På fiskemarknaden i hamnebyen Odesa møter NRK Valentyna. Byen ho bur i har vore utsett for omfattande angrep i løpet av krigen.
– Krigen øydelegg liva til folk. Mange har reist frå landet, seier ho.
Ho følgjer med på nyheitene frå forhandlingane om våpenkvile, og håpar på eit positivt resultat.
– Alt kan skje. Men alle forventar fred og håpar på betre tider, seier ho.
Opprydding etter dei russiske droneangrepa mot Odesa natt til fredag.
Foto: OLEKSANDR GIMANOV / AFP / NTB– Har tatt heimen min
Natt til fredag blei Odesa utsett for harde angrep. Russland har gjennomført ei rekkje angrep mot ulike ukrainske byar den siste veka, også hovudstaden Kyiv.
President Volodymyr Zelenskyj har igjen bedt om kraftigare press på Russland for å få ein slutt på krigen.
Denys ved hamna i Odesa.
Foto: Fredrik Tombra / NRKDenys er ute på søndagstur ved hamna i Odesa. I dag er det roleg i byen. Denys har vakse opp like ved marinebasen i Sevastopol på Krym-halvøya.
Familien flytta til Odesa i 2017 – tre år etter at Russland annekterte heimstaden.
– Eg er ikkje veldig optimistisk med tanke på samtalane om våpenkvile. Dei har allereie tatt ein av heimane mine, så ikkje ta endå ein, ver så snill, seier Denys.
Har tru på framgang
Søndag ettermiddag stadfesta den ukrainske forsvarsministeren at forhandlingane mellom USA og Ukraina om våpenkvile er i gang i Saudi-Arabia. Måndag møter USA utsendingar frå Russland.
Ein svært sentral person i denne prosessen er USA sin spesialutsending, Steve Witkoff.
Steve Witkoff, spesialutsending for president Donald Trump.
Foto: APFor ei veke sidan kom han tilbake frå eit møte med den russiske presidenten Vladimir Putin i Moskva.
I helga blei han intervjua av den profilerte programleiaren Tucker Carlson i The Tucker Carlson Show.
Forhandlingane om våpenkvile i Ukraina var eit sentralt tema i intervjuet.
– Eg er svært, svært optimistisk med tanke på å få til ei løysing. Vi har minska avstanden mellom partane i betydeleg grad, sa Witkoff.
I intervjuet gir han Donald Trump æra for det som no skjer i arbeidet for våpenkvile og fred.
– Alle løysingar vi ser, kjem takka vere president Trump. Vi har hatt meir framgang i Russland-Ukraina-konflikten på åtte veker enn nokon trudde var mogeleg. Putin har enorm respekt for Trump, sa Witkoff.
Den amerikanske presidenten Donald Trump, presidenten i Ukraina Volodymyr Zelenskyj og Vladimir Putin, president i Russland.
Foto: SAUL LOEB, MAXIM SHEMETOV / AFP / NTB– No snakkar vi om utfordringane
Ukraina har sagt ja til USA sitt forslag om våpenkvile i 30 dagar. Vladimir Putin har sagt nei til dette, men ja til å avslutte angrepa på ukrainske kraftverk. Han har opna for forhandlingar om ei våpenkvile i Svartehavet og sagt ja til fangeutveksling mellom Ukraina og Russland.
– No snakkar vi om desse spørsmåla. Vi snakkar om utfordringane med å gjennomføre ei våpenkvile i praksis, om ein slutt på angrepa i Svartehavet og angrepa på kraftverk og så vidare. Det er nytt, sa Witkoff.
I eit intervju med Fox News søndag gjentok han at han forventar klar framgang under forhandlingane i Saudi-Arabia.
Representantar frå USA, til venstre, og frå Russland, til høgre, møttest i Riyadh 18. februar for å diskutere ein mogeleg fred i Ukraina.
Foto: Evelyn Hockstein / AP / NTBTidslinje USA - Russland - Ukraina
Milepælar i arbeidet for våpenkvile og fredsavtale i Ukraina
– Eit vendepunkt
Kai Eide har jobba i utanrikstenesta frå 1975 til 2017, og har erfaring blant anna frå arbeidet som fredsmeklar på Balkan og FN-utsending til Afghanistan.
