USA står saman med Russland i FN-resolusjonar om Ukraina

3 hours ago 3


I natt blei den eine resolusjonen vedteke av FNs tryggingsråd og tek til orde for ein rask slutt på Ukraina-krigen, men utan å kritisere Russland.

Forslaget blei lagt fram av USA og fekk støtte av Russland. Men fem land avstod frå å stemme, blant dei USA-allierte Frankrike og Storbritannia.

Avstemmingane i tryggingsrådet skjedde kort tid etter ei anna avstemming i FNs generalforsamling. Der stemte 93 land for ein resolusjon som la skulda for Ukraina-krigen på Russland, fordømte Russland si krigføring og som krev at russiske styrker trekk seg ut av Ukraina.

18 land stemte i mot forslaget. Blant dei var Russland og russiske allierte som Belarus og Nord Korea.

Men også USA stemte i mot.

Andre gongen

Med dette har USA fått mykje merksemd for å ha stemt saman med Russland to gonger i FN.

I natt sa Putin at Trump si tilnærming til krigen mellom Russland og Ukraina er rasjonell og ikkje drive av kjensler. Han har likevel inntrykk av at den kanskje ikkje vil ende så raskt som Trump ynskjer.

Vedtekter frå tryggingsrådet er rettsleg bindande for medlemslanda, men ikkje vedtekter frå FN si generalforsamling. Generalforsamlinga har likevel stor symbolsk betyding og viser kva alle medlemslanda i FN meiner om mellom anna konflikter.

Desse FN-resolusjonane føyer seg inn i rekka av hendingar som at auka forskjellane mellom USA og Europa sine tilnærmingar til krigen i Ukraina.

United Nations General Assembly And Security Council Meet On 3rd Anniversary Of War In Ukraine

I natt norsk tid møtte FN til generalforsamling.

Foto: AFP

USA og Russland har vetorett

I tryggingsrådet i FN sit der fem permanente medlemmer: USA, Russland, Kina, Storbritannia og Frankrike. Desse har vetorett mot forslag som rådet diskuterer. Om eitt av landa legg ned veto, blir ikkje forslaget vedteke.

I tryggingsrådet sit også ti andre medlemmar som rullerer på å sitje i rådet i toårs syklusar.

I generalforsamlinga, derimot, sit alle medlemdslanda i FN. Her har alle land éi stemme kvar, uavhengig av kor stort landet er, og kvar stemme tel like mykje.

Publisert 25.02.2025, kl. 08.56

Read Entire Article