Dei siste åra har det vore sett inn mange og kostbare tiltak for å bevare Noregs siste alpinbre.
Men snølagring, og snøfangarar er ikkje nok.
Dagleg leiar Per Arne Vole ser ingen annan utveg enn å pøse på med 700 000 kubikkmeter kunstsnø i året.
Det er ein årleg snøhaug som er 100 x 100 x 70 meter.
I 2002 starta dei med Kunstsnøproduksjon på Veslejuvbreen. Nå ynskjer dei å utvide anlegget for å berge breen i nokre tiår til.
Foto: Ola Vaagaasarøygard / NRK– Det er klart det er eit paradoks at ein må produsere snø her under Galdhøpiggen, men det er dette som er realiteten nå, seier Per Arne Vole.
Tinar ein meter i året
Kvart år forsvinn ein million kubikkmeter snø frå den populære alpinbreen.
Per Arne Vole er dagleg leiar for Galdhøpiggen sommarskisenter og ser tydeleg korleis breen smeltar bort år for år.
– Berre i mi tid har det minka 17 meter her vi står nå. Så her er det ikkje meir bre om åtte år utan at vi fyller på med kunstsnø, seier Vole.
Og han får støtte frå NTNU-forskar Rune Strand Ødegård.
Førsteamanuensis ved NTNU, Rune Strand Ødegård har forska på Veslejuvbreen i fleire år og gjort berekningar ut frå data frå Meteorologisk institutt. Strand Ødegård meiner kunnskapen om Veslejuvbreen har overføringsverdi til andre brear i Jotunheimen.
Foto: Alexander Nordby / NRK– Med kunstsnø vil du kunne bygge opp breen. Og det er eigentleg ingen annan måte å gjera det på, seier førsteamanuensis ved NTNU, Rune Strand Ødegård.
Han har også forståing for at eigarane, reiselivet og alpininteresserte har lyst til å ta vare på breen så lenge som mogleg.
Veslejuvbreen har dei siste åra vore nøye kartlagt gjennom prosjektet Juvbreen 2050.
Bak snøskuteren heng eit langt instrument som forskarane brukte for å gjere radarmålingar av isbreen. Forskar Rune Strand Ødegård sjekkar at alt er i orden. Han er ansvarleg for prosjektet til Per Arne Vole.
Foto: Even Lusæter / NRKMålet med prosjektet var å sjå på korleis ein kunne greie å oppretthalde skiforhold på breen fram til 2050.
Men sjølv med produksjon av store mengder kunstsnø, meiner forskaren at det uansett berre vil utsetja problemet.
– Breen vil bli borte. Det er berre spørsmål om når, seier Strand Ødegård.
Med eit stort kunstsnøanlegg vil det vera mogleg å halde skisenteret ope fram til 2050, meiner Vole. Men etter det er klimamodellane frå Meteorologisk institutt langt meir usikre.
– Både reiselivsnæringa i regionen og alle som trenar alpint er veldig positive til denne satsinga, seier Per Arne Vole.
Dyrt å drifte
Da familien Vole starta med sommarskisenter på Veslejuvbreen midt på 80-talet, var det ingen som såg for seg at ein måtte produsere snø her på Noregs tak.
Men utover 2000-talet har mange arbeidskrevjande og dyre tiltak vorte testa ut. Snølagring, snøproduksjon og samling av drevsnø har vorte rutine dei siste åra.
–Tiltaka hjelper, men det er ikkje nok.
Både Vole og forskarane er nå einige i at berre store mengder kunstsnø kan forseinke nedsmeltinga.
Både eigarane og reiselivsnæringa ynskjer nå å få til eit spleiselag for å berge breen.
Foto: Even Lusæter / NRKMålingar viser at breen nå er mellom 20 og 25 meter tjukk. Med årleg nedsmelting på rundt ein meter er sluttdatoen sett, om ein ikkje gjer tiltak.
– Eg kan velje å drive her i sju år til og så avslutte, eller eg kan investere i eit kunstsnøanlegg og drive fram til 2050, seier Vole.
Men uansett om han produserer snø, har klima ført til at drifta av sommarskisenteret nå er langt meir kostbar og krevjande.
Klimadilemmaet
Sommarskisenteret under Galdhøpiggen er nå eitt av fem breskitrekk i Europa. Vatnet som smeltar på breen, endar i Juvvatnet rett under brefronten.
For å auke produksjonen av kunstsnø treng dei større elektriske pumper, filtersystem og fleire snøkanonar.
– Vi brukar berre smeltevatnet om att og pumpar det opp på breen som snø, seier Vole.
Rett under breen ligg Juvvatnet. Nå ynskjer Per Arne og reiselivsnæringa å bruke om att smeltevatnet for å berge breen.
Foto: Even Lusæter / NRKMen sjølv om det er over åtte månader med vinter, og nær ideelle forhold for snøproduksjon, vil kraftbehovet i periodar vera stort.
Men fylkessekretæren i Naturvernforbundet steilar likevel ikkje over forslaget.
