Hausten 2024 vakte ei omfattande valdtektssak oppsikt i Frankrike.
I ni år blei Gisèle Pelicot dopa ned av ektemannen, før ho blei valdteken av han og fleire titals andre menn.
Ektemannen Dominique Pelicot vedgjekk overgrepa, og blei dømd til 20 år i fengsel. Medan dei 50 andre tiltalte fekk mellom tre og 15 år i fengsel.
No fortel Pelicot si historie i ei ny bok. Ho hadde eigentleg ingen planar om å skrive, men då tilbodet kom under rettssaka, kunne ho ikkje seie nei, fortel ho når NRK møter henne Paris.
– Eg tenkte denne boka kunne vere nyttig, at historia mi kunne hjelpe andre til å forstå at uansett kva vanskelege prøver vi møter i livet, så kan vi overvinne alt.
Pelicot si historie sjokkerte Frankrike. Ektemannen og 50 andre menn blei dømd til fengsel.
Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP / NTBOvergrepa blei filma
Pelicot insisterte på at rettssaka skulle vere open for å flytte skamma frå seg sjølv og over på overgriparane.
– Eg trur rettssaka gav kvinner ei stemme. Alle kvinnene som kom til rettshuset i Avignon kvar dag. Dei var der til stades, og dei gav meg ein utruleg styrke som eg ikkje trur eg kunne ha klart meg utan.
Eksmannen dopa henne ned med sterke roande medisinar i maten og vinen hennar, for så å filme medan menn han rekrutterte på nettet valdtok henne.
– Alle videoane stadfesta sanninga. Det var også eit lykketreff for meg. For utan dei bevisa – for det er det som skjer med alle offer når dei ikkje finn bevis – blir offeret automatisk sett på som den skuldige.
Historien til Gisele Pelicot skaka Frankrike. Tusenvis demonstrerte i fleire byer til stønad for Pelicot.
Endra ikkje namnet
Eksmannen blei dømd i desember 2024. Men Gisèle Pelicot har framleis ikkje snakka med han sidan rettssaka starta. Men det har ho planar om å gjere.
– Eg delte 50 år av livet mitt med han, og treng svar kvifor han gjorde dette. Han sa eg var hans livs store kjærleik. Korleis kunne oppføre seg slik mot meg? Sjølvsagt treng eg svar. Eg skal møte han.
Ho har valt å behalde etternamnet til eksmannen, og har aldri vurdert å endre tilbake til sitt eige.
– Det var viktig for meg å behalde namnet for familien min, og spesielt for barnebarna mine, slik at dei ikkje skal skamme seg over å bere namnet. Eg vil at dei skal huske meg, og i mindre grad herr Pelicot.
No ser Pelicot lysare på livet. – Eg hadde aldri tenkt eg skulle bli forelska igjen. Men det kom ein fantastisk mann inn i livet mitt, fortel ho.
Foto: Thierry Bordau / NRKFann kjærleiken på nytt
Pelicot fekk stor merksemd både i Frankrike og resten av verda under rettssaka mot eksmannen og dei 50 andre tiltalte.
Men ho har aldri angra på at ho valte å insistere på at saka skulle gå for opne dører, slik at verda fekk sjå og høyre kva ho hadde gått gjennom.
– Rettssaka frigjorde stemmene til kvinner, og alle menneska takka meg for at eg gjorde det. Det var ein siger for meg. Vi må endre dette patriarkalske og sexistiske samfunnet.
Men sjølv om ho har vore gjennom mykje vondt, seier den no 73 år gamle Pelicot at ho er på ein god stad i livet.
– Eg hadde aldri tenkt eg skulle bli forelska igjen. Men det kom ein fantastisk mann inn i livet mitt, ein mann med ekte verdiar. Vi prøver å bygge noko saman og gå vidare med dei vakre åra vi ha igjen.
Publisert 14.02.2026, kl. 08.18










English (US)