– Kino er det største kulturtilbodet som nordmenn nyttar. Vi vil gjere det mogleg for folk å gå på kino på søndag føremiddag, seier kulturminister Lubna Jaffery.
Ho møter dagleg leiar ved Vega scene, Unnur Eidsvold Sande, for å overrekke bodskapen.
I dag er det lov å arrangere idrettsarrangement og gå på museum før klokka 13.00 på heilagdagar, men ikkje kino.
– Fantastisk! Det er ei god nyheit for oss, og på høg tid at det skjer, seier Sande.
Har latt vente på seg
I oktober 2024 begynte regjeringa å sjå på ei mogleg endring av helilagdagsfredlovens forbod mot kinovisningar på søndagar mellom kl. 06.00 og 13.00.
Det er meir enn 500 dagar sidan.
Haagen Poppe i Høgre meiner at eit sånt lovforslag kunne blitt endra på ei veke. Det skreiv han i eit skriftleg spørsmål til kulturministeren i januar.
Du kan gå på fotballkamp, danseframsyning og museum søndag føremiddag, men ikkje kino.
Foto: Joakim Pedersen– Høgre hadde nærmare 3000 dagar i regjering utan at dei gjorde noko. I motsetning til alle andre regjeringar før vår regjering, leverer vi, svarar Jaffery.
Ho legg til at om ein skal endre lover i Noreg må ein gjere det skikkeleg, og at det tar tid.
– Dette er ein heilt vanleg prosess når vi føreslår eit lovforslag, så det er ikkje urimeleg.
Men sjølv om regjeringa vil det, blir ikkje lova endra heilt enno. Først skal forslaget på høyring i Stortinget.
– Vi forventar at det er stor oppslutning. Det er ikkje noko eg kan vite, men eg håpar på det.
Administrerande direktør i Film og kino, Espen Lundberg Pedersen.
Foto: Kristoffer SandvenEi glede for bransjen
Norske kinoar slit framleis med låge besøkstal etter pandemien. I tillegg har leigeprisar, løn og andre utgifter auka.
Det gjer det krevjande økonomisk å drive kino.
For administrerande direktør i Film og kino, Espen Lundberg Pedersen, er dette ein gledeleg dag.
– Vi har pressa på og vore tolmodige i mange år, og endeleg kjem kulturministeren med dette.
Han skulle ønske endringa kom for mange år sidan, men er glad for at prosessen er ordentleg i gang.
– Dette vil vere viktig både for kinoane og publikum i framtida. Spesielt for barnefamiliane.
Tilsette ved Vega kino i Oslo er glade for at lovendringa skal på høyring i Stortinget. Frå venstre Truls Foss, Lubna Jaffery, Unnur Eidsvold Sande og Ragnhild Pedersen.
Foto: NrkGamal lov
Lova om å halde kinoane stengde på søndagar mellom 06.00 og 13.00 skriv seg tilbake til Sabbatsforordninga frå 1735. Ho har som føremål å sikre at nordmenn får gått i kyrkja.
Mange kinoar har søkt om unntak og vist kinofilmar i tidsrommet, men det er byråkratisk, både for kinoane og for politidistrikta.
No håpar kulturministeren at det skal bli slutt på dette.
Stortingshøyringane tar tre månadar. Viss Stortinget ikkje har vesentlege innvendingar, kjem regjeringa til å fremje ein lovproposisjon.
Det er også til glede for kulturministeren sjølv.
– Eg er ofte oppe tidleg på søndagar for å trene. Viss eg får gå på kino på veg heim frå trening, så synest eg det er heilt topp, seier Jaffery.
Publisert 13.02.2026, kl. 18.01












English (US)