Ukjent manus av Jon Fosse blir film

19 hours ago 1


– Denne filmen er noko av det mest krevjande eg har gjort, seier Erik Poppe.

Han har laga filmar som «Kongens nei» og «Quislings siste dagar».

No er Poppe i gang med eit nytt filmprosjekt. Manuset er av Jon Fosse, nobelprisvinnar i litteratur.

Fosse har berre skrive eitt filmmanus i karrieren. Det er aldri gitt ut, før no.

– Dette skulle eigentleg bli gjort den gongen for veldig lenge sidan. Men eg er glad for at eg ikkje gjorde dette for 25 år sidan. For du må vere ein erfaren filmforteljar, seier Poppe.

en mann med hatt og frakk

Dette er den mest krevjande filmen Erik Poppe har laga, ifølge han sjølv.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Må endre tittel

Filmen er ein brokete kjærleikshistorie om Asle og Gerd. Hovudrollene blir spilt av Leo Magnus de la Nuez og Kristi-Helene Engberg.

På opptak i Hoddevik vrimlar det med folk bak kameraet. Vinden rufsar til det lange håret til de la Nuez. Filmgjengen er einige om at ruskevêr passar historia bra.

– Asle, som eg spelar, er ein ganske ordknapp karakter. Han har eit band, det går til helvete. Han treffer Gerd, og dei forelskar seg. Det er ein vakker og nær kjærleikshistorie om to unge menneske som prøver å finne ut av det, seier de la Nuez.

en mann som står ved siden av en bil

Leo Magnus de la Nuez har rolla som Asle i filmen.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Jon Fosse sin tittel på manuset er «Bad Moon Rising», etter låta av Creedence Clearwater Revival frå 1969.

Den tittelen må dei endre på. Å bruke den originale tittelen og Creedence-låta kostar millionar av kroner. Det har dei ikkje råd til.

– Akkurat nå står vi og klør oss i hovudet. Det handlar jo om kjærastar, dette her. Så kanskje er det «Kjærastar» den kjem til å hete. Eller kanskje noko heilt anna, seier Poppe.

Budsjettet er på nokon-og-20 millionar.

en person som holder et skilt

Kva skal filmen heite? Kanskje «Kjærastar», som det på filmklipparen.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Første og einaste filmmanus

Den 65 år gamle regissøren seier at dette er den vanskelegaste filmen han har laga. Det handlar om Fosse sitt manus.

– Denne gangen skal eg ikkje endre på teksten så mykje. Eg skal vere tru mot Jon Fosse sin tekst.

Fosse har skrive mange skodespel. Men dette er det første og einaste filmmanuset hans. Handlinga går over fleire år i ein «ikkje altfor fjern fortid».

en person som sitter på en sofa

Kristi-Helene Engberg seier det er sprøtt å få moglegheita til å spele i ein film med Fosse-manus. Det spørst om moglegheita nokon gong kjem att.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Filmen handlar nok meir om det vi ikkje seier til kvarandre. Alt det som ligg mellom. Vi har hatt ekstra mykje prøvetid på denne filmen. Vi har grave djupt i alt som ikkje blir sagt, seier Engberg, som spelar Gerd.

Dette betyr ikkje at handlinga er utilgjengeleg. Tvert om, ifølge Engberg.

Verken ho eller de la Nuez har hatt så store roller før.

– Det er helt sprøtt. Må klype meg i armen, eigentleg, seier ho.,

Jon Fosse vil ikkje stille til intervju om filmen, opplyser filmproduksjonen til NRK.

en vei som går gjennom en dal

Handlinga går føre seg i «det mytiske Vestlandet». Opptak skjer mellom anna i Hoddevik.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Publisert 07.10.2025, kl. 07.00 Oppdatert 07.10.2025, kl. 07.05

Read Entire Article