Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_828a0879455e7480e0422890de6654d5, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Utanlandsk arbeidar døydde i arbeidsulykke på Stord - NorwayToday

Utanlandsk arbeidar døydde i arbeidsulykke på Stord

9 hours ago 4


Det stadfestar operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Helen Rygg Ims.

Dei pårørande til mannen er varsla.

Døydde av klemskade

Avdøde er ein utanlandsk statsborgar i 40-åra. Han døydde som følgje av ein klemskade.

Naudetatane rykte ut då meldinga om ulykka kom klokka 14.38.

Det er så langt uklart korleis ulykka skjedde. Politiet opprettar sak etter ulykka.

Verftet byggjer nye installasjonar, men har også eit anlegg for opphogging og gjenvinning av eldre plattformer. NRK får stadfesta frå Aker Solutions at det var der ulykka skjedde.

Tilsett hos underleverandør

– Vi har med stor sorg mottatt informasjon om at ein av våre kollegaer døydde etter ei arbeidsulykke i dag, 3. april, skriv kommunikasjonsansvarleg Odd Naustdal i ei melding til NRK.

Naustdal opplyser at dei rundt kl 14.30 fekk melding om at ulykka skjedde mens vedkommande stod i ein lift og jobba i høgda.

Nødetatene kom raskt til stedet og Aker Solutions’ eget industrivern ble mobilisert.

– Trass i livreddande innsats, stod ikkje mannens liv til å redda, seier Naustdal.

Vedkommende var tilknytt ein av underleverandørane deira. Aker Solutions sin krisestab med relevant ekspertise er mobilisert. 



– Vårt fokus no er å bistå politi og myndigheiter i arbeidet med å undersøkja korleis dette skjedde, få fram fakta for eigne vurderinger rundt korleis ulykka kunne skje, og ivareta både kollegaer og andre som er berørte av denne tragiske hendinga, skriv Naustdal.

Publisert 03.04.2026, kl. 18.49 Oppdatert 03.04.2026, kl. 18.59

Read Entire Article