Ukraina er hardt pressa når forhandlingane med USA startar i Saudi-Arabia på tysdag.
I aust gjer russarane framsteg. I vest har USAs president Donald Trump frose våpen- og etterretningsstøtta.
Det skjedde etter det oppheita møtet mellom Volodymyr Zelenskyj og Trump i Det kvite hus i slutten av februar.
Hjelpa kan starta opp igjen når det vert klart kva Ukraina er villig til å gje avkall på, og om dei går med på å gjera «vanskelege ting».
– Pausen i støtte er, i vid forstand, noko eg håper me kan få løyst. Openbert vil morgondagen ha ei nøkkelrolle i det.
Det sa USAs utanriksminister Marco Rubio på veg til Saudi-Arabia måndag, skriv The Telegraph.
Men det er sjølvmotseiande at USA ymtar om at hjelpa kan starta opp igjen viss samtalene går bra.
Det meiner Janne Haaland Matlary, professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo og Forsvarets stabsskule.
– Dei vil jo ikkje at Ukraina skal kriga vidare. Dei vil eigentleg ha ein kapitulasjon frå Ukraina. Dei har jo slutta å senda våpenhjelp, så det er heilt tydeleg at dei seier «de må slutta å kriga», seier ho.
Presidentane deltek ikkje
Dette er fyrste gong Ukraina og USA skal forhandla sidan katastrofemøtet mellom Trump og Zelenskyj i slutten av februar.
Det vart full krangel då Volodymyr Zelenskyj besøkte Donald Trump i Det kvite hus.
Men korkje Zelenskyj eller Trump skal sjølve delta i forhandlingane. I staden har dei sendt kvar sin delegasjon til hamnebyen Jeddah i Saudi-Arabia.
Frå amerikansk side er det venta å vera tryggingsrådgivar Mike Waltz og Midtausten-utsendinga Steve Witkoff, i tillegg til utanriksminister Rubio.
Frå Ukraina kjem utanriksminister Andrii Sybiha, forsvarsminister Rustem Umerov og Andrij Jermak, ein av Zelenskyjs fremste rådgivarar.
Fredag snakka Sybiha og Rubio saman på telefon. Sybiha kalla samtalen «konstruktiv».
Trur USA vil pressa på for full våpenkvile
The Telegraph og nyheitsbyrået AP siterer anonyme kjelder på at Ukraina tysdag vil føreslå ein delvis våpenkvileavtale. Dette er ikkje stadfesta frå opne kjelder.
Det skal vera snakk om våpenkvile til sjøs og i lufta, i tillegg til utlevering av fangar, skriv AP.
– Eg trur ikkje dette er nok. Eg trur ikkje Trump er interessert i Ukraina. Han er interessert i å kunne seia at han har avslutta ein krig, slik han sa i valkampen, meiner Janne Haaland Matlary.
Trump er meir oppteken av å oppfylla løfte frå valkampen enn å hjelpa Ukraina, meiner professor Janne Haaland Matlary.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBHo trur den amerikanske delegasjonen vil pressa på for å få ei full våpenkvile – og at det ikkje vert noko vinn-vinn-situasjon for alle partar.
– Zelenskyj kan seia ja til ei mineralavtale, det har han jo allereie gjort. Men det er jo ikkje nok for å avslutta krigen, seier professoren.
Ho peiker på at det er vanskeleg for Ukraina å gå med på alle krava til USA, utan å ha tryggingsgarantiar frå korkje dei eller Europa.
Samstundes er Matlary ikkje sikker på om president Zelenskyj eigentleg har noko reelt alternativ, så lenge ikkje Europa kan trå til for å erstatta hjelpa som USA har stansa.
Håper på framsteg
Måndag sa den amerikanske Midtausten-utsendinga Steve Witkoff at han håper forhandlingane kan føra til framsteg.
Han påpeika mellom anna at Zelenskyj har bede Trump om unnskyldning.
– Han bad om unnskyldning for hendinga i Det ovale kontoret. Eg trur det er eit viktig steg, seier Witkoff i eit intervju med Fox News.
Han meiner òg det er fleire framsteg, men at det framleis er fleire punkt ein framleis ikkje har funne løysingar på:
- Tryggingsgarantiar
- Ukrainas territorium, med rundt 20 prosent er under russisk kontroll
- Ukrainas infrastruktur, som har vorte øydelagt i russiske angrep
Kontroversielt møte
Samtalane tysdag er andre gong Saudi-Arabia er vertskap for forhandlingar om Ukraina-krigen.
Førre gong var for knapt tre veker sidan.
Då møtte Rubio, Waltz og Witkoff sine russiske motstykke, blant anna Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.
Korkje Ukraina eller andre europeiske land fekk delta den gongen.
Det var etter desse samtalane at Trump sjokkerte vestlege allierte ved å kalla Zelenskyj ein diktator og påstå at Ukraina har skulda for krigen.
Interessert i utanriks? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen:
Publisert 10.03.2025, kl. 23.07