Varselet frå Rakel utløyste etterforskinga av Arne Bye: – Absurd at eit varsel kan vere så viktig

2 hours ago 2


Då eg varsla trudde eg jo at eg var den einaste. Og det at me no er over 90 kvinner som han er tiltalt overfor, er jo helt sprøtt.

Det seier Rakel Løvrød til NRK etter at ho vitna i rettssaka mot hennar tidlegare fastlege, Arne Bye.

– Det er jo absurd at eit varsel kan vere så viktig. Eg ønsker å formidle at det er viktig å seie frå når sånne ting skjer og ein skal ikkje godta det.

Etter at ho varsla i 2021 begynte politiet å etterforske saka mot Arne Bye, han blei fråteken legeautorisasjonen og Rakel er no ei av totalt 94 fornærma.

Det er veldig fint å sjå at fleire har stått opp for seg sjølv og seier ifrå, seier ho.

Bye meldte ho til politiet for å lyge

Bye er tiltalt for å ha misbrukt si stilling som lege for å oppnå seksuell omgang då Rakel var på gynekologisk undersøking.

Under den aktuelle undersøkinga skal Bye ha bedd Rakel om å ta av seg alle kleda for å undersøke heile kroppen hennar både i gynekologstolen, ståande og på ein flat undersøkingsbenk.

– Eg syntest det var helt forferdeleg. Det var blottleggande og ubehageleg, seier Rakel som var 25 år då det skjedde.

Han erkjenner ikkje straffskuld overfor ho og då Rakel varsla om han etter denne undersøkinga meldte Arne Bye ho til politiet for falsk forklaring og løgn.

I retten retta ho seg direkte til Bye og konfronterte den tidlegare fastlegen sin om at han meldte ho til politiet.

– Det at du har fått deg til å melde meg til politiet synest eg er heilt sjukt, sa Rakel direkte til Arne Bye i retten.

Tegning av den tidligere kommuneoverlegen på Frosta. Trøndelag tingrett startet tirsdag behandlingen av straffesaken der den tidligere legen er tiltalt for mange tilfeller av voldtekt og misbruk av stillingen mot pasienter i Frosta.

Slik sat Arne Bye mellom forsvararane sine då Rakel såg rett på han og konfronterte han med at han meldte ho til politiet. Rettsteikninga er frå den første veka av rettssaka.

Foto: Ane Hem / NTB

Rakel ville stille den tidlegare fastlegen sin til ansvar for det han har gjort mot ho.

– Det har vore ei veldig ekstrabelasting for min del. Det er jo heilt gruvsamt å bli meldt til politiet for å lyge.

Eg synst det er veldig dårleg gjort at han har meldt meg til politiet. For eg har berre sagt frå om at det som har skjedd med meg ikkje var greitt.

Bye: – Fleire burde vore meldt til politiet

Arne Bye bekreftar i si forklaring i retten at det stemmer at han politimelde ho på grunn av det han kallar «grove utsegner» som ikkje stemmer.

– Det som pasienten hevda stemte ikkje med det som blei vist på video.

I tillegg seier Bye at han meiner at fleire av dei tidlegare pasientane hans også kunne ha vore meldt til politiet for liknande påstandar om han.

– Eg tenker at dette er så grovt at fleire burde vore meldt til politiet i fleire andre tilfelle, sa han i retten.

Et bilde tatt fra utsiden og inn mot rettssal 5 i Trøndelag tingrett, Steinkjer. Vi kan lese at det står rettsal 5 over en dør. I tillegg kan vi se lysskiltene "Rettsmøte pågår" og "Lukkede dører". Det er mye gjenskinn i vinduet. Tre vannrette og oransje spiler dekket deler av vinduet.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen

Politimeldinga Bye sende om Rakel var på 12 sider.

– Det er nok ei svært, svært omfattande politimelding som er sendt.

Politimeldinga blei lagd bort av politiet, men Bye står ved at meiner Rakel ikkje snakkar sant om den gynekologiske undersøkinga ho varsla frå om.

Forsvararane til Arne Bye seier til NRK at dei ikkje ønsker å kommentere saka.

Trudde ho var aleine

Då ho varsla trudde Rakel at ho var den einaste som hadde opplevd noko ubehageleg på konsultasjon hos Arne Bye.

Men ved hjelp av sin nye fastlege kom ho i kontakt med ei anna som også hadde sendt inn eit varsel mot Bye.

Då sende Rakel ei melding til kvinna og dei møttest og prata saman om å stå i ei varslingssak.

– Sjølv om det var gruvsamt at ho hadde opplevd noko liknande, så var det også ein tryggleik å kjenne at dette står me i lag om det.

– Det var vondt å vite at fleire hadde opplevd ubehagelege ting det, legg ho til.

I retten fekk Rakel spørsmål om kvifor ho ikkje sa stopp under den gynekologiske undersøkinga tiltalen mot Bye gjeld.

– Det er noko med det overmaktforholdet. Han er mann, eg er kvinne. Han er vaksen, eg er ung. Han er lege, eg er pasient.

Rakel fortel at det gjekk ei stund frå opplevinga på legekontoret skjedde til ho varsla om det.

Det er vanskeleg når det er ein person som ein har veldig stor tillit til. Ein er redd for at det ikkje er alvorleg nok og at folk ikkje trur på det. Det er mange grunner, seier ho.

Kva er det som har vore det verste med alt dette og denne saka for deg?

– Eg veit ikkje kva som er det verste, eg føler det er alt, svarar Rakel.

Men det at det er så vanskeleg å varsle, det er dumt og det er trist, fordi eg tenker at det er så viktig, legg ho til.

Det er viktig å stå opp for seg sjølv og viktig å seie ifrå. Og så må ein snakke om det ein har opplevd, seier ho til slutt.

Camilla Hagen og Rakel Løvrød i Steinkjer tingrett.

Bistandsadvokat Camilla Hagen og Rakel i Trøndelag tingrett like etter at ho var ferdig med å forklare seg i retten.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Skulle ønske alle blei høyrd

Arne Bye har i løpet av rettssaka erkjent å ha valdtatt 21 kvinner og å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang overfor 44 kvinner.

I tillegg til at det er 94 fornærma kvinner i rettssaka har 114 kvinner fått saka si mot Bye lagt bort.

– Det er synd at ikkje alle får lov til å snakke her og stå opp for seg sjølv. Ein har sikkert forskjellige tankar og følelsar knytt til dette. Men eg skulle verkeleg ønske at alle blei høyrde. For sjølv om han blir dømd, er det viktig for den enkelte, seier Rakel.

Undervegs i rettssaka, som går for retten frå 5. november til 18. februar, har fleire andre kvinner også meldt Bye til politiet.

Etter at Rakel har vitna på den 35. dagen av rettssaka seier ho at ho optimistisk for tida, og livet, framover.

Det har vore godt å få et punktum og eg er veldig glad for å bli ferdig med dette. Det har vore noko eg har tenkt på konstant. No gler eg meg til tida framover. Eg gler meg til å verkeleg legge dette bak meg.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 16.01.2025, kl. 20.08

Read Entire Article