– Det er dumt om du for eksempel får ein toar i engelsk og har lyst til å endre på det etter vidaregåande, seier Elina Nes-Östman.
Når ho skal søke opptak til høgare utdanning om nokre år, kan karakterane ho får på vidaregåande ha meir å seie enn i dag.
Fleire er redd endringane vil gjere vegen til draumestudiet lengre for dei som må ta opp fag etter vidaregåande.
– Det er nok mange som ikkje tenker over kva dei vil bli når dei går i førsteklasse og tenker kanskje ikkje at dei må vere så fokusert på skulen, seier Elina.
Vil fjerne nesten alle tilleggspoeng
I dag kan ein totalt samle 14 tilleggspoeng når ein søker opptak til universitet eller høgskular. Åtte av disse er alderspoeng.
– Vi ryddar i ei stor mengde tilleggspoeng som har opparbeidd seg over tid, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland fortel at dei ønsker å rydde i opptakssystemet.
Foto: Ola Hana / NRKNo vil regjeringa fjerne alle tilleggspoenga unntatt to for realfag og eitt for førstegongsteneste.
I tillegg skal 70 prosent av studieplassane gå til dei som har førstegongsvitnemål.
Det er dei søkarane som ikkje har tatt opp fag etter vidaregåande og som er under 21 år. I det nye forslaget foreslår regjeringa å auke denne aldersgrensa til 23 år.
– Dersom folk har lyst til å ta opp fag, vil det vere fullt mogleg å gjere det. Ein kan framleis forbetre karakterane på den måten, fortel Aasland.
Ho seier det viktigaste for regjeringa er å ha eit mest mogleg rettferdig system som bidreg til å få ned karakterpresset i skolen.
– Vi vil ha eit system som hjelper unge menneske å komme seg inn på den utdanninga dei ønsker, utan å bruke mykje unødig tid og ekstra år for å ta opp fag.
– Eg tenker det er kjipt for dei som har språkferdigheiter at språkpoenga forsvinn, seier Jenny Argento. Ho trur det kan bli færre som tar språkfag dersom poenga blir fjerna.
Foto: Morten Andersen / NRKRedd det kan bli vanskeleg å endre kurs
Elevorganisasjonen i Trøndelag er skeptisk til regjeringa sitt forslag.
Nestleiar Scott Bloomberg er redd endringane gjer det vanskeleg å kome inn på det studiet ein ønsker dersom ein ikkje går ut med gode karakterar på vitnemålet.
– Det er viktig for oss at ein skal kunne løfte dei som ikkje har like gode resultat frå vidaregåande opplæring.
– Vi ser for oss at det kan bli vanskelegare å gjere nettopp det med disse endringane.
Scott Bloomberg er redd fleire plassar i kvoten for dei med førstegongsvitnemål vil gi større karakterpress.
Foto: Morten Andersen / NRKNår fleire av studieplassane skal gå til søkarar med førstegongsvitnemål er Bloomberg redd det kan auke karakterpresset.
– Eg ser for meg at dette kan legge meir press på dei elevane som allereie kjenner på presset frå før av.
– Det kan definitivt slå feil ut og gjere at fleire rett og slett gir opp.
– Skal vere ein sjanse for alle
Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Kaja Ingdal Hovdenak, seier det ikkje er utelukkande positivt at fleire studieplassar går til dei med førstegongsvitnemål.
– Vi treng at fleire kjem inn i studia i tidlegare alder og folk kjem ut i arbeid tidlegare.
– Men så er eg jo litt bekymra for at det kan gå utover dei som kjem i gang seinare i livet og som vil ta utdanning etter ein har blitt 23 år.
Hovdenak fortel at ho saknar ein alternativ veg inn i høgare utdanning for dei som må ta opp fag etter vidaregåande.
– Det vi er oppteken av, er at det skal vere ein sjanse for alle. Også om du drit deg ut på vidaregåande så skal du få ein sjanse til seinare.
– Det er så langt fram i tid så det tenker eg ikkje på no, seier Nikolai Løvhaug om opptaket til høgare utdanning. Saman med Vegard Vanvik går han på Trondheim katedralskole.
Foto: Morten Andersen / NRKHo seier NSO etterlyser ein alternativ veg inn som vektlegg motivasjon, erfaring og om ein er eigna for studiet.
Forslaget til dei nye opptaksreglane blir no sendt på høyring med frist fram til 18. juni.
Dersom endringane blir vedtatt vil dei gradvis bli innført frå og med studieåret 2026/2027.
Publisert 23.03.2025, kl. 17.20