Tre damer sit med auga retta mot strikketøyet.
Snakk om julehandel og Flåklypa-filmen.
Ein av dei er Tina Tetoka.
Ho har vore ufør nesten halve livet.
Men tre dagar i veka er ho på jobb på eldreheim.
– Arbeid er utruleg viktig for eit menneske. Hadde eg ikkje hatt noko å gå til så veit eg ikkje kva eg hadde gjort med dagen min, seier Tetoka.
Tina Tetoka (i midten), saman med bebuar Inger Karin Johansen (87) og aktivitør May Britt Ribland.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKEnklare å jobbe som ufør
Mange er i same situasjon som Tina.
Dei er på uføretrygd, men sit kanskje med eit ønske om å jobbe eit par dagar i veka.
Men ofte lønner det seg ikkje, fordi det gir trekk i trygda dei får frå Nav.
Tina med strikketøyet.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKTina har tidlegare bede politikarane om å gjere det enklare å jobbe ved sida av.
Og dei har kanskje lytta.
Neste år aukar fribeløpet som uføre kan tene, frå 50 000 til 130 000 kr i året.
Det gjer at det blir mogleg å jobbe meir, utan å få trekk i uføretrygda.
Politikarane håpar at endringa vil motivere fleire ut i arbeid.
For på landsbasis er det nesten 400.000 uføre.
Og ein av stadene som verkeleg treng fleire hender, er helsevesenet.
Treng arbeidsfolk
– Vi meiner at alle menneske har ein ressurs i seg, eit potensial, som ikkje blir henta ut i tilstrekkeleg grad, seier Skjalg Havåg.
Oslo-kollega, som han leier, jobbar med å få folk som Tina ut i arbeidslivet.
Skjalg Havåg seier at dei har frigjort mykje av tida til helsefagarbeidarane ved å få inn fleire som Tina Tetoka.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKOg det er ei stor gruppe.
I dag er det rundt 700.000 personar som står utanfor arbeidslivet, 374.000 av dei er uføretrygda.
Og dette kostar.
Noreg taper over 190 milliardar kroner – kvart år – på utanforskapen.
Samtidig treng samfunnet fleire arbeidarar, særleg i helsevesenet.
– Eldrebølga kjem. I 2040 vil vi ha tre gonger fleire 90-åringar, og dobbelt så mange 80-åringar. Så det er eit stort behov for arbeidskraft.
Oslo-kollega er eit samarbeid med Sykehjemsetaten, der folk som står utanfor arbeidslivet jobbar i små stillingar ved ulike sjukeheimar.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKAllereie nå har ein behov for 290.000 fleire arbeidarar.
Men kor skal ein finne desse hendene?
– Talet i arbeidsfør alder kjem ikkje til å auke framover. Da er det eigentleg berre éin stad å hente arbeidskrafta frå, og det er frå utanforskapen.
– Det er ikkje berre lurt, det er nødvendig, heilt avgjerande, legg han til.
Sjå potensialet
For med Tina på plass kan helsefagarbeidarane konsentrere seg om andre oppgåver.
Ho hjelper til med frukosten, vaskar, reier opp sengene og set i gang aktivitetar.
– Tina gjør en fantastisk jobb. Hun er en ekstra ressurs, som vi trenger.
May Britt Ribland
Aktivitør og frivillighetskoordinator
Foto: Hallgeir Braastad / NRK
Foto: Hallgeir Braastad / NRK
Og bebuarane på sjukeheimen møter nokon som har tid til dei lange samtalane.
– Det kan vere lesegrupper, strikkeklubb, bingo, songstund og tur ut, fortel May Britt Ribland.
For Tina handlar ikkje jobben om å tene pengar.
– Arbeid gir ei form for meining med kvardagen. At ein gir noko, også får ein noko tilbake. Vennskap og personleg utvikling, seier ho.
Utan hadde dagane mista rytmen.
Ho trur det hadde blitt mange seine kveldar framfor Tv-en, ein fattigare kvardag.
Tina Tetoka meiner at ein må sjå på uføre som ein ressurs.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKSamfunnet må tenke nytt, meiner Tina.
– Ikkje berre sjå på oss som ei gruppe med problem. Mange som meg har lyst til å jobbe. Men vi treng kanskje litt tilrettelegging.
Nokon har fysiske skadar, eller psykiske utfordringar. Andre har eit handikap.
– Vi jobbar ikkje nødvendigvis like fort, men med trening kan vi bidra. Samfunnet må sjå på moglegheitene, ikkje problema.
Lage eigne stillingar
Skjalg Havåg i Oslo-kollega trur at insentiv, som skatteendringa er viktig for å motivere fleire til å jobbe.
Men seier også at arbeidsgivarane må tilpasse seg.
– Det vi ønsker oss, er at sjukeheimane lagar fleire stillingar som er retta mot denne målgruppa.
Håpet hans er at uføre etter kvart kan bli faste tilsett.
Slik at både helsefagarbeidarar og uføre kan få betre livskvalitet.
– Å få lov å hente ut potensialet sitt og bli ein ressurs for samfunnet, det trur eg alle menneske ønsker.
Tina er einig.
– Eg vil jobbe meir eigentleg. Det har eg gjort sidan eg blei ufør. Eg ønsker å bidra til samfunnet, å vere ein av dei som gjer noko.
Publisert 29.12.2025, kl. 05.34


















English (US)