Farevarsla haglar og i morgontimane fredag er det framleis ei rekkje stengde vegar i Vestland, både på grunn av ras, men også på grunn av rasfare.
For kort tid sidan kom det melding om eit større snøskred på E16 ved Taulen mellom Voss og Vinje.
– Raset er ein meter høgt og om lag 15 meter breitt, seier Tom Hansen, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen til NRK 05.30.
Her er det stengt i periodar.
Også på riksveg 13 er det stengt ved Djupgrov i Voss og ved Segelgjerd i Ullensvang.
I tillegg til stengde vegar det kome ei rekkje andre meldingar om mindre ras, men ikkje alle desse fører til stengde vegar, opplyser Hansen.
Mellom anna kom det i natt ned ein større stein på fylkesveg 615 i Hyen i løpet av natta.
Denne steinen kom dundrande ned i Hopsstranda på fv. 615 i Hyen i natt.
Foto: Gry Therese Nesse / Gry Therese NesseSjå oversikt over alle dei stengde vegane i botn av saka.
– Krevjande føreforhold
Det er fleire farsevarsel i Vestland også i dag, både for snøskred, sørpeskred, flaumskred og flaum.
Vegtrafikksentralen trur det vil føre til meir utfordringar utover dagen.
– Folk må vere varsame når dei er ute og køyrer, og må avpasse farten litt. I dag må ein vere ekstra påpasselege, seier trafikkoperatøren.
Ein del vegar er opne, trass i at det har gått mindre snøskred.
– Du kan kome rett rundt ein skarp sving og så kan det ligge noko is eller andre ting i vegbana, seier han.
I tillegg er det ein del smeltevatn på vegane, noko som ikkje gjer situasjonen noko betre.
Nokre av vegane som har vore stengde har no opna att.
Natt til torsdag gjekk det eit større sørpeskred i Romarheimsdalen på E39. Raset er rydda, men vegen var stengt i store delar av torsdagen og natt til fredag grunna rasfare.
Foto: Statens vegvesen / NRKDette gjeld mellom anna Masfjorden E39. Den blei stengt i går kveld klokka 18.00 og gjennom heile kvelden og natt på grunn av rasfare. Her gjekk det også eit større sørpeskred natt til torsdag.
Vegen blei opna fredag morgon klokka 06.00.
Svært hektisk natt
Vegtrafikksentralen har hatt ei svært hektisk natt, fortel Hansen.
– Det har vore ei utfordrande natt, absolutt. Vi har vore stort sett i telefonen i heile natt. Det har gått i eitt.
Hansen rosar publikum som har kome med nøyaktige meldingar, noko som har gjort jobben deira enklare når dei melder frå til entreprenør om hendingar.
– Entreprenørane har også hatt hendene fulle i heile natt. Dei har rydda det eine raset etter det andre. Det har vore ein god del småras, steinsprang, snø og veldig mykje is, som dei har rydda etter at det har kome ned, seier Hansen.
Men truleg kan vêret inn mot helga verte betre – i alle fall om vi skal tru statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.
– No har vi hatt ekstra mykje nedbør og høge temperaturar det siste døgnet, ein utfordrande kombinasjon. Men i helga får vi meir pause frå regnet, seier ho.
Sola kan vise seg og det kan verte litt opphaldsvêr, men det vil også kome regnbyer.
Desse vegane er stengde
Dette er status på vegane i Vestland fylke fredag morgon klokka 05.30.
Her kan du sjå oppdatert status frå Vegtrafikksentralen.
- E16 Taulen 5 Voss, stengt på grunn av snøskred
- E 39 Steinareset, Masfjorden stengt på grunn av fare for snøskred.
- Rv. 13 Djupgrov-Nesheim, Voss, stengt på grunn av snøskred og snøskredfare.
- Fv. 49 Nordrepolltunnellen- Austrepollen bru i Kvinnherad, stengt på grunn av fare for steinsprang.
- Fv. 5606 Vetlefjorden- Menes stengt på grunn av fare for snøskred.
- Fv. 5623 Smelleneset i Aurland, stengt på grunn av snøskred.
- Fv. 55 Esebotn i Sogndal. Stengt på grunn av snøskredfare.
- Fv. 5609 Simadalen- Stavanes i Eidfjord er stengt på grunn av fare for steinsprang.
- Fv. 5606 Vetlefjorden- Menes er stengt på grunn av fare for snøskred.
- Fv. 57 Kviteneset- Eidavika i Sunnfjord er stengt på grunn av fare for isnedfall
- Fv. 5118 Nitun i Kvam er stengt på grunn av skade på vegnettet.
- Fv. 5122 Nylebø- Fyksesund bru i Kvam er stengt på grunn av snøskredfare.
- Fv. 5412 Skredbekken-Modalen er stengt på grunn av fare for snøskred.
Publisert 27.02.2026, kl. 06.36 Oppdatert 27.02.2026, kl. 07.55











English (US)