Det er krig i verda, men det er ikkje nødvendigvis uro i utlandet som bekymrar dei unge aller mest.
Opinion har gjort ei undersøking der dei spurde unge mellom 15–29 år frå heile landet om kva det er som bekymrar dei mest.
Øvst på lista tronar auka prisar.
72 prosent av dei spurde meiner at det er auka prisar, spesielt lånerenter, mat og straum som er den gjennomgåande bekymringa.
Det merkar også dei unge som NRK har møtt i Fredrikstad.
– Eg trur alle slit med lommeboka si. Alt går opp, og eg trur unge føler at dei heng etter, seier Aleksander Nordbø.
Han trur fleire unge kjenner på at samfunnet ikkje fungerer heilt, og på ein viss frustrasjon.
– Noreg druknar jo i pengar, med eit oljefond på fleire tusen milliardar, men samtidig så legg dei ned vidaregåande skolar og sånt, seier Nordbø.
Sett under eitt, viser tala at det er unge kvinner som bekymrar seg mest. Og desto eldre ein er, desto meir bekymrar ein seg.
Dei nære tinga
Så kvifor er unge meir opptatt av sine eigne økonomiske problem?
– Det er fordi ein kjenner det på lommeboka, seier økonomirådgivar Lene Drange.
Luksusfellen-økonomen meiner unge ofte har planar og drøymer om både hus og heim. Når dei ser at bustadprisane spring ifrå dei, så forstår du at du kanskje aldri få råd til det du drøymer om.
Og samtidig som inflasjonen har herja landet vårt, så har ikkje studielån og vanleg lønn justert seg like mykje.
– Mange unge har blitt mykje fattigare enn dei som er «eldre». Og det er fordi mange unge kanskje er nedst på lønnsnivået. Da strekk ikkje lønna til. Mange unge har ikkje opplevd reallønnsvekst, slik som alle snakkar om, seier Drange.
Som ung må ein gjere seg nokre dyrekjøpte erfaringar. Det er få som har full peiling på kva privatøkonomi inneber når dei flyttar ut av reiret.
– Du må lære deg kor mykje det kostar å fylle opp kjøleskapet. Det er dyrt med ost og kjøttdeig. Om du har dette friskt i minne, og spør nokon om kva som bekymrar deg mest, så er det dei nære tinga som ligg fremst i pannebrasken.
Krig, klima og natur
Sjølv om auka prisar er den største bekymringa, så kjem krig og uro i verda på andreplass. Deretter naturøydeleggingar og klimaendringar.
Mens krigsuroa har auka dei siste åra, så har naturøydeleggingar og frykta for klimaendringar dabba av sida 2020.
Elisabeth Kilaas seier ho ser tendensen også blant vennene sine.
– Før var folk veldig opptatt av klima, nå kjenner eg folk har tatt litt avstand frå det. Og det synest eg er skremmande. Men eg håpar at det ikkje held fram med å utvikle seg sånn.
Men éin stad i Noreg blir bekymringa for klimaproblem og naturøydeleggingar forbigått av noko på det litt meir personlege planet.
Noregs minst bekymra fylke?
Men det er ikkje tilfeldig at NRK har snakka med ungdom i Fredrikstad i Østfold. Det er nemleg i dette fylket at ungdom flest er mest bekymra for sin eigen økonomi.
55 prosent av dei spurde østfoldingane mellom 15–29 år er bekymra for pengane sine. Ein av dei er Isabella Stefansdottir.
– Det som bekymrar meg mest er jo å ikkje ha nok pengar, seier Stefansdottir.
Samtidig ligg østfoldingane nedst på statistikken på mykje anna. Når vi samanliknar dei med resten av fylka i landet er dei minst bekymra for:
- Krig og uro i verda.
- Øydelegging av natur og miljø
- Klimaendringar
- Aukande ulikskapar i Noreg
- Moglegheitene sine til å seie kva dei meiner
- Å miste jobben
Samtidig er dei mest opptatt av høg lønn når dei vel ein jobb.
– Eg siktar høgt. Eg vil jo ha éin million i lønn, men i alle fall rundt 600.000 til 700.000 i året, seier Stefansdottir.
Spør vi økonomirådgivaren Lene Drange om kvifor akkurat østfoldingane bekymrar seg så mykje for økonomien, så vil ho helst ikkje vere stigmatiserande.
– Men eg har jo jobba i Luksusfellen, og der er ofte Østfold og Vestfold representerte når det gjeld betalingsmerknader og del usikker gjeld. Og når vi da veit at dette med økonomiske utfordringar går i arv, så er det kanskje ikkje så overraskande.
Også er det jo litt gøy at Møre og Romsdals unge er så bekymra, fortel Drange.
– Om ein skal tru på alle stereotypiane som er der, så er dei er gode med pengar og gode å forhandle. Kanskje er dei konstant bekymra for å gjere ein dårleg deal eller bli lurt, seier han med eit smil.
Meir tankevekkande er det at ikkje Oslo-folk tenker meir på økonomien sin.
– Om vi ser på bustadprisane der, og at bustad utgjer ein såpass stor del av folks kvardagsøkonomi, så burde dei vore meir bekymra. Høge bustadprisar betyr ofte meir i lån og meir å betale, seier Drange.
Undersøkinga hadde 1334 respondentar med eit landsrepresentativt utval av personar i aldersgruppa 15–29 år. Den er gjennomført på vegner av NHO.
Publisert 03.02.2025, kl. 19.02