Kvinna som vi ser blir rana i videoen seier til NRK at ho fekk hjelp frå ein som kasta krykkene.
– Det står det veldig respekt av, seier kvinna.
***
– Det er ran, vald og uro ved minibankane, særleg i belasta område.
Det seier politioverbetjent Lasse Johnsen. Den erfarne politimannen veit kva han snakkar om.
I mange år har han følgd det som skjer på gata i hovudstaden tett – og han likar ikkje det han ser.
Blant anna i sentrum og på Grønland.
– Dette er eit område der befolkninga har meldt om at dei har ein lågare tryggleik enn andre plassar i byen, seier Johnsen.
Blir stadig færre
Vi går saman bort til ein av fleire minibankar som står sentralt plassert i området.
Desse minibankane vil han og resten av politiet ha vekk. Politiet har sett seg lei på ran, vald og kjøp og sal av narkotika.
– Vi stiller oss spørsmål om behovet for minibankar så tett opp til rusmiljøet er nødvendig.
Johnsen legg til:
– Viss dei ikkje då legg med i kalkylane sine at dei skal tene gode pengar på kriminelle.
Video viser menn som kjøper og selger narkotika ved en minibank i Oslo.
Dei siste åra har det blitt færre og færre minibankar i Noreg.
Berre om lag 3 prosent av all handel her i landet skjer med kontantar.
Trass dette bestemte eit fleirtal på Stortinget i juni å styrke retten til å betale kontant for varer og tenester.
– Folk skal vere trygge på at dei får betale når dei går i butikken, på restaurant eller til frisøren, sa Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl tidlegare i år.
– Følast utrygt
Den erfarne politimannen Lasse Johnsen seier at han aksepterer det politikarane har vedteke.
Men han ber dei likevel merke seg det som faktisk skjer rundt dei gateplasserte minibankane.
Særleg dei som ligg nær belasta område som i Oslo sentrum.
– Gateplasserte minibankar tett opp mot det opne rusmiljøet blir brukt av både kjøparar og seljarar av narkotika. Det er ikkje uvanleg med ran og vald, slår Johnsen fast.
Han peikar på at dette gjer at det blir skummelt både for næringsdrivande og dei som går forbi.
– Dei forbipasserande føler det som utrygt å måtte gå mellom dei som heng ved minibankane. Nokon av dei er også delvis maskerte. Dette ønskjer vi rett og slett å få gjort noko med.
Fjerna minibank
Det er i dag stort sett private selskap og ikkje norske bankar som driv dei ulike minibankane som er igjen.
Eitt av desse er Loomis.
Etter fleire kriminelle handlingar ved deira minibank på Hammersborg i Oslo, valde dei å ta den vekk.
– Då vi fekk førespurnaden frå politiet, så er jo vi samfunnsansvaret vårt bevisst. Og var heilt innstilt på å fjerne han, og det gjorde vi da også i løpet av nokre få veker.
Det seier Morten Grusd. Han er toppsjef for Loomis i Noreg.
Sjølv om dei fjerna den eine minibanken dei hadde på gateplan i Oslo, så er dei ikkje framande for å setje ut nye.
– Om det er på gateplan eller andre stader der publikum samlast, det er ikkje så viktig for oss. Vi ønsker at kontantar skal vere tilgjengeleg for publikum, seier Grusd.
Han legg til at det er i tråd med det politikarane har bestemt om kontantar i samfunnet.
– No er det slik at kontantar på lik linje med andre betalingsformer er lovleg. Og ein kan ikkje forby verken kontantar eller Vipps for den saks skuld, sjølv om ein også ser ein auke i vippsran.
– Tar på alvor
Eit anna firma som har minibankar er Nokas. Direktør Morten Haugen skriv følgjande i ein e-post til NRK.
– Vi tar bekymringane til politiet på alvor og er opptatte av å sikre at minibankane våre blir brukte på ein trygg og ansvarleg måte.
NRK har også forsøkt over tid å få ein kommentar frå Euronet, som er eit av verdas største kontant-firma.
Dei har ei rekke minibankar i utsette område i hovudstaden. Dei har ikkje svart oss.
Ein ung mann tar ut pengar i minibanken. Så forsøker to andre gutar å rane han. Den eine av gutane er no dømd for ransforsøk.
Kontant-behov
Tilbake på Grønland i Oslo helser politikontakt Lasse Johnsen på mange kjende. Dei færraste her er kriminelle.
Det er midt på dagen og ingen skumle gjengar utanfor minibankane. Dei kjem først får mørket fell på.
Videoar NRK har fått tilgang på frå politiet viser tydeleg kjøp og sal av narkotika – og to tilfelle av ran.
På ei lita stripe ligg det fleire minibankar som politiet vil ha vekk.
Den høgreiste politimannen har ein tydeleg bodskap.
– Vi stiller jo spørsmål ved tilbydarane sine anslag på behovet for kontantar i dette området. Om ein ikkje då legg til grunn at ein skal fôre eit narkomiljø med kontantar då.
Lasse Johnsen nyt stor respekt blant folk på Grønland i Oslo. No tek han eit oppgjer med gjengane som brukar minibankane i området.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRKPublisert 15.12.2024, kl. 16.58 Oppdatert 15.12.2024, kl. 17.05