Vitinha, Gonçalo Ramos, Ousmane Dembélé og Désiré Doué scora for PSG i straffesparkkonkurransen.
Berre Mohamed Salah gjorde det same for heimelaget Liverpool.
Darwin Núñez og Curtis Jones bomma for raudtrøyene, som dermed er ute av den gjæve klubbturneringa.
– Du merka ei kjensle av angst blant Liverpool-fansen då Núñez gjekk fram og skulle skyte, sa Stephen Warnock på BBC Radio 5.
– Fullt fortent at Liverpool ryk ut, meinte TV 2-ekspert Jesper Mathisen.
UTE: Virgil van Dijk og Liverpool.
Foto: Peter Powell / Reuters / NTB– Vi var veldig gode
Liverpool-kaptein Virgil van Dijk seier dei visste det ville bli veldig tøft då dei fekk PSG som motstandar i 1/8-finalane.
– Vi strevde i Paris, då vi vann. I dag såg vi eit veldig godt Liverpool-lag, men vi er ute av konkurransen, sjølv om eg synest vi var ganske gode, sa van Dijk til Amazon Prime, sitert av BBC.
PSG skal møte Aston Villa eller Club Brügge i kvartfinalen.
– Dei var heilt fantastiske i kveld. Ein kamp heilt på ypparste nivå. PSG var eineståande. Dei heldt på nervane i straffesparkkonkurranse, meinte Stephen Warnock.
AVGJORDE: Ousmane Dembélé scora på den fjerde straffa til PSG. Dermed var Liverpool ute etter å ha bomma på to av sine tre forsøk.
Foto: OLI SCARFF / AFP / NTBUventa trøbbel
I Premier League leiar Liverpool med heile 15 poeng på næraste utfordrar Arsenal, som rett nok har ein kamp til gode.
Også i grunnspelet i Meisterligaen var Liverpool overlegne med sju av åtte moglege sigrar.
1/8-finalen, over to kampar mot franske PSG, viste seg å bli langt tøffare.
UTE: Liverpool og manager Arne Slot.
Foto: Peter Powell / Reuters / NTBPSG-sjansar
Beraldo og Désiré Doué hadde begge gode sjansar for PSG tidleg i første ekstraomgang.
I andre ekstraomgang hadde Ousmane Dembélé ein stor sjanse som Liverpool-keeper Alisson redda fint.
– Utruleg nervøs stemning på Anfield no, sa Jesper Mathisen i andre ekstraomgang.
Men ein dramatisk 1/8-finale i Meisterligaen måtte til slutt altså avgjerast på straffesparkkonkurranse.
BERRE NESTEN: Mohamed Salah hadde to store sjansar tidleg i kampen.
Foto: Peter Powell / Reuters / NTBMot spelets gang
I det første oppgjeret i Paris var det PSG som skapte sjansane, men berre Liverpool som scora.
At dei elles så solide engelske ligaleiarane vann 1–0 vart rekna som svært ufortent.
I returkampen på Anfield skifta derimot laga både på å ha initiativet og å skape sjansar.
Mohamed Salah brente to sjansar tidleg.
– Han burde ha scora på begge, meinte tidlegare Liverpool-spelar Stephen Warnock på BBC Radio 5 Live si sending.
Like etter sjansane, i det 12. minutt, sende Ousmane Dembélé bortelaget i leiinga etter å ha pirka ballen i mål frå kort hald.
TIDLEG LEIING: Ousmane Dembélé sende PSG i leiinga.
Foto: Jon Super / AP / NTBLiverpool tok over
Etter scoringa losna det spelemessig for PSG, som skapte fire store sjansar før pause.
Anten vart avslutningane for dårlege, eller så stod Liverpool-keeper Alisson i vegen.
Etter pause var det derimot Liverpool som tok over spelet igjen.
Før det var spelt 60 minutt hadde dei brent to store sjansar, i tillegg til ei nettkjenning frå Dominik Szoboszlai vart annullert for offside.
Liverpool hadde eit bra spelemessig overtak utover i omgangen, utan å kome til dei heilt store sjansane.
Rett nok vart det blåst for offside då Jarell Quansah heada i stonga, utan at TV-bileta gav noko godt svar på kvifor.
– Dei har hatt marginane med seg denne omgangen, men dei har jobba for dei marginane også, sa TV 2-kommentator Øyvind Alsaker om PSG.
I STORFORM: Alisson tok alt i bortemøtet med PSG sist veke, og var svært god denne gongen også.
Foto: Jon Super / AP / NTBSkremmeskot frå «Kvaradona»
PSG skapte lite i 2. omgang.
Georgiske Khvicha Kvaratskhelia, ofte berre kalla «Kvaradona» kunne derimot ha sendt PSG til kvartfinale tre minutt før full tid.
Langskotet hans gjekk derimot like over lengste kryss.
– Begge laga har mista energien, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen om utviklinga utover i 2. omgang.
Men det gjekk altså til ekstraomgangar og vidare til straffesparkkonkurranse.
BOM: Khvicha Kvaratskhelia brende ein stor sjanse i slutten av 2. omgang.
Foto: Dave Thompson / AP / NTBSjølv om Liverpool er ute av Meisterligaen kan dei framleis vinne to trofé i år.
Mykje rart skal skje om dei ikkje vinn Premier League, og i helga skal dei opp mot Newcastle i finalen i Ligacupen.
Publisert 11.03.2025, kl. 23.42 Oppdatert 12.03.2025, kl. 00.14