Våpenkvile i Gaza: – Frykteleg mykje kan gå gale

4 months ago 50


I går blei partane samd om ei våpenkvile mellom Israel og Hamas. Benjamin Netanyahu har ikkje signert avtalen enno, og situasjonen er ustabil.

I denne saka kan du få svar på:

Kvifor nå?

Forsøk på ei våpenkvile har vore mange, men har ikkje kome i mål før nå.

Jørgen Jensehaugen ved Prio meiner president Joe Biden ikkje har lagt nok press på partane, som særleg har gjeve Benjamin Netanyahu høve til å trenere avtalen. Ytre høgre har og utnytta dette, seier Jensehaugen.

Nå er Donald Trump-faktoren høg.

– Benjamin Netanyahu har nok håpa på at Trump skulle gi han frie tyglar, men Trump har vore ganske tydeleg på at han vil at krigen skal vere over når han kjem til makta.

Kombinasjonen av ein meir eller mindre ferdig forhandla avtale, med press både frå Biden og Trump, var utslagsgjevande, trur Jensehaugen.

Donald Trump (til venstre, bak) og Benjamin Netanyahu (til høyre, foran) under en pressekonferanse i det hvitehus. De er begge kledd i dress, Trump med rødt slips og Netanyahu i blått, og står foran en gul gardin. Netanyahu stor foran en talersol og en mikrofon, Trump går forbi ham og har en hånd på armen hans.

Donald Trump og Benjamin Netanyahu under ein pressekonferanse i Det kvite hus i 2020.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Kvifor starta ikkje våpenkvila med ein gong?

81 menneske har blitt drepne i israelske angrep på Gazastripa sidan onsdag, ifølge lokale helsemyndigheiter.

Sjølv om våpenkvila vart godkjent onsdag, trer han ikkje i kraft før søndag 19. januar.

Det tar tid å gjere alt klart før ei våpenkvile, seier Jensehaugen. Gislar må bli klare for frigiving, til dømes.

– Og så bruker partane ofte det siste vindauget til å vise styrke – å vise at dei ikkje er komne til ein avtale frå ein svak posisjon, seier Jensehaugen.

Difor blir det òg mange angrep i siste liten.

  • Palestinians react to news on a ceasefire deal with Israel, in Khan Younis in the southern Gaza Strip, January 15, 2025. REUTERS/Hatem Khaled

    Hatem Khaled / Reuters / NTB

    Hovedpunktene i den foreslåtte gissel- og våpenhvileavtalen for Gaza

    Den ferske våpenhvileavtalen ble forhandlet fram av flere parter, og innebærer løslatelse av gisler og fanger. Israel vil også trekke tilbake soldatene sine fra Gaza.

    Sveip for å lese om de tre fasene.

  • Israels statsminister Benjamin Netanyahu viser frem den såkalte Philadelphi-korridoren

    Ohad Zwigenberg / Reuters

    Fase 1

    • 33 gisler frigjøres.
    • Det israelske forsvaret (IDF) trekker seg gradvis tilbake, men holder en sikkerhetssone rundt Gaza.
    • Fanger med livstidsdommer løslates, unntatt de som var med i angrepene 7. oktober.
    • Varer i 42 dager, med noe IDF-tilstedeværelse i Philadelphi-korridoren som er buffersonen mellom Gaza og Egypt.
  •  Israeli soldiers

    AP

    Fase 2

    • Samtaler om flere gisselfrigivelser og videre IDF-tilbaketrekning starter etter 16 dager.
    • Planer for sikker retur av palestinere til Nord-Gaza settes i gang.
  • Ruiner av hus i Gaza BY.

    AP

    Fase 3

    • Alle gisler frigjøres.
    • IDF trekker seg helt tilbake når alle gislene er frie.

    (Kilde: AP)

Kvifor utset Netanyahu signering av avtalen og kva betyr dette for han?

Benjamin Netanyahu er skulda for korrupsjon i Israel. Om han blir funnen skuldig, risikerer han fengselsstraff. Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har òg sendt ut ein arrestordre på Netanyahu, for krigsbrotsverk og brot på menneskerettane på Gazastripa.

Dess mindre kaos, dess større høve for rettssystemet i Israel å gå sin gang, meiner Jensehaugen.

Torsdag sa Netanyahu at han utset signering av avtalen, fordi Hamas ville endre han. Hamas nektar for dette.

