Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_ffa3a6eeade74b4a2a640d758b032764, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Vil reise til OL få veker etter fødsel: – «Mammapolitiet» skal ikkje meine noko - NorwayToday

Vil reise til OL få veker etter fødsel: – «Mammapolitiet» skal ikkje meine noko

3 hours ago 2


Vinter-OL i Milano og Cortina startar om:

– Eg skal på jobb med NRK, og det gler eg meg skikkeleg til, seier Therese Johaug.

NRK møter henne heime i Oslo fordi det er 100 dagar til OL.

Samtidig er det litt over 70 dagar til ho har termin og skal føde sitt andre barn.

Ho er fullstendig klar over at ting kan endre seg, at planen kanskje må endrast, og at den kanskje og vil vekke oppsikt.

Likevel er ho fast bestemt:

Ho planlegg for at ho skal reise til OL i Italia berre få veker etter termindato.

– Hadde det vore mannen, ville han ha reist. Og han ville reist utan barn og utan kona med på slep.

Therese Johaug forteller om hvordan det blir å jobbe rett etter fødsel

PLANEN KLAR: Therese Johaug og ektemannen Nils Jakob Hoff har OL-planen klar.

Foto: Pia Rivelsrud Christiansen / NRK

Vil jobbe heile OL

Familien Johaug-Hoff fekk sitt første barn våren 2023, da Kristin kom til verda på nasjonaldagen.

Under to år seinare stod Johaug på startstreken i VM på heimebane i Trondheim, noko som ikkje var suksessen ho sjølv hadde håpa på. For det vart ingen gull i Granåsen på Johaug.

Utover våren 2025 spekulerte mange på om ho skulle halde fram mot OL i Italia i februar 2026, men i juli kom beskjeden: Johaug er gravid igjen.

Nå har ho altså lagt planen for å få seg ein tur til OL likevel.

Therese Johaug

VM-BESØK: Datteren var med da Therese Johaug konnkurrerte under ski-VM i Trondheim.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Viss fødselen i januar går som planlagt, håpar ho å ta med seg barnet og ektemannen Nils Jakob Hoff til Italia for å arbeide for NRK som langrennsekspert. Der vil ho vere med og formidle den siste konkurransehelga frå langrennsarenaen.

Dei første to vekene av OL planlegg ho å bidra frå NRK sitt studio i Oslo.

– Viss ein ser at dette ikkje går, så går det ikkje. Det kan jo hende at eg blir sittande i Oslo den siste helga, kven veit. Men eg har i alle fall veldig lyst til å reise ned.

Termindatoen er i midten av januar. OL startar 6. februar.

«Nå må ho roe seg ned»

– Kva slags reaksjonar trur du kan komme rundt ønsket om at du vil på arbeid så fort?, spør NRK Johaug.

– Der trur eg du har heile spekteret, seier Johaug før ho greier ut:

– Nokon kjem sikkert til å vere kritiske og seie «nå må ho roe seg ned». Og så er det andre som berre: «Wow, det er imponerande å reise ned».

Therese Johaug forteller om hvordan det blir å jobbe rett etter fødsel

PRIORITERER: Therese Johaug fortel at ho må ha slike prosjekt for å ha det bra som både mor og menneske.

Foto: Pia Rivelsrud Christiansen / NRK

Ho fortel at det gjev henne mykje energi å planleggje for å kunne reise ned og vere ein del av miljøet ho har vore ein del av i så mange år.

Johaug forklarer at dette er noko ho ønskjer sjølv, og at det er ho som har handa på rattet. Ho skjønar også godt at dette er ein plan som ikkje passar for alle.

Kunne du reist på jobbtur få veker etter fødsel?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Nokon vil kanskje tenkje at ein føler seg pressa til å komme tilbake på jobb. Har du opplevd noko press rundt det?

– Aldri. Nei. Dette er eit val eg har teke sjølv, og det er eit ønske eg har. Det er der eg høyrer heime, og ein må ikkje gløyme seg sjølv oppi alt sjølv om ein har blitt mor

– «Mammapolitiet» må bort

– Kor viktig er jobb for deg?

– Veldig viktig. Alt har dreidd seg om trening, tilrettelegging og prestasjon. Nå er det borte. Da har eg mykje meir tid. Eg kjenner at eg må ha andre ting i livet mitt til å bruke hovudet mitt, seier Johaug.

Ho ønskjer å bidra med kunnskapen og innsikta ho har etter mange år i langrennssirkuset, og ho har lyst til å vise at det går an å arbeide kort tid etter fødsel.

– Eg meiner at alt handlar om innstilling. Du får til det du vil få til. Det viktigaste er at folk får lov til å gjere det som er rett for seg sjølv, og at «mammapolitiet» ikkje skal ha noko meining, seier Johaug.

Sesongåpning Beitostølen

NRK-EKSPERT: Therese Johaug jobba for NRK Sport fra høsten 2022 til og med mars 2024. Nå er hun tilbake.

Foto: NTB

Ho er tydeleg på at ho skjønar veldig godt at alle har forskjellige behov, og at det å arbeide rett etter fødsel ikkje er for alle. Men ho nektar å la nokon andre fortelje henne kva som er rett for henne.

– Eg trur det er «mamma-politiet» må gå litt bort. Folk må få lov til å gjere det ein sjølv føler er rett for seg, og ikkje nødvendigvis det alle rundt deg forventar, meiner, og trur at du skal gjere. Vi har alle forskjellige behov. Nokon synest det er veldig godt å vere heime og finne roa der, og har meir enn nok med det, og det har eg full respekt for, seier ho og held fram:

– Andre synest det er godt å komme ut, møte folk, vere ein del av det miljøet ein er vant til å vere i, og få energi av det. Begge deler er rett, seier Johaug.

NRK sin sportsredaktør, Espen Olsen Langfeldt, forklarar at han er veldig glad for at Therese Johaug vil bidra på NRK sitt OL-lag.

– Vi er utruleg glade for at Therese Johaug vil arbeide for oss under OL, og at ho vil bidra med sin kunnskap og innsikt. Eg vil understreke at det er heilt opp til Therese sjølv om ho vil reise til Italia eller ikkje, og ho sjølv får definere i kor stor grad ho ønskjer å bidra, seier Langfeldt.

Høydepunkter Galatasaray - Bodø/Glimt 3-1 - bilder fra TV 2

Publisert 29.10.2025, kl. 05.16

Read Entire Article