– I utgangspunktet betaler eg og dei andre hytteeigarane eigedomsskatten med glede, men no er den fastsett på feilaktig grunnlag, seier Tommy Johnsen, leiar av Skeikampen hytteforum.
Kvart år betaler han 8.600 kroner i eigedomsskatt for hytta si i Gausdal kommune.
Det er ein sum basert på ei ulovleg taksering frå kommunen meiner han og 399 andre hytteeigarar ved Skeikampen.
Dei får støtte frå Noregs Hytteforbund og Sivilombodet.
Tommy Johnsen har hatt familiehytte på Austlid i Gausdal sidan 2020.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKGruppesøksmål mot kommunen
Derfor har hytteeigarane gått saman om eit gruppesøksmål mot Gausdal kommune.
– Det er synd at vi har kome dit. Eg håpa vi kunne sleppe unna rettsapparatet i denne saka, men det er einaste utveg no. Saka er såpass prinsipielt viktig at vi ikkje har anna val.
Johnsen fortel at dei har prøvd å løyse saka i dialog med kommunen, men ikkje vorte samd.
– Kommunen har stått hardt på sitt, og da ender saka dessverre der den har hamna. Engasjementet i denne saka er stor.
Johnsen betaler eigedomsskatt til kommunen med glede, men ikkje når den er fastsett på det han og dei andre meiner er feil grunnlag.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKVedtok ny eigedomsskatt i 2019
Bakgrunnen for konflikten stammer frå 2019.
I utgangspunktet har alle kommunar i Noreg lov til å krevje inn eigedomsskatt. I Noreg har 325 av 357 kommunar eigedomsskatt, ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå.
Ordførar i Gausdal kommune, Anette Musdalslien.
Foto: Frida Skauvik Aune / NRKDen kommunale taksten for eigedomsskatten kan justerast kvart tiande år – så lenge det ikkje finst «særlege tilhøve».
Og det er her konflikten i Gausdal stammer frå.
– Da vi skulle fastsette ny takst i 2019 meiner vi at det var «særleg tilhøve». Da innførte vi også Skatteetatens skattegrunnlag for utskriving av eigedomsskatt for bustader. Det ville føre til urimelege store forskjellar dersom vi ikkje samtidig gjorde noko med dei kommunale takstane, seier ordførar i Gausdal kommune, Anette Musdalslien (Senterpartiet).
Endringar i loven
Utfordringa for Gausdal kommune er at dei innførte eigedomsskatt i 2008. Denne vart behandla på nytt til 2018 – som kommunane har rett til ifølge eigedomsskatteloven.
Så – frå 2020 vart det gjort endringar i eigedomsskatteloven som førte til at kommunane måtte redusere skattegrunnlaget for bustader og fritidseigedomar, samt at promillesatsen maksimalt skulle vere på 4.
Lovendringa fører til atskilleg færre kroner inn i kommunekassa for Gausdal kommune. Utfordringa for dei var at dei nettopp hadde retaksert.
Likevel – i 2019 går kommunestyret i Gausdal inn for fleire endringar for eigedomsskatten i kommunen. Dei går over til å bruke Skatteetatens formuesgrunnlag for verdsetting av bustader.
I tillegg skal dei gjennomføre ei ny taksering av andre eigedomar, inkludert fritidsbustader. Dei peiker på at ved førre takst vart den sat kunstig lågt og nytt takstregime vil vere i strid med likebehandlingsprinsippet.
Ulovleg, meiner 400 hytteeigarar, Noregs Hytteforbund og Sivilombodet.
Lovleg, meiner Gausdal kommune og KS-advokatar.
Ifølge hytteforumet auka taksten for fritidsbustader i 2020 frå 21.000 kroner til 36.000 kroner per kvadratmeter i kommunen.
400 hytteeigarar har gått til gruppesøksmål av Gausdal kommune.
Foto: Frida Skauvik Aune / NRKAdvokat: – Ganske spesielt
– Eg vil ikkje førehandsprosedere i media, men vi er ganske samd med det Sivilombodet meiner om det spørsmålet. Det er ganske spesielt at kommunen ikkje retter seg etter Sivilombodet, seier advokat Martin Oksenholt.
