Ein fargeeksplosjon i grønt, rosa og blått dansa over himmelen mange stader i Sør-Noreg i natt.
Kanskje du var blant dei som foreviga synet ved hjelp av mobilen din?
Men om du gjekk glipp av gårsdagens fargespel, så er det håp.
– Uvanleg mykje nordlys
Ifølge Pål Brekke, fagsjef for romforsking ved Norsk romsenter, er det mange gode moglegheiter framover.
Men vi har også hatt veldig mykje nordlys i heile vinter, seier han.
Sidan 1. oktober i fjor har han telt opp nordlys synleg frå Sør-Noreg over 40 gonger.
– Det er ganske uvanleg, seier Brekke.
Han legg til at i halvparten av tilfella har det vore dårleg vêr, noko som ikkje gjer det like enkelt å sjå fargespelet.
Men i går kveld var det derimot klart vêr mange stader, og dermed gode forhold for å sjå nordlyset.
Sjølv var Brekke på hytta på Sørlandet, og fekk dermed ikkje nyte synet av himmelen bada i fargar.
Det er langt frå tilfeldig at vi har mykje nordlys no for tida, forklarar han.
– Sola styrer nordlyset og kor mykje vi får av det. Akkurat i år er sola på maksimum i syklusen, og det gjer til av vi får uvanleg mykje nordlys i Sør-Noreg.
Også dei to neste åra ligg an til å verte svært gode.
Om du tek ein kikk mot himmelen i neste veke, er det gode moglegheiter for fleire slike syn.
Foto: June Målfrid Rønning Johansen / NRKMedan nordlyset har blitt meir vanleg enn før i den sørlege delen av landet, er situasjonen annleis i Nord-Noreg.
– No kjem snart midnattssola og då blir det for lyst til å sjå nordlyset etter kvart. Her i Sør-Noreg har vi ganske mørke kveldar om sommaren, så då får vi kanskje også sjå nordlys om sommaren, seier han og legg til:
– Kanskje det er Sør-Noreg som i tida framover kan lokke turistane med nordlys?
Gode moglegheiter neste veke
Det er det gode moglegheiter for å sjå nordlys i Sør-Noreg 22. og 23. april.
For skal du sjå nordlys, må det vere klart vêr.
Statsmeteorologen Emili Carin Rønning seier skydekket kan gjere det vanskeleg å sjå nordlys.
– Sjølv om vi har veldig klare dagar, så kan vi få skyer om natta. Og då kan det verte vanskeleg å sjå det, seier ho.
Men i kveld og natt kan det verte skyfritt mange stader. Best sjansar er det på Vestlandet, og då særleg nord i Sogn og Fjordane og i Romsdal.
På yr.no kan du sjekke kor gode nordlysforhold det er på din heimplass ved å gå inn på «andre varslar», og deretter gå inn på nordlysvarselet.
Publisert 20.04.2025, kl. 14.11 Oppdatert 20.04.2025, kl. 14.36