Samstundes påstår Avigdor Lieberman, medlem av Knesset og leiar av det ytre høgre-partiet Yisrael Beiteinu, at Netanyahu stansa signering av ei avtale kor alle gislane vart frigitte på ein gong.

Det for å trekke ut avtalen og trygge eigen posisjon i den israelske regjeringa, meiner Lieberman.

Jensehaugen seier at risiko for regjeringskrise og motstand frå regjeringa, og ligg til grunn for utsettinga.

Både nasjonal tryggingsminister Itamar Ben-Gvir og finansminister Bezalel Smotrich har truga med å trekke seg frå regjeringa, om avtalen om våpenkvile blir signert.

– Viss dei trekk seg, og det er det ein overhengande moglegheit for, kollapsar regjeringa. Da er Netanyahu ille ute.

Eit anna spørsmål er og kva Netanyahu har gjeve regjeringspartnarane sine for at dei skal gå med på avtalen.

– Det kan vere dårleg nytt for Vestbreidda til dømes, trur Jensehaugen.

Kjem partane til å halde våpenkvila?

Onsdag sa utanriksminister Espen Barth Eide at dette er ein skjør avtale, og at Midtausten har ei lang historie med brotne våpenkviler.

– Det er ein konfliktsyklus. Alle krigar i Gaza blir avslutta med våpenkvile, så går det eitt, to, tre år, så startar det på nytt, seier Jensehaugen. Faren for det er til stades også nå.

Våpenkvila er i tre fasar, med trinnvis frigiving av gislar og uttrekking av militære. Jensehaugen seier det er bra, fordi det gir eit påskot til å halde fram med våpenkvila. Samstundes gjør det situasjonen meir skjør.

– Ein kan krysse fingrane for fase ein, seier Jensehaugen.

Men sjølv om den første fasen går bra, er det ikkje noko garanti for å kome til fase to, presiserer han. Det skal vere nye forhandlingar om fase to før 2. februar.

– Frykteleg mykje kan gå gale, meiner Jensehaugen.

– Det kan vere provokasjonar i Jerusalem, at fleire gislar er døde enn først antatt, eller at ein utbrytargruppe gjer noko dei ikkje burde.

Kva stansar Israel frå å angripe på nytt, når dei har fått gislane?

Dei israelske gislane skal som del av avtalen bli frigitt i fleire fasar. Ifølge nyheitsbyrået AP, skal Israel lauslate 30 palestinske fangar for kvart sivile israelske gissel som blir lauslaten.

For kvar kvinnelege soldat som blir lauslaten, skal Israel lauslate 50 palestinarar.

Å få dei israelske gislane fri, har vore ein viktig del av avtalen om våpenkvile.

En mann på elektrisk sparkesykkel suser forbi en stor vegg i Jerusalem. På veggen er det bilder av gislene fremdeles holdt fanget av Hamas, flere hundre av dem. Det er dag og lyst. Midt på veggen står det i hvitt og rødt "BRING DEM HJEM" på hebraisk og engelsk.

Ein vegg i Jerusalem med bilete av dei som vart kidnappa av Hamas 7. oktober 2023.

Foto: Ammar Awad / Reuters

Den store bekymringa til Hamas er kva som stansar Israel frå å angripe på nytt, når dei har fått alle israelarane heim, fortel Jensehaugen.

– Det er difor dei insisterer på gisselutveksling i fasar. Gislane har vore ein garanti for Hamas i denne prosessen. Det er kynisk, men slik er realiteten.

Jensehaugen meiner at våpenkvila er eit punktum i krigen for Hamas. Slik er det ikkje nødvendigvis for alle i Israel, trur han.

Det som kan stoppe Israel frå å gå til krig igjen, er eksterne aktørar som USA, seier Jensehaugen.

– Men det er ikkje gitt, seier han.

– For mange i Israel er dette ein pause i krigen. Dette er ikkje ein fredsavtale, dette er ikkje ein avslutning på konflikten.

Er dette starten på varig fred?

– Nei, svarar Jensehaugen kontant.

Eit av dei sentrale problema i konflikten er at det heile vegen har vore midlertidige avtaler og våpenkviler.

– Ein har aldri kome i nærleiken av ein ordentleg fredsavtale, som møter alle partar i konflikten.

Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr redaksjonens siste podkast:

Publisert 16.01.2025, kl. 19.03

Read Entire Article