Han er no dømd for seksuelle overgrep mot seks mindreårige jenter, men frifunnen for eit forsøk på seksuell omgang med ei 13 år gammal jente.
Han er også dømd for å ha lagt den 12 år gamle jenta og ei 15 år gammal jente ut for sal på Snapchat.
Mannen er dømd til åtte år og seks månader i fengsel.
I tillegg må han betale oppreisingserstatning på totalt 1,2 millionar kroner fordelt på dei sju jentene han er dømd for straffbare forhold overfor.
– Etter vårt syn er det ein solid og grundig dom som vil bli godtatt herifrå.
Det seier aktor Per Morten Schjetne.
Mannen har erkjent dei fleste forholda i tiltalen, utanom forsøket på seksuell omgang med den 13 år gammal jenta som han no også er frifunnen for.
Fleire av jentene er under 14 år, noko som gjer at også frivillig samleie blir rekna som valdtekt.
Dommen frå Trøndelag tingrett er einstemmig.
La ut jenter for sal
Ei av jentene var 12 år då mannen la ho ut for sal på Snapchat for å tilby seksuelle tenester.
I forklaringa si i retten sa mannen at han la jenta ut for sal fordi han skulle hjelpe henne å tene pengar.
Han skal også ha betalt 12-åringen for å ha seksuell omgang.
– Hadde han brydd seg om kor gammal eg var så hadde ikkje dette skjedd, sa jenta i eit tilrettelagt avhøyr.
Mannen la også ein jente på 15 år ut for sal.
– Utnytta sårbare jenter
Aktor bad i rettssaka om 10 år og 6 månader i fengsel for mannen, men meiner det likevel er ein grundig dom. Schjetne meiner mannen i 20-åra såg seg ut sårbare jenter.
– Han er ein ung mann, men samtidig er han vaksen nok til å forstå at han utnyttar unge, sårbare jenter til eiga tilfredsstilling. Han plukkar ut dei sårbare av dei sårbare.
Det sa aktor Per Morten Schjetne i rettssaka. Mannen i 20-åra betalte nokre av jentene for seksuell omgang i form av vippsoverføringar, snus, røyk og andre tenester.
– Når ein kjenner til sårbarheita til jentene, kor desperate dei er etter å få ein god venn, ein kjærast og å bli likt, påverkar det utmålinga, la koordinerande bistandsadvokat Lilli Marie Brimi til i retten.
Det er ikkje forsvarer Jasmin Gheshlagi einig i.
– Hans eiga sårbarheit har leia til andre sin skade, sa forsvararen i retten.
Forsvarar bad om rundt 7 år fengsel dersom han blei dømt for alle punkta i tiltalen.
Publisert 18.12.2024, kl. 09.32