Ungdomspolitikar – men ikkje ungdom

1 week ago 8


I eit mylder av elevar står 30-åringen Gaute Skjervø.

Ungdomspartia har valtorg – og deler ut snop, brosjyrar og argument for sin politikk.

Skjervø er i innspurten av sitt fyrste skuleval som leiar i AUF. Han tok over som leiar i fjor og er eldst av ungdomspartileiarane ved dette valet.

– Kva tenker du om det?

– Eg tenkjer det viser at det er mogleg å engasjere seg for livet til unge menneske ganske lenge. Eg har vore medlem i AUF i 15 år og det er ei ære at medlemmane der ville ha meg som leiar, seier Skjervø.

Han peikar på at Ola Svenneby i Unge Høgre berre er om lag halvanna år yngre.

– Eg tenkjer det er bra for unge folk at dei har synlege førebilete som kan målbere unge sine krav i politikken, seier han.

– Kan relatere meir til oss

Dei eldste av elevane kan stemme ved stortingsvalet for fyrste gong, medan dei yngste må nøye seg med skulevalet.

Fleire av VG3-elevane meiner det er ein fordel med politikarar som er nære dei sjølve i alder.

– Då kan dei relatere litt meir til oss. Det synest eg er bra, seier Eskil Levorstad.

– Dei eldre tenkjer kanskje ikkje heilt tilbake på korleis deira skulekvardag var, og kva dei var mest fokuserte på då, seier Isak Røed.

– Ved kva alder sluttar du å vere ungdom, vil du seie?

– Sånn 25, kanskje? Ja, 25 år gamal, seier Røed.

– Fram til 20, meiner Levorstad.

Yngstemann: – Ein styrke

Omar Svendsen-Yagci i Unge Venstre er 21 år, og den yngste av ungdomspartileiarane.

– Eg håper det kan vere ein styrke at det berre er to år sidan eg gjekk ut frå vidaregåande sjølv, og at det er friskt i minne, seier han.

en mann som står på et podium

Omar Svendsen-Yagci i Unge Venstre er yngstemann blant ungdomspartileiarane.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Han påpeikar samstundes at ein utviklar politikken i ungdomspartia i fellesskap med dei unge og litt eldre.

Er ikkje ungdom

– Er du ungdom?

– Nei, eg er ikkje ungdom. Eg er ein vaksen mann – ung vaksen mann – men som har veldig interesse for at unge folk sine liv skal bli betre økonomisk og at dei skal få meir makt, seier Skjervø.

en person i dress

AUF har hatt tradisjon for å ha leiarar som er rundt 30 år gamle. Øvre aldersgrense i organisasjonen er 35 år.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Han er einig i at det trengst representantar som dei i tenåra kjenner seg igjen i, men peikar på at dei fleste i AUF er yngre enn han.

Og det å styre eit ungdomsparti kan vere ein vaksen jobb.

– Vi er ein stor organisasjon med godt over 20 tilsette. Vi er ein millionbedrift med ansvar for 10.000 medlemmer og vi forvaltar Utøya, seier Skjervø.

AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø driv valkamp på Askim VGS

Det er over 10 år sidan Gaute Skjervø var ferdig på vidaregåande. No reiser han frå gymsal til gymsal for å overtyde elvane om å velje deira program.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Før dette valet har fleire fylke bestemt at ingen over 30 år får vere med på skulevalkamp, men det har gått fint, ifølge Skjervø.

– Eg er jo 30 no, så eg er ikkje over enda, seier han.

Og sjølv om han er eldst av ungdomspartileiarane, så har han ingen planar og å gi seg med det fyrste.

– Eg held fram så lenge eg har tilliten frå mine medlemmer og synest det er gøy. Og akkurat no synest eg det er supergøy.

Publisert 02.09.2025, kl. 12.06 Oppdatert 02.09.2025, kl. 12.09

Read Entire Article