Laurdag vart det kjent at amerikanske styrkar hadde teke den venezuelanske presidenten Nicolás Maduro til fange.
Samtidig som den venezuelanske presidenten kom til USA og fengselet i New York, var det feiring blant utflytta venezuelanar og motstandarar av presidenten fleire stader i verda. Det har også vore mange protestar.
Venezuelanske Adrubita Klauset kunne nesten ikkje tru det var sant då han fekk høyre nyheita.
– Det var fantastisk. Presidenten har gjort veldig mykje dumt for landet. Han har stole og gjort at mange måtte flytte. Så at han endeleg er teken, det måtte nesten feirast.
Han har budd på Sunnmøre i mange år. Etter jobb opna han ein øl og la ut bilete av andre som feira i sosiale medium.
Han fortel at venner og familie gråt av glede.
– Sjølv blei eg fylt av ei kjensle av fridom, seier Klauset som kallar Maduro ein narkopresident.
Mange samla seg i Stavanger for å markere arrestasjonen
I Stavanger sentrum hadde om lag 50 personar møtt opp på søndag, for å markere det som har skjedd.
– Dette er stort for alle venezuelanarar. Det er ei letting for alle at Maduro er blitt teke ut av Venezuela. Det betyr så mykje for oss. Det er byrjinga på det nye Venezuela, seier Ari Greve.
Det er framleis mange spørsmål kring framtida til Venezuela.
Foto: Tom Edvindsen / NRKHo leier gruppa Venezuelans for democracy. Greve meiner at det no gjenstår mykje arbeid i heimlandet.
– Det strukturelle diktaturet er i Venezuela endå, så det er ikkje ei full glede og feiring hjå oss.
– Politiske leiarar har sagt at dette ikkje er i tråd med folkeretten. Kva tenkjer du om det?
– Eg veit ikkje mykje om internasjonal rett, men me har gjort alt for å gjenopprette demokratiet i Venezuela. Maduro har ikkje lov til å bli i Venezuela. Me vann valet, seier ho.
Nicolás Maduro blei utpeikt som vinnar etter valet i Venezuela i 2024, mens USA meinte det var opposisjonspolitikaren Edmundo Gonzalez som vann.
Ari Greve og andre venezuelanarar i Noreg håper no at demokratiet vil returnere til heimlandet.
Foto: Tom Edvindsen / NRK– Folk er veldig redde
Carlos Briceño er også glad for at Maduro er ute av Venezuela.
I gatene i Venezuela har det ikkje vore dei store markeringane etter at Maduro vart arrestert. Det meiner Briceño er naturleg.
– Me har vore undertrykt lenge. Regjeringa er eit såra dyr. Dei er veldig farlege, og folk er veldig redde for å gå ut i gatene for å feire, demonstrere eller protestere. Det skjer ikkje endå, trur eg.
Carlos Briceño kjende på mange ulike kjensler då han fekk høyre kva som hadde skjedd i Venezuela.
Foto: Tom Edvindsen / NRKBriceño håper opposisjonen sin kandidat i valet i 2024, Edmundo Gonzalez, blir president.
Maduro er tiltalt for narkoterrorisme, import av kokain og andre lovbrot.
I Chile sin hovudstad Santiago har fleire tatt til gatene for å feire USA sitt angrep.
Foto: Pablo Sanhueza / Reuters / NTBGatene i Santiago er fylt med glade menneske og musikk.
Foto: Pablo Sanhueza / Reuters / NTBOgså venezuelanske immigrantar i New York uttrykte glede over handlinga.
Foto: Eduardo Munoz / Reuters / NTBMen ikkje alle er nøgd med USA sitt angrep. I Madrid i Spania har folk tatt til gatene for å protestere.
Foto: Violeta Santos Moura / Reuters / NTBDet har også vore demonstrasjonar i Venezuela sin hovudstad Caracas.
Foto: Ariana Cubillos / AP / NTBReaksjonane er splitta. I Guatemala feirar fleire venezuelanarar hendinga.
Foto: JOHAN ORDONEZ / AFP / NTB
– Ikkje frigjeringsdagen mange hadde håpa på
Benedicte Bull er Venezuela-ekspert og professor ved Universitetet i Oslo. Ho trur mange venezuelanarar rundt om i verda er positive til det som har skjedd i landet.
– Men samstundes er mange skeptiske til at tidlegare visepresident Delcy Rodríguez skal ta over, og at Maria Corina Machado ikkje skal få ei rolle, seier Bull til NRK.
Ho seier fredsprisvinnaren har ein svært sterk posisjon blant venezuelanarar i utlandet, og forklarer at eit styre leia av Rodríguez vil vere ei vidareføring av Maduros regime.
– Det er eigentleg ikkje ei stor endring. Den verkelege skurken, Diosdado Cabello, kontrollerer framleis militæret. Dette er ikkje frigjeringsdagen dei har drøymt om, den Machado har lova dei, seier Bull.
Cabello er både justis-, innanriks- og fredsminister i Venezuela. Han blir kalla for regimets mektigaste mann.
Benedicte Bull meiner Venezuela kan bli eit rikt land i framtida, både på grunn av oljeressursane og investeringar som kan kome, men legg til: – Eg trur ikkje noko land kan bli det same som det var for 25 år sidan.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKHåpar på eit nytt Venezuela
USAs president Donald Trump har erklært at USA skal styre Venezuela mellombels. Klauset er spent på korleis det vil bli der framover, og håper at fredsprisvinnar Maria Corina Machado kan ta over som president.
Adrubita Klauset har i tida etter arrestasjonen følgt utviklinga gjennom nyheiter på TV frå heimlandet.
– Eg håpar at Venezuela kan bli det landet det var før. Det var det eit av dei rikaste landa i Sør-Amerika, før regjeringa til Hugo Chávez. Om det ikkje blir heilt det same, håpar eg det kan bli nesten slik. Slik at folk kan reise på ferie dit eller flytte tilbake.
Adrubita Klauset ser no framover og har håp for heimlandet sitt.
Foto: Silje Thalberg / NRKKlauset kom til Noreg som 11-åring, og har ikkje vore i Venezuela på over 20 år. No håpar han og kona, som også er venezuelansk, at dei kan dra på ferie til heimlandet.
– Det har ikkje vore mogleg å reise dit på grunn av alt som har skjedd, men no opnar det seg eit håp. Kanskje kan vi reise i år. Det vil bety mykje, særleg for meg som ikkje har vore der på lenge.
Røyk stig opp frå hamna i La Guaira, etter at USA angreip Venezuela og tok president Nicolás Maduro og kona hans, Cilia Flores, til fange.
Foto: ReutersPublisert 04.01.2026, kl. 19.06















English (US)