28-åringen som representerer Dimna IL på Sunnmøre har så langt ingen planar om innandørsløp i 2025.
Det opplyser mor og manager Kristine Haddal til NTB.
– Det er lite planar som ligg føre så langt for 2025-sesongen. Det blir truleg ingen løp innandørs. Karsten vil ha fullt fokus på utandørssesongen. Foreløpig ligg Bislett og VM i Tokyo i planen, men fleire stemne vil bli lagt til etter kvart, skriv Haddal i ei melding.
Mor og manager Kristine Haddal seier at Karsten Warholm skal ha fullt fokus på utandørssesongen i 2025.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKVM i Tokyo
Dermed droppar truleg Warholm EM og VM innandørs.
Innandørs-EM går av stabelen i nederlandske Apeldoorn frå 6. til 9. mars. To veker seinare er det VM innandørs i Nanjing i Kina.
400 meter hekk står likevel ikkje på programmet i internasjonale innandørsmeisterskapar. I staden blir distansen sprunge utan hekkar. Warholm deltok i mars i innandørs-VM i Glasgow, der han tok sølv.
I 2021 sette Warholm verdsrekord på 400 meter hekk.
Foto: ANDREW BOYERS / ReutersSunnmøringen har i ei årrekke vore éin av friidrettens aller største stjerner. I sommar måtte han likevel sjå seg slått av amerikanske Rai Benjamin på 400 meter hekk i Paris-OL.
Tidlegare i år tok Dimna-løparen eit klart EM-gull i Roma, mens det blei sølv på 400 meter flatt i innandørs-VM i Glasgow.
Neste år er det friidretts-VM i Tokyo, der Warholm i 2021 sette verdsrekord og tok OL-gull på 400 meter hekk med tida 45,94.
Lårskade skapte trøbbel
Ein lårskade tvinga Warholm til å avslutte 2024-sesongen før Diamond League-finalen i Brussel.
Dette skjedde etter at han stilte opp i ein superduell der han sprang 100 meter mot Armand Duplantis.
Det var etter løpet mot Duplantis at Warholm fekk ein skade i låret.
Foto: FABRICE COFFRINI / AFPI slutten av november opplyste Haddal til NTB at hekkeløparen så smått hadde begynt med sprinttrening igjen.
Ho la samtidig til at skaden til friidrettsstjerna hadde blitt betre raskare enn det dei hadde sett for seg.
– Ferske MR-bilde viser ingen spor av skaden lenger, sa Haddal til NTB den gong.
Publisert 17.12.2024, kl. 07.19 Oppdatert 17.12.2024, kl. 07.39