UD: Ein nordmann om bord i ubåt som gjekk ned i Egypt

1 month ago 16


Det norske utanriksdepartementer er kjent med forliset utanfor Hurghada i Egypt, seier UDs pressetalsperson Andreas Bjørklund til NRK.

– Utanrikstenesta har kontakt med vår ambassade i Kairo som arbeider med å kartleggje situasjonen. Den svenske ambassaden har vore i kontakt med ein norsk borgar som var på båten og er i god behald. Vi har per no ingen opplysningar om at fleire norske borgar var om bord, seier Bjørklund.

Guvernøren med ansvar for Raudehavet, Amr Hanafy opplyser til BBC at turistar frå Russland, India, Noreg og Sverige var om bord.

Det var 45 personar om bord i båten då ulukka skjedde. Seks personar døde. Alle var russarar. Ingen er sakna etter ulukka, ifølgje guvernøren.

En strand med parasoller og båter

Fleire båtar deltek i søket etter overlevande.

Foto: AP

I tillegg til dei seks døde, er ni personar skadde. Tilstanden for fire av dei skadde er kritisk.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjend.

Ulukka skjedde i hamna ved feriebyen Hurghada ved Raudehavet, melder BBC.

BBC skriv at det dreiar seg om ein ubåt som kan gå ned til 25 meters djup, og som har plass til 44 passasjer.

Ubåten blir brukt til turist-turar for å vise fram korallreva i Raudehavet.

Stranden ved område der en turistubåt sank utenfor feriebyen Hurghada i Rødehavet, Egypt

Stranda ved området der ubåten gjekk ned, utanfor feriebyen Hurghada i Egypt.

Foto: Stringer / Reuters / NTB

Publisert 27.03.2025, kl. 16.58 Oppdatert 27.03.2025, kl. 17.40

Read Entire Article