15 vekers venting: gifta seg og fekk barn i søknadskø

5 days ago 25



– Vi gifta oss, ordna testamente og fekk barn mens vi venta på svar på søknaden vår. Det seier litt om kor lang tid det tok.

Jonas Kvelstad frå Verdalsøra i Trøndelag er frustrert.

I januar sende han og ektefellen inn ein søknad for å frådele ein eldre dobbeltgarasje som var eigd saman med naboen.

Målet er å rive og bygge ny garasje.

Prisane steig

Først 28. april, etter over 15 vekers ventetid, fekk dei endeleg svar.

Da hadde NRK kontakta kommunen om saka.

– Forseinkinga har gjort at byggekostnadene har auka med opp mot 10 prosent og rentene har også stige, seier 28-åringen.

I saka har kommunen brote den lovpålagde 12-vekersfristen med over tre veker.

Nygift par under parasoll med roser og pynt, han har dress hun hvit kjole.

Jonas og Anniken Kvelstad rakk å gifte seg og få barn mens dei venta på svar frå kommunen.

Foto: Privat / Privat

Kvelstad har i perioden sendt fleire skriftlege purringar og ringt saksbehandlaren ei rekke gonger.

– Garasjeprosjektet har blitt meir og meir krevjande. Vi blir stadig meir usikre på om det blir noko ny garasje, fortel Kveldstad oppgitt.

Verdal kommune, som har handtert saka, meiner det er snakk om ein beklageleg feil.

– Ventetida i den aktuelle enkeltsaka kjem av rutinesvikt. Det er på ingen måte normalt at saksbehandlingstida for ei delingssak går over 12 vekersfristen hos oss.

Det seier verksemdsleiar for byggesaker, Gunhild Kvistad.

Lang behandlingstid

Kvelstad er ikkje aleine om å oppleve lang ventetid.

I fjor blei det behandla over 55 000 søknader knytte til frådeling og byggesaker i norske kommunar.

I over 12 prosent av byggesakene var lova broten på grunn av for lang behandlingstid.

Det same gjaldt i over 8 prosent av saker med frådeling.

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå, SSB

Forskar på løysing

Nå håpar forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) at kunstig intelligens (KI) kan bli redninga for både frustrerte søkarar og travle saksbehandlarar.

– Draumen er at arbeidet skal gå mykje raskare. Folk kan få svar på søknaden sin mykje fortare enn i dag, seier Morten Goodwin.

Morten Goodwin er professor i kunstig intelligens ved Universitetet i Agder.

Morten Goodwin er éin av dei fremste ekspertane i landet på KI. Nå vil han ha ned søknadsbunken i kommunane.

Foto: Victoria Marie Nordahl

Han er professor i kunstig intelligens ved UiA.

Saman med Kristiansand kommune skal dei utvikle heilt nye KI-løysingar for offentleg sektor.

Professoren meiner teknologien har ein enorm kapasitet til å gå gjennom store datamengder frå lovverk, kart og dokument.

– Det er ingen som driv med denne typen kunstig intelligens i offentleg sektor i dag. Vi trur dette vil gi ei meir rettferdig saksbehandling, understrekar han.

Vil stoppe KI-løgnar

I dag sit saksbehandlarar manuelt med enorme mengder tekst og teikningar.

Dette tar tid, og faren for menneskelege feil er alltid til stades.

Sébastian Thune er KI-rådgivar i Kristiansand kommune.

I eit fireårig Phd-prosjekt skal han skal forske på korleis teknologien kan fungere som ein digital assistent.

– Det er ikkje mogleg for saksbehandlarar å gå manuelt gjennom millionar av dokument på ein god måte, seier han.

Thune trur KI kan gjere dette arbeidet både raskare og sikrare.

Mann med sort hår, sorte briller og hvit skjorte foran grønn hekk og norsk flagg

KI-rådgivar Sébastian Thune vil sikre at ikkje KI-assistentane finn på ting i behandlinga av byggesaker.

Foto: Privat / Privat

Samtidig er forskarane klare på at maskina ikkje skal få bestemme alt sjølv.

– Dersom det er noko vi absolutt ikkje ønsker i offentleg saksbehandling, så er det at KI finn på lover og reglar som ikkje finst, seier Goodwin.

For å sikre rettstryggleiken må maskina derfor «bevise» kor ho hentar informasjonen frå.

Saksbehandlaren skal alltid verifisere forslaga frå den kunstige intelligensen.

Tror du KI-teknologi kan få ned byggekøene i kommunene?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Høgt sjukefråvær og svært låg bemanning.

Tilbake til Verdalsøra og det forseinka garasjeprosjektet.

Verksemdsleiar for byggesak i Verdal kommune, Gunhild Kvistad, opplyser at kommunen normalt held seg innanfor fristane i byggesaker.

– Men noko lengre ventetid dei siste to åra kan forklarast med høgt sjukefråvær og svært låg bemanning, fortel ho.

Dronebilde av enebolig med garasje

Jonas Kvelstad sin bustad med garasjen han ønsker frådele, rive og bygge ny.

Foto: Privat / Privat

Kvistad seier kommunen er svært open for bruk av KI-teknologi framover.

– Det kan utvilsamt få ned behandlingstida ytterlegare i slike saker. Vi jobbar jo kontinuerleg med å forbetre rutinane.

Ho er også open for samarbeid med andre kommunar på KI-feltet.

– Må skje endringar

Sjølv er garasjeeigar og familiemannen Jonas Kvelstad klar på at det må skje endringar.

Det tok meir enn tre og ein halv månad å få frådelt garasjen. Så følger søknad om løyve til å rive og bygge ny.

– Med alt dette kan det fort ha gått eit halvt år før vi kan starte bygginga, sukkar han.

Kveldstad har sjølv erfaring med KI.

Han har stor tru på at dette kunne gitt raskare service enn ein saksbehandlar aleine.

– Med dagens teknologi burde slike enkle saker gå mykje fortare. No bremsar den lange ventetida heilt vanlege planar for folk, seier 28-åringen.

Sjølv om forskingsprosjektet startar i sør, er målet at teknologien skal takast i bruk over heile landet, fortel Morten Goodwin.

Publisert 06.05.2026, kl. 05.54

Read Entire Article