Den amerikanske militærkommandoen Centcom opplyser at angrepet måndag blei utført i sjølvforsvar, for å verna eigne troppar mot iranske trugslar
Aksjonen skal ha vore retta mot konkrete rakettutskytingsstader sør i Iran, og dessutan fartøy som prøvde å legge ut miner i havområdet.
– Styrkane fortset å forsvare seg sjølve samtidig som dei held seg tilbake, seier marinekaptein Tim Hawkins, som er talsperson for den militære overkommandoen.
Ifølge ein høgtståande amerikansk tenestemann blei to iranske båtar observerte mens dei la miner i Hormuzsundet, og dessutan at dei også reagerte på at eit missilanlegg hadde retta seg mot amerikanske krigsfly. skriv Fox News.
Tidlegare måndag kom det meldingar om eksplosjonar i ulike regionar ved Hormuzsundet, og ein eksplosjon i Bandar Abbas i Iran.
Rubio trur framleis på ein avtale med Iran
USAs utanriksminister Marco Rubio seier at ein avtale med Iran framleis er mogleg å få i hamn, sjølv om USA har gjennomført nyleg har gjennomført angrep i Iran.
– Men forhandlingane om ein avtale med Iran kan krevje fleire dagar med diskusjonar.
Rubio understreka også at det er viktig å halde Hormuzsundet ope.
– Sundet må vere ope, og det kjem til å vere det på ein eller annan måte, sa Rubio til pressa under ein flytur til Jaipur i India natt til tysdag.
USAs utanriksminister Marco Rubio trur på ein avtale med Iran sjølv om USA gjennomførte angrep mot Iran natt til tysdag.
Foto: Julia Demaree Nikhinson / Pool AP,NTBTrumps plan om Irans «atomstøv»
USAs president Donald Trump foreslår to løysingar for handteringa av Irans berikede uran, av han omtalt som «kjernekraftstøv».
– Det kan enten straks overleverast til USA for å bli frakta dit og destruert, eller, som ei betre løysing, bli destruert i samarbeid og koordinering med Den islamske republikken Iran, skriv Trump på Truth Social.
Han skriv vidare at dette kan skje på staden, eller på eit «annan akseptabel stad», med atomenergibyrået til stades for å overvake prosessen.
Spørsmålet om uranoppriking har lenge vore eit stort stridspunkt i samtalane mellom USA og Iran om ein potensiell fredsavtale.
USAs president Donald Trump ser for seg to løysingar på handteringa av Irans uran
Foto: Alex Brandon / AP,NTBPublisert 26.05.2026, kl. 05.39 Oppdatert 26.05.2026, kl. 05.46















English (US)