– Hei, eg er Mike White, skaparen av «White Lotus».
Slik startar den personlege videohelsinga frå Mike White til NRK.
– Vær så snill å sjå på siste sesong av «White Lotus». Den er ikkje innspelt i Noreg, men kanskje den blir det ein dag, fortset han i videoen.
Det er programleiar Synnøve Svabø som har fått han i tale i forbindelse med radioprogrammet «Kvelden med Synnøve».
Her intervjuar ho celebritetar innafor musikk, teater, kunst, film og TV.
Det har gått rykte om at neste seong av «White Lotus» skulle spelast inn i Noreg, men produksjonsselskapet takka nei fordi støtta ikkje var god nok.
Regissøren av «White Lotus», Mike White, kjem med ei personleg helsing til Noreg
Sjå Mike White forsøke å snakke norsk nedst i saka.
Hjelp av ein nordmann
Mike White har lenge vore ein bauta i den amerikanske film- og TV-bransjen, og står bak titlar som «School of Rock», «Chuck and Berry» og «Enlightened».
Takka vere «White Lotus», som han har skrive og regissert, er han for tida ein av verdas mest populære regissørar.
Den tredje sesongen, som nyleg hadde norsk premiere, vart spelt inn i Thailand.
Men det mange ikkje veit er at bak suksessen til Mike White finst det ein nordmann.
Han heiter Hallvar Sigmundstad, og er personleg trenar med base i Hollywood.
– Eg er for augeblikket i Thailand, saman med Hallvar, som heldt meg i live gjennom det som var ei svært vanskeleg innspeling. Det var veldig varmt i Thailand, og eg trengde å vere i tipp topp form, fortel White.
Hallvar Sigmundstad og Mike White har vorte gode venar. Her frå premieren i Bangkok i Thailand.
Foto: PrivatPå premierefest saman
Norske Hallvar Sigmundstad har vorte ein av dei hottaste namna blant kjendisar i Hollywood.
På ein hemmeleg adresse i Santa Monica i Los Angeles trenar han nokre av verdas mest berømte personar. Deriblant «White Lotus»-regissøren.
Da han vart spurt om å vere med under innspelinga var det ikkje vanskeleg å seie ja:
– Eg kjente jo Mike frå før, og eg synest jo Mike er ein fantastisk person å snakke med, understrekar Sigmundstad.
Da Mike White var på premierefesten for White Lotus i Thailand førre veke, var så klart også Hallvar Sigmundstad med.
– Det var ein ganske wow-følelse å vere til stades på premierefesten. Det var veldig gøy, fortel Sigmundstad i radioprogrammet «Kvelden med Synnøve» torsdag kl. 22.
Hallvar Sigmundstad i Bangkok i forbindelse med premierefesten til sesong tre av «White Lotus».
Mike White var avhengig av å ha norske Hallvar Sigmundstad på sett under innspellinga av «White Lotus». Her frå premierefesten.
Sarah Catherine Hook på premierefesten til «White Lotus».
Lalisa Manobal på premierefesten til «White Lotus».
Patrick Schhwarznegger på premierefesten til «White Lotus».
VIP-liste
Det var etter andre sesong av «White Lotus» at Mike White kjente at forma var på botn. Tolv timar jobb om dagen i fleire månader i strekk hadde tæra på kroppen.
Han trengde nokon som kunne byggje han opp og halde han i gang under den lange innspelinga i Thailand.
White, som kunne velje og vrake mellom kven som helst, valde nordmannen. Sigmundstad vart sett på HBOs VIP-liste.
I praksis betydde det at han var den nest viktige VIP-en, etter regissøren.
Hallvar Sigmundstad i Thailand.
Foto: privat– Eg fekk lov til å bestemme ganske mykje. Treningsform, kosthald, søvn. Planen var å finne ut korleis vi kunne klare å gå ut og prestere maks kvar einaste dag, forklarer Sigmundstad.
– Han er jo på sett i altfor mange timar, altfor mange dagar i altfor lang tid, eigentleg. Det er tøft å vere regissør på eit så stort show, reflekterer Sigmundstad.
Norske aner
Mike White, er ifølgje Sigmundstad, veldig opptatt av opphavet sitt. Gjennom ein test på Ancestry kom det fram at den anerkjente regissøren hadde både svenske og norske aner.
At White er stolt av de norske anane sine, kjem også fram i videohelsinga:
– Ein annan grunn til at de bør sjå «White Lotus» er fordi eg er praktisk talt norsk. Eg er frå Fagernes. Familien min er frå ein gard, rett i nærleiken av Aurdal, seier White.
Serieskaparen av White Lotus, Mike White, prøver å snakke norsk
– Så støtt ein av dykkar eigne, avsluttar han og smiler.
Du kan høyre meir om livet til Hallvar Sigmundstad og jobben som kjendis-PT i radioprogrammet «Kvelden med Synnøve» på torsdag.
Publisert 26.02.2025, kl. 17.03