta verdiane våre ligg. Da må vi ha ein politikk som gjer det attraktivt å bu der, samtidig som kommunane får meir handlingsrom til å bruke lokalt skjønn, seier han.

På spørsmål om regjeringa vil leggje fram forslag før sommarferien, svarer departementet at dei «vil komme tilbake til» korleis oppmodingane frå Kommunekommisjonen skal følgjast opp. Høyringsfristen går ut 18. april.

KS-direktør Helge Eide ventar at regjeringa bevegar seg raskt så snart høyringsfristen er ute.

Vi legg til grunn at regjeringa følger opp dei føreslådde tiltaka til mindre statleg styringstrykk og meir lokal fleksibilitet, og er glade for at eit breitt fleirtal i Stortinget har stått saman om behovet for endring her.

Vi håpar på eit breitt fleirtal for konkrete endringar som kommunane merkar.

Publisert 11.03.2026, kl. 08.07

Read Entire Article