Det var kraftig regn i området då persontoget spora av nær byen Riedlingen i delstaten Baden-Württemberg, sørvest i landet like etter klokka 18 søndag.
Rundt 100 passasjerar var om bord då ulukka skjedde. Tre menneske omkom – togføraren, ein annan tilsett i Deutsche Bahn og ein passasjer. Minst 41 blei skadde.
Toget sporet av i Riedlingen i nærheten av Biberach. Tre mennesker er meldt omkomne.
Foto: Angelika Warmuth / Reuters / NTBTysk politi tror et jordskred er årsaken til ulykken.
Foto: MARKUS ULMER / Reuters / NTBAnsatte ved Deutsche Bahn er på stedet.
Foto: Angelika Warmuth / Reuters / NTBRedningsarbeidere var også på stedet.
Foto: MARKUS ULMER / Reuters / NTBToget var et regiontog fra Deutsche Bahn.
Foto: NONSTOPNEWS / AFP / NTB
Måndag morgon seier politiet i Ulm og påtalemakta i Ravensburg at det kraftige regnet truleg førte til at ei kloakksjakt fløymde over.
Vatnet utløyste eit jordskred på vollen ved sida av sporet, som igjen førte til at toget spora av.
Stor redningsaksjon
Toget som spora av, var eit regionalt ekspresstog frå Deutsche Bahn som var på veg frå Sigmaringen til Ulm.
Tre menneske omkom då toget spora av.
Foto: RTVEin stor redningsaksjon blei sett i gang, der brannvesen, redningstenester og både delstats- og føderalt politi deltok.
Innanriksministeren i delstaten Baden-Württemberg, Thomas Strobl reiste til ulukkestaden kort tid etter ulukka.
Måndag skriv forbundskanslar Friedrich Merz i sosiale medium at han har medkjensle med familiane til dei som omkom.
Trafikken er framleis innstilt, og oppryddingsarbeidet startar for fullt tysdag.
Togavsporinga sørvest i Tyskland.
Skal investere
Jernbanen i Tyskland møter ofte kritikk frå passasjerar som meiner infrastrukturen er utdatert, noko som fører til tekniske problem og forseinkingar.
Styresmaktene har lova å investere fleire hundre milliardar euro dei næraste åra, først og fremst for å utbetre infrastrukturen.
I juni 2022 spora eit tog av i Bayeren, og fire menneske omkom.
Den dødelegaste togulukka i Tyskland fann stad i 1998, då eit høgfartstog frå Deutsche Bahn spora av i Eschede i Niedersachsen. 101 menneske omkom.
Publisert 28.07.2025, kl. 10.30