Vil forby nedbygging av myr: – Vi er mildt sagt skaka

9 hours ago 4


– Uansett kva du skal gjere i Andøy kommune, så vil du å pirke bort i myr, seier Sp-politikar og tidlegare ordførar Knut Normo.

I mange år har optimismen rådd i kommunen lengst nord i Nordland. Byggeprosjekta har stått i kø i øykommunen – innan romindustri, militære dronar, forsvarsaktivitet og kvalmuseum.

Men no kan festbremsen bli sett på for alvor.

Over halvparten av kommunen lengst nord i Nordland er nemleg dekt av myr.

– Dersom regjeringa sitt forslag til byggeforbod på myr blir vedteke, kan bygging i Andøy stoppa opp. Det er alvorleg, seier Normo.

Allereie er ein tredel av myrene i Noreg nedbygde. Myrene lagrar karbon, er leveområde for mange artar og bidreg til flaumdemping. Den myra vi har igjen, er viktig å ta vare på, meiner regjeringa.

Lovforslaget om byggeforbod på myr, er no ute på høyring, med frist første november.

Andøya myr

53 prosent av Andøy kommune er myr.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Mykje urørt myr i nord

En stor andel av myra i Noreg som er urørt, ligg i nord. Og få, om nokre kommunar har meir myr enn Andøy.

– Myra er ikkje samla på ein plass, ho er spreidd over heile kommunen. Rundt alle fjellknausar, bustadar og der det er næringsverksemd, seier ein oppgitt Sp-politikar.

en mann som står på en åker

Knut Normo i Andøy Senterparti fryktar forbodet vil stoppe all utbygging i kommunen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Slik forslaget står no vil det ha tilbakeverkande kraft. Det betyr at igangsette prosjekt som blir bygde på myr kan stoppe opp.

Arealplanleggar Robert Svendsen i Andøy kommune er også bekymra.

– Vi veit at det vil påverke store planar som i Børveågen, Andøya flystasjon, bustadprosjekt i både Risøyhamn og Andenes, og dessutan anlegg som er regulert av Andfjorden Salmon, seier han.

Her er oversikt over myr i Noreg (Det som er markert i lilla er myr):

Kart over myr i Norge

Foto: NIBIO

– Rysta

Det er ikkje berre i Andøy lovforslaget vekker bekymring.

– Eg er veldig redd for dette. Det er direkte distriktsfiendtleg. Utbyggarane vil gi opp, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) til Firda.

Kommunen ho leiar har mykje myr. Eit areal på storleik med 14.159 fotballbanar kan bli verna om det blir totalforbod, ifølge Følling.

Sunnfjord er samstundes Vestlands største landbrukskommune og ein av dei største i landet.

– De legg ei klam hand over all næringsutvikling og bustadprosjekt i distrikta. Samstundes vil eit totalforbod mot myr auke presset på anna areal, seier ho til NRK.

Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord.

Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord, er bekymra dersom det blir eit totalforbod.

Foto: Bård Siem

Eit forbod kan også få store konsekvensar for både næringslivet og byggebransjen. Det fryktar NESO-direktør Karina Krane.

– Vi er mildt sagt skaka over lovforslaget som sterkt avgrensar utbyggingar spesielt i Nord-Noreg og Trøndelag. Eit totalforbod er veldig radikalt, seier Krane til NRK.

Karina Krane direktør i NESO

Kristin Krane er bekymra for konsekvensane dette vil ha for byggebransjen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Ho er redd for at dette vil bety mindre aktivitet og i verste fall færre arbeidsplassar i byggebransjen. Ho samanliknar det med forbodet vi har i dag mot bygging i strandsona.

– Slik som forslaget ligg nå, vil det innebere full stans for mange.

Krane håpar ein tar ein fot i bakken og ikkje går for eit totalforbod.

– Vi meiner dei burde sjå på topografien i Noreg og heller vurdere dette frå sak til sak. I staden så går dei hardt ut og vil ha eit totalforbod. Det synest eg er lite nyansert.

