Det er berre å innsjå det: Vinteren har gått i hi før han eigentleg var ferdig. Medan bitande kulde frå aust dominerte årets første to månader, har mars snudd om på flisa.
Over heile landet.
Spesielt på Vestlandet, der meteorologane har målt dei seks høgaste middeltemperaturane samanlikna med normaltemperaturane for månaden. Varmast i Møre og Romsdal med 15,6 grader i Valldal.
Gjessen og andre trekkfuglar er alt tilbake i Noreg, som her i Arendal.
Foto: Jarle I. Kvam– Medan januar og februar her til lands var dominert av kalde luftmassar frå aust, har mars starta med mild luft frå sørvest, stadfestar klimavakt Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.
– Er mild mars blitt normalen?
– Ja, du kan så seie. Pussig nok har vi hatt to svært milde mars-månader på rad no, både i 2024 og 2025. Men mars 2023 var kald.
Jarle I. Kvam i Arendal møtte nyleg sin aller første blåveis for året, liten og gøymt blant fjorårets lauv og anna rusk og rask ...
Foto: Jarle I. KvamGod og varm Tromsø
Når Meteorologisk institutt overvakar ein månad, følgjer dei dagleg med på fem faste stadar: Bergen, Oslo, Værnes, Tromsø og Svalbard.
Denne overvakinga stadfestar at tromsøværingane har kjent rett, om dei har kjent det uvanleg behageleg på kaien dei siste dagane.
Her kan Mamen fortelje om ein ikkje berre «litt mild» start på mars. Her starta målingane i 1920.
I Tromsø har mars starta med uvanleg stor snøsmelting.
Foto: Elena Bulai Løvland / NRK– I Tromsø er perioden 1.–9. mars i år den varmaste som nokon gong er registrert, delt med 1959. Avviket frå normalen er på massive 4,5 grader.
Endå mildare er det på Svalbard, der avviket er 8,9 grader over normalen.
I Bergen er årets mars den fjerde varmaste. Avviket frå normalen er +3,5 grader. Likevel, som i Oslo og på Værnes var likevel mars 2025 varmare.
Hestehoven er av dei aller første og sikraste vårteikna. Som her i Larvik.
Foto: Hanne Lisbeth NyquistFramleis mildt
Statsmeteorolog Unni Nilsen ventar at mildvêret vil halde fram. Særskilt i ytre strok.
– I samband med kraftig sønnavind torsdag, blir det ny moglegheit for fønvind og høge temperaturar på Nordvestlandet, seier ho.
Men det er ikkje berre sol og varme i vente. Paraplyen kan bli eit viktig tilbehøyr i tida framover. Spesielt på Vestlandet.
– Det blir vått og vindfullt. Området rundt Kvamskogen er venta å få heile 150 mm nedbør fram mot søndag kveld, seier Nilsen og legg til:
– Skal du ha minusgrader og skiføre, må du truleg opp i 600–800 meters høgd, eller halda deg til fjelltraktene på Austlandet nattetid.
Kraftig vind vil også prege store delar av landet dei kommande dagane. Onsdag og torsdag blir det sørleg kuling i alle landsdelar, og opp i liten til full storm på kysten i vest.
Sist det var så kraftig vind over heile landet var i januar.
Grafikk: Meteorologisk instituttPåskeidyllen i fare
Med påska berre tre veker unna, ser det ut til at ein må både høgt til fjells og godt inn i landet for å finne påskesnøen.
Framleis er det stader som har snø, men vinteren har lagt att mindre snø enn normalt i store delar av landet.
– Med ein så mild mars, i tillegg til at det allereie er mindre snø enn normalt i store delar av landet, må vi kunne seie at det spøkjer for påskeidyllen, seier Mamen.
Meteorolog Nilsen kjem derimot med eit lite håp til skientusiastane.
– Det er tidleg å seie noko sikkert, men det er vel eit visst håp om at det framleis ligg snø når ein kjem over 600–800 moh.
Publisert 10.03.2026, kl. 15.15
















English (US)