USA krev igjen at militærstøtta blir betalt tilbake: – Ei skam

1 day ago 5


Den førte til ein stor krangel i Det kvite huset.

No står mineralavtalen mellom Ukraina og USAs vilje til å mekle fram ei våpenkvile med Russland.

Ukraina sin utanriksminister seier tysdag at dei jobbar med å forhandle fram ein «gjensidig akseptabel» avtaletekst som begge land kan signere.

– Det er alltid viktig å styrke amerikansk forretningsverksemd i Ukraina, seier Andriy Sybiga vidare.

En mann i mørk militæruniform krangler med en mann i blå dress med rødt slips

President Volodymyr Zelenskyj (v) blei skjelt ut av Donald Trump (h) då dei sist skulle forhandle om avtalen i Det kvite huset.

Foto: SAUL LOEB / AFP / NTB

Men måndag skulda president Donald Trump sin ukrainske kollega for å «prøve å trekke seg ut» av det føreslegne samarbeidet.

– Dersom han gjer det, har han nokre problem. Store, store problem, sa han.

I den nye avtaleteksten, som fleire amerikanske medium har fått tilgang på, har USA henta tilbake fleire av sine gamle krav.

en mann som sitter i en stol og jobber med maskineriet i en gruve

Zjytomyr-regionen i Ukraina inneheld så mykje som 65 millionar tonn titan, seier gruveoperatøren på biletet til nyheitsbyrået AFP.

Foto: ROMAN PILIPEY / AFP / NTB

Ber om pengane tilbake

Kyiv meiner at omtrent 5 prosent av dei kritiske råmateriala i verda er i Ukraina. Det er desse avtalen har fått namnet sitt etter.

USA vil ha halvparten av fortenesta frå alle naturressursane i landet, og frå relevant infrastruktur som røyrleidningar og hamner.

Blant ressursane er litium og titan, som er brukte i mange moderne teknologiar. Dei finst i smarttelefonen din, i elbilane til Tesla, i vindmøller og i våpen.

Krava stoppar ikkje der. USA vil at Ukraina betalar tilbake militærstøtta dei har fått av amerikanarane etter tre år med krig.

en gruppe soldater som går ved en leveranse av amerikanske antitank-missil

USA er landet som har levert klart mest militær støtte til Ukraina så langt i krigen. Her er ein leveranse av amerikanske missil til bruk mot stridsvogner i februar 2022.

Foto: SERGEI SUPINSKY / AFP / NTB

Kravet stod også i eit tidlegare utkast, som ukrainarane avviste, skriv The New York Times.

Pengane skal ikkje rett i lomma på amerikanarane, men inn i eit ukrainsk fond eigd av USA.

Når Ukraina har betalt inn 500 milliardar dollar, eller 5,2 billionar kroner, vil Trump rekne at Ukraina har betalt tilbake gjelda si. I tillegg vil han ha 4 prosent i årleg rente.

Men startbeløpet er fire gongar større enn det USA faktisk har gitt dei naudhjelp, har den amerikanske avisa rekna seg fram til.

– Kan koste dei støtta frå USA

Volodymyr Zelenskyj har tidlegare sagt at det ikkje er aktuelt for Ukraina å betale tilbake pengar dei har fått i bistand.

– Det er ei skam at pengar som har blitt gitt bort plutseleg skal vere lån, seier direktør for Fridtjof Nansens Institutt, Iver Neumann, til NRK.

– Trump oppfører seg slik ein gjer i forretningslivet, og det er ikkje noko alvor over dette. Når eit land har vore i krig i tre år og ein har støtta det, skulle ein tru at det hadde skapt ein viss sympati, einskap og solidaritet.

Iver B. Neumann i Nyhetsmorgen 17. februar 2024

Iver Neumann trur ikkje at Ukraina vil seie ja til avtalen, slik USA har føreslått den no.

Foto: Lars Os / NRK

Han trur ikkje at Ukraina kjem til å gå med på vilkåra. Det at dei ikkje nektar tvert handlar om å «halde USA varme», meiner han.

– Eg trur ikkje på at dei kjem til å seie ja til ein så dårleg avtale. Samtidig er dei heilt avhengige av å ikkje framandgjere Trump for mykje, seier han.

– Men alt det dreier seg om, er at det kan koste dei støtta frå USA. Dersom Trump gjer alvor av det, har Ukraina eit kjempeproblem.

Framleis ingen tryggingsgarantiar

Kva Ukraina vil få att for avtalen, står det ikkje mykje om i dette utkastet, ifølge avisene og nyheitsbyråa som har gjeve att innhaldet.

Teksten inneheld ingen garantiar for vidare militær støtte, slik Ukraina har bede om fleire gongar, skriv dei vidare.

Det nasjonale tryggingsrådet i USA vil ikkje stadfeste innhaldet, ifølge Reuters. Men talsperson James Hewitt hevdar at Ukraina vinn på det.

en person som står foran flagg

Volodymyr Zelenskyj har ikkje avvist det siste utkastet til mineralavtalen.

Foto: TETIANA DZHAFAROVA / AFP / NTB

– Mineralavtalen tilbyr Ukraina moglegheita til å forme eit varande økonomiske forhold til USA, som er grunnlaget for langvarig tryggleik og fred, seier han til nyheitsbyrået.

Sist torsdag skulda Zelenskyj dei amerikanske styresmaktene for å «konstant» endrar på vilkåra.

Han sa likevel at Ukraina ikkje er imot avtalen, og at han ikkje vil Washington skal tru det er tilfelle.

– Nesten koloniserande

Dersom Zelenskyj godtek avtalen slik den er, vil det by på store politiske og økonomiske vanskar for Ukraina.

Det meiner Jakub Godzimirski, som forskar på europeisk tryggingspolitikk ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

– Det som det blir snakka om no, blir framstilt som ei nesten koloniserande overtaking av naturressursar i Ukraina, seier han til NRK.

Jakub Godzimirski forsker NUPI

Jakub Godzimirski forskar særleg på Russland, men også tryggingspolitikk i Nato og Europa.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Godzimirski trur at Trump vil gi etter på nokre av punkta sine, og at avtalen blir signert av begge partar til slutt.

– Vi snakkar om ein leiar som sender veldig mange forskjellige signal i løpet av berre nokre timar, seier han.

– Kanskje kjem Trump til å godta vilkåra til Ukraina når ei ny runde med forhandlingar har funne stad.

Interessert i fleire saker frå Utanriksredaksjonen? Høyr vår siste podkast:

Publisert 01.04.2025, kl. 18.07

Read Entire Article