– Vil påverke kommunal infrastruktur

Kronestein Entreprenør frå Sortland har mesteparten av jobbane sine i Hålogalands-regionen, som er full av myr.

– Dette vil ramme oss uforholdsmessig hardt. Vi er omringa av hav, myr og fjell. Mykje av nordnorsk kystnatur er bygd opp på same måten, med store myrareal, seier Tor Halvard Gregersen, dagleg leiar i Kronsteingruppen.

Tor Halvard Gregersen, direktør i Kronsteingruppen

Tor Halvard Gregersen, dagleg leiar i Kronsteingruppen.

Foto: Michael Ulriksen

Han kallar det ein «alvorleg utfordring». Både for byggebransjen og samfunnet elles.

– Dette vil påverke kommunal infrastruktur og bygging av kommunale bustadfelt. Det same gjeld for skolebygg og sjukeheimar.

Gregersen meiner departementet ikkje i stor nok grad har sett på korleis dette vil påverke heile landet.

et landskap med fjell i bakgrunnen

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

For mens over halve Andøy kommune er dekt av myr, er tilsvarande del myr rundt fylka ved Oslofjorden vel éin prosent.

– Dei må ta nokon rundar til

– Det vil bli krevjande for oss i nord. Grunnen til det er at det er relativt mykje myr i Nord-Noreg. Det er mykje meir myr her enn sør i landet, seier Jørn-Vidar Johansen, styreleiar i Gunvald Johansen Bygg.

Jørn Vidar Johansen - Gunvald Johansen Bygg

Jørn-Vidar Johansen, styreleiar i Gunvald Johansen Bygg og NESO.

Foto: Marianne Steffensen Kielland/NESO

Ifølge Johansen er det stor motstand mot forslaget i både bygge- og entreprenør-bransjen.

– Eg tenker at dei må ta nokre rundar til på dette. For det får store konsekvensar.

SV: – Må ta vare på myra

Naturvernforbundet, Sabima, WWF og BirdLife Norge går no ut og åtvarar om at regjeringa sitt forslag til byggeforbod på myr er for dårleg.

Eit byggeforbod på myr er velkoment, men miljøorganisasjonane er kritiske til at forslaget i stor grad kopierer forbodet mot bygging i strandsona.

Ni av ti søknader om bygging i strandsona langs norskekysten blei godkjende i 2023.

No fryktar organisasjonane at akkurat det same skal skje med myrene.

SV-nestleiar Lars Haltbrekken er også uroa. Han viser til at forbodet var eit gjennomslag for SV i tidlegare budsjettforhandlingar, men no er han bekymra.

– Viss kommunane får høve til å gi unntak, fryktar eg framleis omfattande nedbygging, seier han.

Over 100 høringssvar

Statssekretær i klima- og miljødepartementet, Astrid Willa Eide Hoem (Ap), seier til NRK at dei foreslår dette fordi myra er ein viktig naturressurs som lagrar mykje karbon.

– Å avgrense nedbygginga av myr er både viktig for naturen, men også for klimaet vårt.

Kvinne med brunt hår og hvit skjorte

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Astrid Willa Eide Hoem, seier de vil bruke god tid på å gå gjennom høyringsforslaga.

Foto: Milana Knezevic / NRK

– Nokon meiner at dette er distriktsfiendtleg, og at det er tatt lite høgde for at det er mange kommunar ute i distrikta med mykje myr. Kva tenkjer du om det?

– Det er derfor vi har dette ute på høyring no. Vi har fått inn over 100 høyringssvar så langt. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar på kva som kan fungere, og kva som ikkje fungerer med eit slikt forbod.

– Vi skal bruke god tid på høyringsinnspela før vi kjem med eit eventuelt forslag. Og så er det viktig å seie at kommunane har stor sjølvbestemming over eigne areal. Sånn skal det vere. Samstundes er vi nøydde til å ta betre vare på myra enn vi gjer i dag.

Publisert 31.10.2025, kl. 19.59

Read Entire Article