– Eg orkar nesten ikkje å tenke på det. Eg trur ikkje eg kjem til å vere i Trondheim. Det er fælt å gå glipp av folkefesten, og eg vil jo gjerne vere der og støtte lagvenninnene mine. Men eg veit ikkje, seier Tiril Udnes Weng.
For 28-åringen har tatt innover seg ei brutal sanning. VM-draumen hennar er knust.
– Eg hadde håpa å rekke NM for å kunne kvalifisere meg til VM. Men nå har eg vore sjuk i fire veker og er framleis sjuk. Eg hadde ikkje hatt sjanse til å komme i form til VM uansett, seier ho.
Det er ei høyrbar nedbroten Tiril Udnes Weng som snakkar med NRK på telefonen måndag.
NEDTUR: Tiril Udnes Weng speidar drøymande mot VM-løypa i Granåsen frå leilegheita ho kjøpte saman med tvillingsøster Lotta (bak). Nå er VM-draumen knust.
Foto: Terje Haugnes / NRKFlytta til Trondheim
Eit knapt døgn tidlegare avslørte landslagstrenar Sjur Ole Svarstad overfor NRK at hennar veg til VM var i ferd med å bli umogleg.
– Ho har vore sjuk i ein månads tid og er ikkje i nærleiken av å vere frisk ennå. Så ho har ikkje noka realistisk moglegheit for å gå NM. Den heng i ein syltynn tråd for Tiril med tanke på VM, sa han.
Hovudpersonen innser at tråden allereie roken.
– Det er kjedeleg at eg ikkje eingong kan kvalifisere meg, seier Weng.
Tiril Udnes Weng fekk det store gjennombrotet sitt for to år sidan, da ho vann verdscupen samanlagt. Same sesong blei ho verdsmeister i stafett for andre gong, da dei norske kvinnene sensasjonelt slo Sverige i Planica.
PÅ TOPPEN: For snaue to år sidan fekk Tiril Udnes Weng kula som eit symbol på at ho vann verdscupen samanlagt.
Foto: Kalle Parkkinen / BILDBYRÅNEtterpå kjøpte ho og tvillingsøster Lotta Udnes Weng leilegheit rett ved VM-løypene i Granåsen, for å vere best mogleg førebudd til VM på heimebane i månadsskiftet februar/mars.
– Tar lang tid
Men utviklinga har ikkje blitt som Tiril Udnes Weng hadde håpa. Ho har slite mykje med sjukdom, og nå har ho kyssesjuka.
Det er tre veker sidan ho fekk diagnosen.
– Eg har fått høyre at det tar lang tid. Dei tør vel ikkje si kor lang tid det tar, men eg har googla, seier ho.
– Korleis påverkar det motivasjonen?
– Eg prøver å sjå framover. Eg er gira på å gå fort igjen. Det meste kjem til å handle om OL for meg framover nå, seier ho.
SJOKKERTE: Ingvild Flugstad Østberg, Anne Kjersti Kalvå, Astrid Øyre Slind og Tiril Udnes Weng tok VM-gull i stafett i Planica. Berre to av dei kan vere aktuelle for VM-stafetten i Trondheim.
Foto: Heiko Junge / NTBGull-laget slit
Tiril Udnes Weng er elles ikkje den einaste frå gullaget i Planica som slit. Mykje tyder på at Astrid Øyre Slind er den einaste frå Planica-laget som også går stafett for Noreg i VM.
Ingvild Flugstad Østberg har ikkje innfridd krava til helseattest, og har ikkje konkurrert i vinter.
Anne Kjersti Kalvå har slite med dårleg form og sjukdom, og må vise heilt andre taktar i NM for å kvalifisere seg for VM-troppen.
– Kalvå har vore i god trening nå. Ho har fått gått lite renn, det er sjølvsagt minuset, men ho har fått trena godt og kjenner seg betre. Så NM blir veldig spennande for henne, seier Sjur Ole Svarstad.
Sjakkprofil må ta baklengs militærstup: – Du kødder?! 02:44
Publisert 06.01.2025, kl. 14.50 Oppdatert 06.01.2025, kl. 15.04