– Dette er vel fyrst og fremst eit godt bilde på kvar vi er, når ein må produsere kunstsnø for å berge breen, seier Amund Hagen Kristiansen.
Utan å ha undersøkt det, trur fylkessekretæren det kan vera betre for klimaet at dei norske alpinistane har ein stad å trene i Noreg framfor mange og lange flyreiser til New Zealand.
Da far til Per Arne Vole starta sommarskisenter på Veslejuvbreen i 1987, var det ingen som hadde trudd det skulle vera behov for snøproduksjon her. Men utover på 2000-talet, har snøfanging, lagring og produksjon vorte ein del av rutinen på Veslejuvbreen.
Foto: Even Lusæter / NRK– Ein utset berre problemet her, og slik passar det veldig godt inn i klimapolitikken som har vore ført i Noreg. Samstundes finst det mange ting som er verre å bruke kraftressursane våre på enn skiglede på ein bre, seier fylkessekretær i Naturvernforbundet, Amund Hagen Kristiansen.
Avvik fra normal Snittemperatur
Treng 11 millionar
Kvart år bidreg sommarskisenteret med rundt 35000 gjestedøgn i regionen. Nå går reiselivet saman for å prøve å berge breen i nokre tiår til.
Råmund Mundhjeld er eigar og drivar av Sognefjellshytta på toppen av Sognefjellet i Jotunheimen. Nå ynskjer han å vera med i eit spleiselag for å berge den viktige alpinbreen under Galdhøpiggen.
Foto: NRK– Dei slit også i mellomeuropa. Får vi på plass finansiering, vil dette vera einaste skisenteret i Noreg som er ope frå mai til desember, seier Råmund Mundhjeld, dagleg leiar på Sognefjellshytta.
Nå skal Mundhjeld og resten av reiselivet ut og skaffe 11 millionar til nytt kunstsnøanlegg.
Analysar som er gjort viser at sommarskisenteret står for nær halvparten av alle gjestedøgn i Lom kommune, og næringa trur det skal vera mogleg å få med seg både private og offentlege på eit spleiselag.
– Det er ei rar utvikling, men det fine er at vi faktisk har moglegheit til å bevare breen i nokre tiår til.
Grøftene eller snøfangarane er laga for å fange så mykje drevsnø som mogleg. Dette er eitt av fleire tiltak som skal virke saman med kunstsnøproduksjon.
Foto: Even Lusæter / NRKSportssjef alpint i Norges Skiforbund, Claus Johan Ryste, seier at få land har same tilgang på treningsarenaer som Noreg, og meiner Veslejuvbreen er ein del av hemmelegheita bak at Noreg har laga mange gode alpinistar.
– For landslag, klubbar og alpinistar i alle aldrar, er dette eit anlegg som er heilt unikt.
For kvart år som går blir tilbodet under Galdhøpiggen meir unikt, og alpinistane trur det vil gå hardast utover breiddesatsinga om breen blir borte om nokre år.
Kvar sommar kjem skuleungdom til Veslejuvbreen for å trene alpint. Claus Ryste i skiforbundet trur breidda i idretten vil bli råka om sommarskisenteret blir borte om nokre år.
Foto: Even Lusæter / NRK– Dei aller beste kan reise, skuleungdom har ikkje den moglegheita, og vil da få mindre skitrening og fort velje andre idrettar, seier Claus Johan Ryste.
Det store bildet: Vinteren blir kortere
Færre dager med snø og minusgrader.
Den norske vinteren har allerede blitt kortere.
Hvor mye mindre snø vi får i fremtiden, kommer an på hvor mye klimagasser vi slipper ut fra fossile drivstoff og andre kilder i årene som kommer.
Sveip videre for å lese mer.
Cornelius Poppe / NRK
Vi mister vinterdager
I Oslo var det årlig 22 færre vinterdager i perioden 1991-2020, enn det var de 30 årene før.
Bodø har mistet 48 vinterdager, mens Røros bare har mistet to, ifølge Meteorologisk institutt.
Flere steder langs kysten, som Kristiansand, Stavanger og Bergen, oppfyller ikke lenger kravene i meteorologenes definisjon av vinterdager.
Norsk klimaservicesenter / NRK
Her forsvinner det mest snø
Jo mørkere farge på kartet, jo større nedgang venter Norsk klimaservicesenter i snømengden innen år 2100.
Tore Meek / NRK
Noen steder kan det bli mer snø
Klimaendringene er komplekse. Når temperaturene øker, blir det også mer nedbør. Det kan faktisk føre til mer snø noen steder.
De fleste steder betyr den kombinasjonen mindre snø og mer regn. Men i høyfjellet kan den økte nedbøren fortsatt komme som snø, ifølge Norsk klimaservicesenter.
Halvard Alvik / NTB
Kan vi gjøre noe med det?
Vi får ikke tilbake vinteren fra gamledager, men utviklingen kan bremses.
Jo mer klimagasser verden kutter i årene som kommer, jo mindre oppvarming får vi.
Det vil også gjøre at temperaturene vil øke mindre, og at vi unngår de verste endringene i nedbørsmønstre.
Publisert 18.04.2025, kl. 23.06