Få timar etter at Ukraina gjekk med på eit forslag om 30 dagars våpenkvile, kom dronane.
Rundt midnatt meldte ordføraren i Kyiv om komande angrep. Deretter kom beskjedane frå ordførarane i Kharkiv, Ukrainas nest største by, og Dnipro, ein sentral industriby.
Angrepsdronane frå Russland var av typen Shahed, ein iranskprodusert drone fullstappa med eksplosiv, ifølge ukrainske myndigheiter. Dronane er programmerte til å kretse over målet sitt før dei stupar. Russland har ofte brukt slike dronar, som dei kallar Geran-2, i sine angrep mot Ukraina.
Onsdag morgon seier talsperson for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, at dei vil ta sine eigne avgjerder rundt krigen i Ukraina.
Maria Zakharova.
Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTB– Vår stilling i konflikten blir ikkje forma av ein eller annan avtale frå ein eller annan part. Den blir avgjort innad i Russland, seier ho til det statlege mediet Tass.
Det er venta at Russland og USA dei neste dagane skal diskutere våpenkvileplanen som amerikanarane blei einige med Ukraina om i Saudi-Arabia tysdag kveld.
Kva blei Ukraina og USA einige om?
Kvar kveld talar Zelenskyj til det ukrainske folket. Tysdag kveld hadde han endeleg noko positivt å melde.
– USA foreslår ei full midlertidig våpenkvile i 30 dagar. Ukraina er klare for å godta forslaget, som vi ser på som eit steg i rett retning, sa han.
Den amerikanske delegasjonen under forhandlingane i Jeddah.
Foto: UKRAINIAN PRESIDENTIAL PRESS SERVICE / Reuters / NTBMen ukrainarane fekk ikkje noko løfte om fleire av dei punkta dei ønskte seg, kanskje viktigast av alt ønsket om å få tilbake dei områda som Russland okkuperer.
Det einaste dei veit sikkert, er at dei får tilbake den militære støtta frå USA i dei 30 dagane våpenkvila skal vare.
Ei støtte ukrainarane allereie hadde, fram til USA trekte henne etter at at det gjekk skeis mellom Zelenskyj og Donald Trump i Det kvite hus 28. februar.
Full stans i 30 dagar
Det var Ukraina som først foreslo ein våpenkvileplan.
Dei kom med tre konkrete forslag til ei innleiande våpenkvile i 30 dagar:
- Stans av missil, dronar og bomber i lufta bak frontlinjene
- Stans av krigshandlingane til sjøs
- Start av fangeutveksling for å bygge tillit mellom partane
Men USA ville ha ein full stans i all krigsaktivitet – ikkje berre i lufta og til sjøs, men langs heile frontlinja – i like mange dagar.
Etter eit over åtte timar langt møte, gjekk Ukraina med på dette. Begge partar seier dei er klare til å utnemne delegasjonar som kan starte med fredsforhandlingar idet våpenkvila trer i kraft.
Amerikanske missil av typen FGM-148 Javelin blir lasta ut av eit fly på flyplassen i Kyiv tysdag kveld. USA tar opp att militærstøtta til Ukraina.
Foto: SERGEI SUPINSKY / AFP / NTBI utsegna kjem det også fram at USA umiddelbart tar opp att all støtte til Ukraina som dei sette på pause torsdag 6. mars.
Det betyr at dei igjen vil dele etterretningsinformasjon med ukrainarane, samt sende militær støtte i form av mellom anna ammunisjon, artilleri og luftforsvar, i den perioden våpenkvila rår.
I ei felles utsegn frå dei to delegasjonane, opnar dei også for at våpenkvila kan strekke seg lenger enn dei 30 dagane.
Men alt dette er avhengig av at Russland går med på dei same vilkåra.
– No ligg ballen hjå Russland
USAs utanriksminister seier at han no vil presentere avtalen for Russland.
– Eg håpar dei vil seie ja. Viss dei gjer det, har vi gjort store framsteg. Viss dei seier nei, vil vi diverre vite kva som er hindringa for fred, sa han tysdag kveld.
Tidlegare har USAs president Donald Trump skulda Zelenskyj for å vere den som står i vegen for ein fred i Ukraina. Ved å ta initiativ til ei umiddelbar våpenkvile, viser den ukrainske presidenten at han er innstilt på å få ein snarleg slutt på krigen.
USAs utanriksminister, Marco Rubio, på veg inn i flyet sitt etter møtet i Jeddah.
Foto: SAUL LOEB / AFP / NTBDet kan opne døra til forhandlingar med Russland. Og det kan i alle fall vere ein sjanse til å reparere forholdet til Trump.
Tysdag kveld sa Trump at han gjerne vil invitere Zelenskyj tilbake til Det kvite hus.
Han sa også at han vil snakke med Vladimir Putin i løpet av dei neste dagane.
Verken Volodymyr Zelenskyj eller Donald Trump deltok i sjølve forhandlingane i Jeddah, men Zelenskyj møtte kronprins Mohammed bin Salman kvelden i førevegen.
Foto: NTBRussland svarar at dei ikkje utelukkar eit møte med USA i løpet av dei neste dagane, ifølge det statlege nyheitsbyrået Ria.
Til det statlege mediet Tass seier talsperson Maria Zakharova for utanriksdepartementet at nyheiter om Russlands stilling i forhold til Ukraina vil kome frå Moskva, ikkje USA eller Ukraina.
Mineralavtale og humanitær lette
Til slutt nemnar utsegna ein framtidig mineralavtale mellom Ukraina og USA. Avtalen skulle etter planen bli signert 28. februar, då det gjekk gale i Det kvite hus.
Både USA og Ukraina understrekar også viktigheita av humanitær hjelp som ein del av fredsprosessen, og særleg under ei eventuell våpenkvile. Dette inneber utveksling av krigsfangar, lauslating av sivile fangar og at fordrivne ukrainske barn får kome heim igjen, ifølge utsegna.
Publisert 12.03.2025, kl. 06.47 Oppdatert 12.03.2025, kl. 07.02