14 millionar på flukt: Sudan er blitt alle krisers mor

2 weeks ago 16



Aisha Ismail Wazir har kokt opp te, og serverer meg litt av restane frå gårsdagens brødbaking. Nesten alle pengane hennar kjem frå at ho sel det velsmakande brødet.

Som sudansk flyktning i Tsjad har ho ingen åker, og få jobbmoglegheiter i Tsjad. Ho er jo eigentleg berre i Tsjad på lånt tid, fram til freden kjem til heimlandet hennar, Sudan.

Men no har det gått 20 år sidan Aisha flykta frå Darfur, vest i Sudan, og over grensa til Tsjad. Den gong var det også omfattande vald i Darfur, slik det også er no.

Krigens brutalitet

14 millionar menneske. Nesten tre gonger så mange som det bur i Noreg, er no på flukt frå sin heim i Sudan. Nabolanda tek det meste av støyten, hjelpekapasiteten er sprengd.

Det enorme talet på flyktningar er heilt ferskt og sjokkerande høgt.

Sivile er ofte mål for angrepa i krigen som pågår. Ingen blir verkeleg stilt til ansvar for det som skjer.

Sudans folk består av både arabiske og afrikanske folkegrupper. I årevis har det vore konflikt på tvers av desse gruppene. Og denne motsetnaden er ekstra tydeleg i Darfur.

No er den mektige RSF-militsen i krig med Sudans hær. Krigen handlar om makta i Sudan, og for RSF er det ekstra viktig å ha kontroll i heile Darfur, som dei ser på som sine heimeområde.

Men det lever mange andre i Darfur som ikkje vil at det skal skje. Masalit, fur og zaghawa er etniske grupper med folk som har afrikansk utsjånad. Dei har erfart at «arabarane», som dei kallar RSF-soldatane, kan vere brutale mot alle med mørkare hud.

Og soldatane veit at dei mest sannsynleg slepp unna med det dei driv på med.

Valdtekter, rasering av landsbyar og kaldblodige drap av menneske.

Videoane som sirkulerer på nettet er brutale, og også videoane vanskelege å verifisere. Men dei liknar urovekkande mykje på historiene som flyktningane fortel.

Langt under budsjett

Då eg møtte Aisha var ho oppgitt. Ho bur i ein av dei «gamle» flyktningleirane der alle har fått kutta pengestøtta frå FN, som dei var ganske avhengige.

Aisha Ismail Wazir er leiar for ei gruppe kvinner i den eldste flyktningleiren på grensa mellom Tsjad og Darfur.

Aisha Ismail Wazir leiar ei kvinnegruppe i den eldste flyktningleiren ved grensa mellom Sudan og Tsjad.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

No ser dei ein ny generasjon med flyktningar komme strøymande ut av Sudan.

Dei kjempar alle om den same naudhjelpa. Men FNs budsjett for naudhjelp til sudanske flyktningar i Tsjad har berre 15 prosent dekning. For heile Sudan-krisa er for tida 54 prosent av årets budsjett dekka.

Det er FN og verdssamfunnet dei må gå til for hjelp no som dei har flykta frå alt dei eigde. I Sudan er det ingen som bryr seg, og Tsjad har meir enn nok med å takle påtrykket av flyktningar.

Men når hjelpebudsjettet knapt har dekning, så må det prioriterast knallhardt.

Kvifor er det så få som bryr seg om det som skjer her, spør Aisha.

Ho stiller spørsmålet fordi me snakkar om pengane som manglar i budsjetta.

Eg blir sittande å gje Aisha ei lang utgreiing med moglege forklaringar. Eg nemner fokuset på Gaza og Ukraina, høgare matvareprisar, dårlege valutakursar og ei politisk dreiing i fleire europeiske land som i sum gjev store utslag i budsjetta.

Men alle mine forsøk på å forklare klinger litt hult. Dei gigantiske tala på flyktningar talar for seg sjølv. Dei tala er grunn god nok til at hjelpa hadde vore større.

Eg kjenner at eg eigentleg burde snakke om elefanten i rommet: Kanskje me bryr oss mindre om folk frå Sudan?

Men det tør eg aldri seie høgt framfor Aisha.

(Saka held fram etter podkastlenka)

Aldri igjen?

Talet på sudanske flyktningar har auka månad for månad sidan krigen mellom Sudans hær og RSF-militsen starta i april i fjor.

Denne veka gjekk verdas IOM (International Organization for Migration) ut med nye tal på sudanarar på flukt. Og det er altså snakk om 14 millionar menneske på flukt.

Eit par gutar leikar med ein øydelagd bil, rett ved grensa mellom Tsjad og Sudan.

