Uventa pengestraum for bøndene

15 hours ago 5


Bonde Åmund Starheim ser lyst på framtida

– Det er berre å «gønne» på.

Han står i det nye fjøset sitt heime på Stårheim i Stad kommune i Nordfjord.

I nærområdet bygger fire bønder nytt fjøs.

– Vi hjelper og støtter kvarandre, og vi har trua på at mjølkeproduksjon er liv laga her, seier Starheim.

Han har investert 11 millionar i fjøset. Dei siste takplatene er i ferd med å bli lagt på.

På same tid har mjølkesalet i Noreg byksa rett til vêrs. Dei nådelause trendane spelar på lag med mjølkebonden.

Auka inntekt for mange bønder i 2024

Taket er omsider tett på nybygget. Det nærmar seg snorklipping på Stårheim.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Det er eit luksusproblem at marknaden spør etter det du produserer. Da må vi ikkje sitte bakpå og sutre og klage på dårleg økonomi. Da må vi ligge framme i skoa og utnytte den kapasiteten vi har. Rett og slett, fastslår han.

Han har ikkje regna på 2024-inntektene enda, men trur økonomien for mjølkeproduksjonen blir betre enn fjoråret.

Bondelaget gler seg

Stoda er særleg god for bønder med lite lån, ifølge produksjonsrådgivar Jo Helge Sunde. Han er ekspert på økonomi for mjølkeprodusentar.

– Dei har fått eit oppsving i økonomien, spesielt det siste året. Dei som har mykje gjeld, har kanskje ikkje opplevd det same, men eg trur at vi er på rett veg for dei også.

Fleire moment gir bøndene grunn til å plystre ein lystig melodi.

  • Stor etterspurnad og gode prisar. Bøndene har fått marsjordre om å produsere for fulle muggar.
  • Tre gode jordbruksoppgjer på rad.
  • Den galopperande prisauken ser ut til å roe seg.

Åmund Starheim gard

I dag står dyra på bås. I det nye fjøset er det lausdrift, slik blir krav om i 2034.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Også Bondelaget, som kanskje ikkje er mest kjend for hurrarop, erkjenner at det er mykje å glede seg over.

– Vi er fornøgd med at det er moglegheiter for inntekt for mjølkeprodusentane, seier Bondelagsleiar Bjørn Gimming.

Andre grupper av bønder har også hatt eit oppsving, kanskje bortsett frå produsentane av storfekjøt.

– For meg som bondelagsleiar er det aldri eit alternativ å kvile på laurbæra og seie at «nå er vi fornøgd».

Skrur opp mjølkekrana

Mjølkebøndene kan i år produsere så mykje mjølk dei berre klarer.

Neste år kan dei gå over kvoten med 20 prosent, og likevel få full pris for mjølka.

Men Dagros lagar ikkje meir sjølv om bonden spør pent, og det tar lang tid å avle fram fleire kyr.

Bøndene har likevel produsert 70 millionar liter meir mjølk i år enn i fjor. Det er ein auke på 5 prosent. Neste år er målet å auke med ytterlegare 50 millionar liter.

  • Tine Byrkjelo Thorkild Heieren

    Thorkild Heieren har vore meieribestyrar i lang tid, men ikkje på 20 år har opplevd auke i konsumet for drikkemjølk.

  • Norvegia Tine Byrkjelo

    Dei lagar over halvparten av Norvegiaen i landet.

  • Meieriet på Byrkjelo

    Protein-produkt som cottage cheese og Yt har hatt veldig stor auke. Her ligg ost for modning.

På Tine-meieriet på Byrkjelo er det ikkje mykje juleferie å få. Her går produksjonen for fullt.

Det kan bety ekstrabetalingar til bøndene neste år.

– Vi har så langt i år hatt ei salsauke på dei fleste meieriprodukt, seier meierisjef Thorkild Heieren.

Mykje av auken er på grunn av protein-produkt, som cottage cheese, mjølk med smak og yoghurt.

Optimisme på tunet

På Stårheim har Starheim håp om at dei første dropane skal renne gjennom mjølkeroboten i april.

Trass i eit lett ganglag over tunet er han ingen unggut. Det var no eller aldri med nytt fjøs, følte han.

Auka inntekt for mange bønder i 2024

Fire ivrige barn gjorde det lettare for Starheim å investere.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

No er det framtidstru på garden, som har vore i drift sidan vikingtida.

– Eg må ha ein lettare kvardag, for eg har stått opp tidleg i mange år. Så har vi jo fire barn som er interesserte og som er med. Det gjer det kjekkare.

Publisert 28.12.2024, kl. 08.18

Read Entire Article