Advokaten representerer dei 400 hytteeigarane i søksmålet.
Dei klaga på kommunens vedtak til Sivilombodet som er utnemnt av Stortinget for å undersøke klager frå innbyggarar på den offentlege forvaltninga.
Sivilombod Hanne Harlem.
Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRKI juni 2023 sender Sivilombodet, signert av sivilombod Hanne Harlem, ei knusande uttale til Gausdal kommune.
Vedtaket kommunestyret i Gausdal gjorde i desember 2019 var ikkje rett.
Dei hadde ikkje «særlege høve» til å gjennomføre ei ny kommunal taksering, meiner Sivilombodet.
Sivilombodet: – Det er uvanleg
Så skjer det noko som er særs uvanleg.
Gausdal kommune nektar å følge Sivilombodets uttale fordi dei meiner dei hadde rett til å retaksere.
Kommunen refser også Sivilombodet for å blande seg inn i lokalt sjølvstyre og at dei har dårleg saksbehandling.
– Det er uvanleg. Vi kjem med omtrent 120 uttaler i løpet av eit år og det normale er at forvaltningsorgana følger dei vurderingane som vi gjer.
Det seier Hanne Harlem, sivilombod.
Rapporterer til Stortinget
I årsrapporten til Sivilombodet i 2024 var det berre Gausdal kommune som ikkje følgde Sivilombodets tilråding dette året.
– Vi har avslutta saka frå vår side. Men Stortinget merker seg jo det vi melder i årsrapporten.
Det går mot rettssak om eigedomsskatt i Gausdal.
Foto: Frida Skauvik Aune / NRKHarlem opplyser om at dei er godt kjent med kva kommunen argumenterer med og at dei har vore i kontakt med dei i fleire rundar.
– Det er vanskeleg for meg å skjønne at ikkje saksbehandlinga har vore god nok. At dette dreier seg om kommunalt sjølvstyre tenker eg er heilt feil. Dette er lovtolking og loven gjeld for kommunane. Punktum.
Ordførar: – Langt frå kvarandre
Ordførar i Gausdal kommune, Anette Musdalslien, ser fram til å få ei rettsleg avklaring på konflikten.
– Det er aldri hyggeleg å vere involvert i ein sak som når rettsapparatet, men samtidig så er det naturleg når det oppstår ein juridisk usemje. Det er på den måten vi får avklart dette på no.
Ordføraren ser fram til å få ei rettsleg avklaring.
Foto: Frida Skauvik Aune / NRKKommunen har prøvd å løyse det gjennom dialog.
– Men vi har konkludert med at vi står ganske langt frå kvarandre.
Kommunen får årleg inn omtrent 50 millionar kroner frå eigedomsskatten.
– Det betyr mykje for oss og er viktig for at vi skal klare å oppretthalde tilboda og tenestene vi har i kommunen.
Ser fram til rettssak
Også Johnsen ser fram til å få ei avklaring på ein sak som har vart i mange år.
Ifølge tal frå hytteeigarane betaler ein fritidsbustad i Gausdal i snitt 5.150 kroner for mykje i eigedomsskatt kvart år med den nye taskeringa.
– Det er synd at vi må ta saka til retten. I utgangspunktet ønsker vi jo at Gausdal kommune skal ha ein robust økonomi. Det er til fellesskapets beste, men dette er så prinsipielt viktig at vi ikkje har noko anna val, seier Johnsen.
No håper han at retten tek stilling til spørsmålet og avgjer saka.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKDersom dei vinn fram i retten vil den enkelte hytteeigar ha eit refusjonskrav på 36 000 kroner fram mot 2027, meiner dei.
For kommunen sin del vil det bety ei ekstra rekning på omtrent 14,4 millionar kroner.
Hei!
Takk for at du las artikkelen. Har du tankar om artikkelen eller andre tips kan du gjerne sende meg ein epost.
Publisert 17.10.2025, kl. 10.58