Tusenvis av turistar køyrer dagleg gjennom ikoniske Trollstigen i Møre og Romsdal. På ein av sesongens mest hektiske dagar har steinsprang stengt vegen.
Det skjedde natt til laurdag, truleg som følgje av styrtregnet.
– Det kom mykje regn i går. Geologar kjem rundt klokka 9 for å ta ei vurdering. Dei skal vurdere om det er risiko for at det kjem noko meir, seier vaktoperatør Henrik Haugland i Statens vegvesen.
Vegvesenet har tidlegare anslått at stenginga kan vare til laurdag kl. 12, det er no uvisst om det er mogleg å opne vegen så tidleg.
Politiet veit førebels ikkje noko om situasjonen.
Nyleg opna
Trollstigen opna sist veke etter å ha vore stengd siste året på grunn av omfattande renovering.
Då var det brukt 50 millionar kroner på å reinske fjellsida for stein.
No er det på nytt steinsprang som stengjer turistikonet. No er vegen på nytt stengt med store bommar på Rauma-sida.
Statens vegvesen seier det er uråd å vite kor lenge stenginga varer.
– Det er i Trollstigpassasjesen, litt utanfor det området som er gjort sikring i, seier Henrik Haugland.
Ingen skal vere skadde
Det har gått eit mindre steinsprang i Trollstigen i Rauma kommune, og vegen er stengt inntil vidare.
– Vi har fått melding frå folk på staden om at det skal ha gått eit mindre steinsprang, og vegen er av den grunn stengt. Vi har ikkje fått melding om at nokon er skada, seier trafikkoperatør Roger Berg ved Vegtrafikksentralen Midt til Sunnmørsposten.
Han opplyste fredag kveld at det er usikkert når vegen opnar att.
Publisert 19.07.2025, kl. 09.35 Oppdatert 19.07.2025, kl. 09.59