Leik er viktig. Eit par gutar har funne underhaldning i ein øydelagd bil, rett ved grensa mellom Tsjad og Sudan.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Og det stansar ikkje der, for krigen herjar framleis for fullt.

«Aldri igjen» har vore eit mantra i verdssamfunnet, men på berre 18 månader har krisa i Sudan vekse seg inn i historiebøkene som ei av dei aller verste krisene nokosinne.

Nok ei gong blir FNs Tryggingsråd statist i møte med ein brutal krig. Det er gjort forsøk på fredsmeklingar, det er vedteke resolusjonar som fordømmer angrep på sivile, men til sjuande og sist har det vist seg at få har makt til å stanse katastrofen i Sudan.

Og det er grunnar til det. På grensa mellom Tsjad og Sudan vart eg vitne til eit sentralt problem.

For samtidig som tusenvis av flyktningar strøyma over grensa frå Sudan til Tsjad, så rulla det mange hundre eselkjerrer i motsett retning – inn i Sudan.

Kjerrene var fullasta med oljefat.

– Det er forsyningar av drivstoff til RSF, kviskra nokon lågt til meg.

Eg trudde knapt det kunne vere sant.

Her flyktar desperate folk i hopetal ut av Sudan. Og berre to meter unna rullar det inn dyrebar drivstoff til militsen som dei flyktar frå.

RSF-militsen er ein gjengangar i ei lang rekke rapportar som fortel om angrep på sivile, valdtekt som våpen og etnisk utreinsking.

Sudan-krigen handlar om meir enn Sudan

Men likevel får altså ei slik brutal gruppe støtte?

Ja, for krigen i Sudan er ein kamp om makt, pengar og Sudans store rikdom. I tillegg er landet veldig strategisk plassert langs Rødehavet, og i krysspunktet mellom Midtausten og Afrika.

Med andre ord kan alle som er på lag med sigersherrene nyte godt av det i framtida. Det er heller inga hemmelegheit at det er pengar å tene på å selje våpen til krigande partar.

Sudan-krigen har blitt ein regional konflikt, der partane har mange støttespelarar. Samtidig er det få av verdas stormakter som prioriterer å løyse Sudan-krigen når andre krigar tek vel så mykje merksemd og ressursar.

Flyktningtelt i hopetal lengst aust i Tsjad.

Det er enorme mengder med flyktningtelt lengst aust i Tsjad, rett ved Darfur.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Dei aller viktigaste sudanarane, sivilbefolkninga, får langt mindre plass enn dei væpna gruppene, og er sett på sidelinja.

RSF har støttespelarar i Tsjad som fraktar inn forsyningar, men kanskje endå viktigare er støtta dei får frå Dei sameinte arabiske emirata.

Emiratane nektar for at dei gjev slik støtte. Men blant diplomatar og ekspertar er dei fleste overtyda om at gull og pengar frå Sudan finn vegen til Dubai, samtidig som våpen blir frakta motsett veg.

På motsett side i Sudan-krigen står Emiratane sin rival, Saudi-Arabia. Dei støtter Sudans hær. Det gjer også Egypt.

Det er ikkje nødvendigvis til hjelp at fleire av dei same landa er sentrale i forsøka på fredsforhandling. Tilliten mellom partane er for låg til at reelle forhandlingar kjem i gang.

Er alt håp ute? Nei.

For få år sidan levde optimismen i Sudan. Eit stort folkeleg opprør hadde ført til ein demokratiseringsprosess.

Men ein del av prosessen var at hæren og RSF-militsen skulle få til eit samarbeid. Det klarte dei ikkje, og kasta heller landet ut i ei dei verste krigane i nyare verdshistorie.

No er det sivile Sudan spreidde for alle vindar, og så lenge krigen herjar har dei lite å stille opp med. Men Sudans folk er mange og mektige, og mange av dei har ikkje gitt opp draumen om demokrati.

I dagane før årets nobelpris skulle annonserast, fekk dei sudanske kvardagsheltane velfortent merksemd. Grupper av frivillige som kvar dag risikerer livet for å hjelpe sine landsmenn vart nemnt som favorittar til å vinne verdas mest kjente pris.

No gjekk ikkje årets nobelpris til Sudans mange sivile, men kanskje har fleire no fått med seg kva krefter som faktisk sit med nøkkelen til Sudans langvarige løysingar.

Den dagen krigen er slutt vil folk vende heim att. Om sivilsamfunnet i Sudan har fått den støtta dei treng, og det internasjonale verdssamfunnet har meldt seg på igjen, så kan ein kanskje dra fram igjen det velkjente mantraet: «Aldri igjen».

Publisert 02.11.2024, kl. 16.41

Read Entire Article