Tysdag ettermiddag var USAs utsending til Ukraina, Steve Witkoff, på plass i Moskva for nye samtaler med president Vladimir Putin.
Med seg til Russland har han Jared Kushner, kollega frå Gaza-forhandlingane og svigerson til Donald Trump.
Ifølge Karsten Friis, forskar ved NUPI, er det ikkje tilfeldig at dei no kjem to.
– Trump-administrasjonen ser kanskje at Witkoff har vore litt åleine og utan noko apparat rundt seg, seier Friis.
Nupi-forskar kritiserer Witkoff si rolle
Møtet kjem etter at USA har lagt fram ein revidert fredsplan for Ukraina.
Den fyrste blei kritisert for å vere for Russland-vennleg.
No er planen korta ned og har meir vekt på tryggleiksgarantiar for Ukraina, og færre ettergivingar til Moskva.
Tysdagens besøk til den russiske hovudstaden er Witkoffs sjette sidan januar, ifølge The New York Times.
Trass i forsøk på ei revidering, er Friis svært kritisk til Witkoff si rolle og erfaring.
– Han har ingen diplomatisk erfaring og kan lite om Russland. Når han kjem tilbake og snakkar om konflikten, er han stort sett på linje med det Russland meiner, seier Friis.
Karsten Friis, forskar ved NUPI.
Foto: A7III-ENG5Han utdjupar:
– Han let seg påverke av deira framstilling. Det er trist og tragisk, for mykje av det han formidlar vidare er direkte feil.
Friis meiner dette har skapt problem for både USA og Europa.
– Det gjer at amerikansk diplomati kjem skeivt ut, og no må Europa drive panikkdiplomati for å få toget inn på riktig spor igjen.
Witkoff er ein eigedomsinvestor utan diplomatisk bakgrunn, ifølge The New York Times.
Russland med fleire krav
Russland krev at Ukraina:
- Gir frå seg okkuperte område og delar av Donbas som dei enno kontrollerer
- Gir opp Nato-ambisjonane
- Aksepterer restriksjonar på militær styrke
Særleg dei territorielle krava, ser Friis som dei mest alvorlege.
– Gjev du frå seg desse områda, blir det mykje lettare for Russland å angripe vidare vestover.
Friis meiner Ukraina står i ein langt meir pressa situasjon enn før, både militært, økonomisk og politisk.
Den russiske presidenten Vladimir Putin har fleire krav til landet han invaderte i 2022.
Foto: Alexander Kazakov / AP / NTBDet viktigaste for landet no, meiner han, er klare sikkerheitsgarantiar.
– Ukrainarane forstår at dei ikkje klarer å gjenerobre heile landet. Dei må finne ein måte å leve med dei okkuperte områda på, utan å måtte anerkjenne dei formelt. Det viktigaste er tryggleik, slik at landet kan fungere igjen.
Forskaren trur USA pressar Ukraina til å vurdere å gi frå seg meir område enn Russland faktisk kontrollerer i dag.
– Det vil vere ekstremt smertefullt for Ukraina.
Tysdag hevdar Russland at dei har tatt Pokrovsk, ein by som har vore under angrep i over eitt år.
Friis meiner Russland no overdriv framgangen for å styrke si forhandlingsstilling.
– Dei vil framstå som om dei held på å vinne.
Kartet viser område i aust-Ukraina som er påverka av krigen, inkludert Donbas-regionen. Donbas omfattar Donetsk og Luhansk
Ukrainsk forskar: – Putin vil ha pause, ikkje fred
– Ukrainarar ønskjer ei varig og rettferdig fred, men få trur dei pågåande samtalane vil gi resultat.
Det seier Oleksandra Deineko, forskar ved Oslo Met og Institutt for forsvarsstudier (IFS).
– Vi har et stort håp, men ganske liten tru på at det kjem noko ut av desse forhandlingane, seier ho.
Deineko meiner tre avgjerande spørsmål manglar i forhandlingane: territorium, tryggleik og rettferd.
– Det er dei ukrainske premissane som må inn i ei avtale, og vi ser ikkje tydelege svar på det no.
Oleksandra Deineko, forskar ved Oslo Met og Institutt for forsvarsstudier (IFS).
Foto: OsloMetÅtvarar mot naivitet
Forskaren flykta frå Kharkiv, men fortel at ho framleis underviser studentane sine i digitalt.
Deineko åtvarar mot å undervurdere Russlands langsiktige mål.
– Putins mål er å få politisk kontroll, og han kjem ikkje til å stoppe før han meiner han kan få det.
Ho legg til:
– Putin vil ha ein pause, ikkje fred. Ein pause vil gi han tid til å lette sanksjonspresset, styrke økonomien og ruste opp hæren. Då kan han starte ein ny krig om eitt eller to år.
Det som uroar henne mest, er at USA svikar Ukraina.
– Det som bekymrar meg mest, er at USA sviktar oss, og at Ukraina ikkje klarer å få ein varig fred.
Ho meiner europeiske land no forstår meir av trusselen frå Russland, men ho ønsker også større vekt på det ukrainarar sjølv meiner er viktig.
– Det gir håp. Men eg skulle ønskje meir fokus på dei ukrainske premissane.
Ho åtvarar òg mot naivitet, og understrekar at tryggleiksgarantiar er heilt avgjerande.
– Utan sterke garantiar blir Ukraina veldig sårbart dersom Russland startar ein ny krig.
Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen si podkast:
Publisert 02.12.2025, kl. 22.49












English (US)