– Det er positivt at ein no diskuterer ein fredsprosess og ikkje berre korleis krigen kan vidareførast. Det er i seg sjølv eit vendepunkt, seier Eide.
– No ventar ein ny runde med forhandlingar. Kva er realistisk å få til?
– Først og fremst må semja om ei avgrensa våpenkvile konkretiserast. Altså avtalen om ikkje å angripe energi-infrastruktur og å unngå å skyte på kvarandre i Svartehavet. Dette bør vere innan rekkevidde – om partane er seriøse.
Kai Eide – med lang erfaring frå diplomatiet.
Foto: Tom Balgaard / NRKKrevjande avklaringar
Men Eide trur at diskusjonane om ei meir omfattande 30 dagars våpenkvile blir krevjande.
– Kvar går konfrontasjonslinja? Kor langt skal styrkar og tyngre våpen trekkjast tilbake for å redusere faren for avtalebrot? Kven skal overvake ei våpenkvile? Kvar skal dei komme frå og kva slags mandat skal dei ha?
Eide trur det kan ta lang tid å avklare slike spørsmål.
– Samtidig er det behov for å skape framgang i fredsprosessen. Det betyr at dei verkeleg vanskelege utfordringane – som Ukraina sin internasjonale status og spørsmålet om landområde snart også må på bordet, seier han.
Etter at Russland annekterte den ukrainske Krym-halvøya i 2014, har Russland også tatt kontroll over delar av fylka Luhansk, Donetsk, Zaporizjzja og Kherson. Desse landområda utgjer rundt 20 prosent av Ukraina.
Sjølv om han er optimistisk, vedgår Steve Witkoff at det blir vanskeleg å få på plass ei omfattande våpenkvile i Ukraina.
– Det er fleire vilkår som Russland vil ha avklaring på før dei kan gå med på våpenkvile. Det gjeld blant anna Kursk, eit område inne i Russland der ukrainske styrkar no er omringa, og det gjeld spørsmålet om dei fire omstridde fylka i Ukraina, sa Witkoff i intervjuet med Tucker Carlson.
Mørk raudfarge viser område med russisk framgang dei siste dagane.
– Uansvarleg skytteldiplomati
Kai Eide har lite godt å seie om måten USA styrer prosessen på.
– Det finst sjølvsagt konfliktar der det er vanskeleg å la partane møtast rundt det same bordet – i alle fall tidleg i prosessen. Men det føreset ein kompetent og nøytral meklar. Noko slikt har vi ikkje her.
Han seier at russarar og ukrainarar snart må kunne sitje saman og prøve å få til ein diskusjon.
– Det vil bli krevjande. Men dagens skytteldiplomati er uansvarleg.
– På kva måte?
– Dette handlar om det å vere likeverdige partar. Russarane er svært dyktige forhandlarar, alltid godt førebudde. Eg kjenner dei, eg har møtt dei i forhandlingar i ulike samanhengar frå 1977 til 2010.
Eide omtalar Trump-administrasjon som uerfaren, og kallar det «skremmande».
– Ukrainarane må setjast i stand til å forsvare sine interesser på ein annan måte enn gjennom ein heilt tydeleg inkompetent Trump-administrasjon.
– Ein avtale alle kan leve med
I intervjuet med Tucker Carlson seier Steve Witkoff følgjande om målet han har i arbeidet for våpenkvile og varig fred.
– Det er nødvendig at alle på ein eller annan måte er nøgde med resultatet, både ukrainarane og russarane. Og vi snakkar med europearane. Når eg seier nøgde, meiner eg at vi endar opp med ein avtale som alle kan leve med.
Det er planlagt fleire forhandlingsmøte i tida som kjem. Bloomberg News skriv søndag at USA håpar å ha ei omfattande våpenkvile på plass i løpet av nokre veker, rundt 20. april. Desse opplysningane er ikkje stadfesta frå andre kjelder.
Det er også planen å få i stand eit toppmøte mellom presidentane Donald Trump og Vladimir Putin.
Publisert 23.03.2025, kl. 16.51 Oppdatert 23.03.2025, kl. 16.54