Vil ta frå kommunane makta over eigen matjord

3 hours ago 5


– Det er trist. Dette skjer i mange kommunar, at utbyggjarane får det som dei vil, seier MDG-politikar Une Bastholm.

Ho ser utover Gimsøya i Melhus kommune. Det 130 kvadratkilometer store området blir i dag brukt som matjord.

Etter fleire år med saksgang bestemte kommunal- og distriktsministeren seg for ikkje å gripe inn og lar kommunen bygge 450 bustadar på staden.

Ifølge Adresseavisen ønsker Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet no omkamp om bustadbygginga.

– Å ta vare på matjord og matsikkerheita har alltid vore viktig, seier Bastholm.

– Men no er det viktigare enn på mange tiår. På grunn av ei uroleg verd må vi sørge for at vår befolkning har tilgang på mat.

Før påska la MDG fram eit forslag for Stortinget om å innføre nasjonalt vern av all matjord i Noreg.

Vil hindre krysspress

– Utbygginga her i Melhus er eit eksempel på presset lokalpolitikarar blir utsett for, seier Bastholm.

Ho viser også til nabokommunen Trondheim, der private utbyggjarar har saksøkt kommunen etter at byrådet endra reguleringa av området Overvik frå bustadbygging tilbake til matjord.

– På den eine sida skal dei ta vare på matsikkerheita for landet, og på den andre sida har du utbyggjarar og kanskje også lokalbefolkninga som ønsker å utvikle området, seier Bastholm.

Dersom MDG får det som dei vil, vil det ikkje vere opp til den enkelte kommune å avgjere om det blir bygd på matjord eller ikkje.

Krysspresset dei står i no vil forsvinne.

Gimsøya i Melhus

Foto: Henning Levold / NRK

Regjeringa si jordvernstrategi har som mål at ikkje meir enn 2000 dekar dyrka jord året skal bli omdisponert kvart år. Målet skal nåast innan 2030.

Førebels tal for 2024 viser at 2651 dekar matjord blei omdisponert. Det er det lågaste talet på over femti år.

– Folk flyttar ikkje hit for å bu i blokk

Ordførar i Melhus, Einar Gimse-Syrstad (Ap), fortel at han som kommunepolitikar kan kjenne seg igjen krysspresset Bastholm peiker på.

– Det er eit godt poeng det. Vi kjenner på det heile tida, det krysspresset som ofte kjem frå nasjonalt hald og statlege myndigheiter som kjem med pålegg og ulike ønske.

Ifølge tal frå SSB var Melhus den kommunen som omdisponerte mest dyrka jord til andre formål i 2024.

Ordfører i Melhus Einar Gimse-Syrstad

Gimse-Systad seier utbygginga på Gimsøya truleg ikkje ville ha blitt vedtatt dersom planprosessen hadde blitt starta i dag.

Foto: Henning Levold / NRK

Gimse-Syrstad peiker på at Melhus har nasjonal infrastruktur som både E6 og jernbane som krev areal.

I tillegg er det andre omsyn å ta når kommunen skal avgjere kva areal som skal brukast til kva.

– Begynner ein å byggje for langt unna sentrum blir Miljøpakken irritert, for dei ønsker utbygging med nærleik til kollektivknutepunkt.

Dersom ein heller fortettar og byggjer i høgda er det innbyggjarane som blir misfornøgd, seier ordføraren.

– Folk flytter ikkje til ein kommune som Melhus for å bu i blokk.

– Og dersom tilflyttinga stoppar opp får vi mindre tilskot frå staten.

Meiner forslaget truar lokaldemokratiet

Ordføraren er skeptisk til forslaget om eit nasjonalt vern.

Han presiserer at han ikkje har lese forslaget, men er redd ein slik inngriping i kommunane sin arealplanlegging vil overføre mykje makt til staten.

– Med eit nasjonalt forbod mot omdisponering vil ein gripe enda meir inn i lokaldemokratiet.

– Utgjer forslaget ein trussel mot lokaldemokratiet?

– Det vil vere ei utholing av det siste område der ein enda har eit lokalt sjølvstyre, ja.

Han seier det er mange omsyn å ta når ein disponerer areal.

Det er ekstremt mange element ein skal vege opp mot kvarandre, men ofte så er det vi som sit lokalt som kjenner det best.

Dronebilde av Gimsøy i Melhus

Jordbruksareal som Gimsøya er ofte billig å bygge på.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Ikkje noko «quick-fix»

Jostein Vik er professor i statsvitskap ved NTNU og har arbeidd med tema som matsikkerheit, landbruk og landbrukspolitikk.

Han er einig i at det er viktig å ta vare på matjord av høg kvalitet. Han trur likevel ikkje eit nasjonalt vern er løysinga.

– Eg trur ikkje eit slikt forslag er ein «quick-fix», seier Vik.

– For det første er eg usikker på kor stor del av jorda som faktisk vil få betre vern gjennom eit slikt forslag.

Han viser til at det er staten, som gjennom veg- og anna infrastruktur, står for mykje av nedbygginga av matjord den dag i dag.

– Også er eg usikker på i kor stor grad dette vil føre til endra politikk på bakken.

Jostein Vik sitter på kontoret sitt på NTNU

Professor i statsvitskap, Jostein Vik, er usikker på jo kor effektivt det MDG sitt forslag vil vere for å verne matjord.

Vik peikar på at det også med eit nasjonalt vern vil vere mogleg å søke om dispensasjon for å få lov til å bygge på matjord.

– Da må det vere ein konkret vurdering frå tilfelle til tilfelle der ein ser på behovet for å bygge ned samanlikna med alternativa.

Han trur ikkje fortetting aleine er nok for å dekke behovet for areal og at ein da må vere villig til å bruke område som skog eller myr.

– Eg meiner essensen i denne problematikken er at ein til ein viss grad må tillate utbygging, dersom ein skal vere realistisk.

Publisert 05.05.2025, kl. 18.13

Read Entire Article