Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_575e0d3a936e591a6e43c0ef4bec89da, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
USA-senator truar oljefondet: – Det vil få konsekvensar - NorwayToday

USA-senator truar oljefondet: – Det vil få konsekvensar

1 month ago 16


– Til Noregs pensjonsfond – som er det største i verda: dykkar avgjerd om å straffe Caterpillar, eit amerikansk selskap, fordi Israel brukar nokre av deira produkt, er meir enn støytande.

– Dykkar BS (bull shit, journ. anm.) avgjerd vil få konsekvensar.

Det skriv Graham på X. Det var TV 2 som først omtalte kommentaren, og seinare også DN og E24.

Måndag denne veka vart det kjent oljefondet hadde trekt seg ut av den amerikanske anleggsmaskingiganten Caterpillar.

Selskapet har i fleire år vore under lupa, då Israel brukar bulldosarar frå Caterpillar, til å øydelegge palestinsk eigedom.

En gruppe gule anleggskjøretøyer

Caterpillar er verdas største produsent av anleggsmaskiner, og lagar alt frå gravemaskiner til bulldosarar.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / AFP / NTB

«Slik Etikkrådet vurderer det, er det ikkje tvilsamt at Caterpillar sine produkt blir brukte til å gjere omfattande og systematiske brot på humanitærretten. Selskapet har heller ingen eigne tiltak for å hindre slik bruk», skriv rådet i si tilråding om å stenge selskapet ute frå fondet.

NRK har vore kontakt med oljefondet, som ikkje ønskjer å kommentere saka.

Sidan debatt kring oljefondet sine israelske investeringar for alvor blussa opp i starten av august, har fondet trekt seg ut av fleire israelske selskap.

Caterpillar er så langt det einaste ikkje-israelske selskapet oljefondet har varsla at dei har trekt seg ut av, som følgje av debatten den siste tida.

Ved utgangen av 2024 hadde oljefondet aksjar i Caterpillar til ein verdi av 24,4 milliardar kroner.

Tidslinje om oljefondet sine israelske investeringar

Publisert 28.08.2025, kl. 14.04 Oppdatert 28.08.2025, kl. 14.49

Read Entire Article