USA får unntak for reglane for innførsel av stridsrasjonar

2 hours ago 4


Som NRK fortalde onsdag, har containerar med amerikanske feltrasjonar stått fast i tollen i snart eitt år.

Grunnen er strenge EU-reglar som seier at maten må fylle dei same strenge krava som mat som blir seld i norske butikkar.

No har saka løyst seg, seier statssekretær Hans Christian Kjølseth i Forsvarsdepartementet til NRK:

– Av omsyn til nasjonal tryggleik gjer vi eit unntak for reglane. Dette har teke for lang tid å avklare. Det er viktig at Noreg som vertsnasjon viser at vi kan ta imot og nytte allierte forsterkingar. Amerikanske styresmakter er informerte om dette, skriv han i ei melding til NRK.

Read Entire Article