Ukrainsk ekspert: – Vi kan framleis snakke med Trump

3 hours ago 3


Når Trump og Putin skal møtast til fredsforhandlingar i Saudi-Arabia, er Ukraina ikkje på gjestelista.

Men det uroar ikkje Oleksandr Kraiev. Har er analytikar i tenkjetanken Ukrainian Prism og seniorundervisar ved Kyiv Mohyla-akademiet.

– Trump er ikkje pro-Russland eller pro-Ukraina. Han er pro-Trump.

Oleksandr Kraiev held ei bok i handa og ser i kamera

Oleksandr Kraiev er ekspert på relasjonen mellom USA og Ukraina.

Foto: Ilona Piven / NRK

Kraiev trur USA kjem til å vere politisk avhengig av å vise støtte til Ukraina i lang tid framover. Han meiner difor at Trump ikkje kjem til å køyre over Ukraina slik han skreiv på Truth Social i går.

– Kan framleis snakke med Trump

Den ukrainske analytikaren har ingen tru på at dette vitnar om at Trump og Putin kjem til å bli «vener». Han minner om at Trump fører sterke sanksjonar mot russisk gass og olje.

Samstundes har Trump tala positivt om Putin ved fleire høve. Han har mellom anna kalla Putin «sterk» og «smart», og sagt at dei kom godt overeins i den fyste presidentperioden til Trump.

Kraiev meiner framleis at Trump og USA er ein «rimeleg partnar» til Ukraina.

Vi kan framleis snakke med Trump, vi kan framleis få Trump engasjert for Ukraina, seier Kraiev og peikar på at nesten 60 prosent av våpenstøtta til Ukraina kjem frå USA.

Zelenskyj er i skvis mellom Trump og Putin, som vil halde fredsforhandlingar utan han.

Foto: AFP

Likevel sa Trumps visepresident, J.D. Vance, i fjor haust at han meiner USA ikkje bør gi så mykje våpen til Ukraina.

Om Russland og USA går i forhandlingar utan Ukraina, kva konsekvens vil det ha for Ukraina?

Det betyr berre meir arbeid, meir hardt arbeid. Vi må bruke fleire av kontaktane våre. Meir alt, seier Kraiev.

Kraiev kallar dagen i dag for ein «kald dusj» for ukrainske politikarar og borgarar.

Ukraina i klar tale

Mange ukrainarar viser misnøye med at Trump og Putin ynskjer å gå inn i forhandlingar utan Ukrainarar.

Det kan virke som at reaksjonane frå Ukraina er samrøystes i dag.

  • Oleksiy Goncharenko

    X

    Oleksiy Goncharenko, medlem av det ukrainske parlamentet

    – Trump har offisielt starta forhandlingar med Putin. Det er bra. No er alt i hendene hans. Han likar å vinne. Han bør vinne over Putin. Om ikkje, vil Amerika aldri bli storslått igjen. Om os. For eksakt tre år sidan trudde mange at Ukraina ville forsvinne. Vi er i stand til å overraske.

    Det skreiv Goncharenko på X.

  • Inna Sovsun

    X

    Inna Sovsun, medlem av det ukrainske parlamentet

    Med referanse til Trump sine uttalar skreiv Sovsun på X:

    – Å mislukkast i å seie at Ukraina er eit likestilt medlem av forhandlingane er skremmande. Slike uttalar er uakseptabelt frå allierte. Ukraina kan ikkje berre bli behandla som eit objekt på forhandlingsbordet.

  • Anton Herasjtsjenko

    X

    Anton Herasjtsjenko, rådgjevar for innanriksministeren mellom 2021 og 2023 i Ukraina

    X skriv Herasjtsjenko:

    – Vil president Trump ha hjelp til å oppnå fred i Ukraina? Om han prøver å oppnå det på Ukraina, og la angriparen gå ustraffa så vil det ikkje vere fred, men heller eit steg som oppmodar Putin og hans allierte til å starte nye krigar og gjere massedrap.

  • Tymofiy Mylovanov

    X

    Tymofiy Mylovanov, President ved Kyiv School of Economics og tidlegare minister i departementet for økonomisk utvikling

    – Det finst inga verd der USA forsvarar Russland på vegner av Ukraina. Inga verd der ein amerikansk president eller regjering ynskjer å fikse Ukraina, styrke militæret, kjempe mot korrupsjon og implementere reformer, skriv han på X.

Ukraina vil ikkje godta avtalar mellom Moskva og Washington, utan Kyiv, seier den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj torsdag.

– Ingenting kan bli diskutert om Ukraina utan Ukraina eller om Europa utan Europa, seier den ukrainske utanriksministeren, Andrij Sybia.

Europa og Ukraina

Også internasjonalt har det blitt understreka at det er viktig at Ukraina blir involvert i fredsforhandlingane. Nato-sjef Mark Rutte er også tydeleg på dette.

Forsvarsminister Tore O. Sandvik (t.v.) sammen med USAs forsvarsminister Pete Hegseth (t.h.) foran Natos forsvarsministermøte i Brussel.

Forsvarsminister, Tore O. Sandvik, saman med den amerikanske forsvarsministeren Pete Hegseth på Nato-konferanse i Brussel denne veka.

Foto: Forsvarsdepartementet / Handout / Handout / NTB

Den norske forsvarsministeren, Tore O. Sandvik, var i Brussel i går for å delta på Natos forsvarsministermøte.

– Europa må ha ei sentral rolle, og så er det Ukraina som skal diktere dei viktigaste vilkåra. Det er deira land, det er dei som er overfalne, og det er dei Putin har tatt, sa Sandvik til NRK.

Publisert 13.02.2025, kl. 18.21

Read Entire Article