Turistane klatrar over gjerda: – Dei har eit dødsønske

10 hours ago 2


Rundt 800.000 turistar lar seg lokke til naturperla Geiranger årleg. Samtidig sit fleire med hjartet i halsen.

I turistbygda finn ein nemleg stupbratte Flydalsjuvet. Eit utsiktspunkt der mange vil ta spektakulære bilde til sosiale medium.

Dei klatrar utanfor gjerda som er sette opp, sjølv om berre eitt feiltrinn der kan få fatale konsekvensar.

Turistar står på kanten utanfor gjerdet ved Flydalsjuvet. Ein ser også fleire som held seg bak gjerda.

Fleire turistar bevegar seg utanfor gjerda ved Flydalsjuvet i Geiranger denne dagen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er openbert at det å stå utanfor kanten på ei 100 meter høg kløft, det er livsfarleg.

Det seier tidlegare politibetjent Svein Harsjøen, som no jobbar som bussjåfør og fraktar turistane opp dit kvar dag i sommar.

Bussjåfør Svein Harsjøen står ved gjerdet oppe ved Flydalsjuvet. Til venstre bak han ser du utsiktspunktet, fjord og fjell, og til høgre bak han ved gjerdet ser ein turistar.

Svein Harsjøen ser stadig turistar utenfor gjerda.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han er glad for at det er sett opp gjerde, men meiner det ikkje er nok.

– Ein kan ikkje beskytte folk mot å vere dumme eller tjukke i hovudet. Det er umogleg. Spørsmålet mitt er, gjer vi nok for å rettleie gjestane der oppe, så dei ikkje gjer feil?

Tok sjansen og klatra over gjerda

Éin av turistane som har tatt turen denne dagen er Michael Wong frå USA. Han synest det er nydeleg i Geiranger, og samanliknar det med Alaska.

Men også han observerer folk som går utanfor gjerda.

Dei har eit dødsønske. Det er «crazy». Folk burde følge reglane – det er derfor det er gjerde. Viss dei skadar seg, må alle komme og redde dei.

Michael Wong står bak gjerdet ved Flydalsjuvet

Michael Wong frå USA meiner turistar bør halde seg bak gjerda.

Foto: Remi Sagen / NRK

To av dei som klatra over gjerda er Viktor og Elonna Somov frå Estland. Dei tok også med seg dottera.

Det var litt skummelt, men det var greitt fordi vi tok risikoen. Det er jo ikkje så trygt, men du kan gå dit og ta bilde viss du tenker over risikoen.

– Kvifor tok de risikoen?

På grunn av bilda. Vi ville ta dei gode bilda. På internett er det mange bilde frå den staden, og vi ville ta dei same.

Viktor og Elonna Somov

Viktor og Elonna Somov seier dei gjekk utanfor gjerdet på eige ansvar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Men kva med gjerda som er sette opp?

Dei er små. Dei er ikkje så trygge. Dei burde sett opp større gjerde eller plakatar viss ein ikkje vil at folk skal gå der.

– Litt informasjon hadde vore fornuftig

– Det gir eit adrenalinkick. Det er jo det ein er på jakt etter når ein går ut for å ta eit sånt bilde.

Det seier Even Vardaasen, som i dag heldt seg bak gjerda – men som tidlegare har hoppa over og tatt eit bilde.

– Tenkte du då på risikoen ved å falle utanfor?

Ein gjer jo alltid det, men det er på same måte som når ein går fjellturar, klatrar eller går rundt i naturen, så er ein jo på stadar der det er mogleg å falle. Og det er det her òg.

Even Vardaasen står ved Flydalsjuvet framfor gjerdet. Bak han ser du fjell.
Even Vardaasen står ved kanten på Flydalsjuvet

Det siste bildet ble tatt da Even Vardaasen var ved Flydalsjuvet sist.

Remi Sagen / NRK og privat

Han synest ikkje gjerda er noko hinder.

– Det er fint at det er der, men litt informasjon om risikoen ved å krysse gjerdet hadde jo vore veldig fornuftig.

Vardaasen seier blant anna at han ikkje har sett noko som tilseier at det er forbode å gå forbi.

Eitt av gjerda ved Flydalsjuvet. Det er lågt. Bak det ser du tre og fjell.

Eitt av gjerda ved Flydalsjuvet i Geiranger.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vurderer tiltak

Bussjåfør Svein Harsjøen meiner kommunen bør sette inn personar til å rettleie turistane og dei besøkande, og forhindre at dei går utanfor gjerda.

Ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang, seier at det ikkje har blitt vurdert endå, også fordi det vil koste pengar.

Einar Arve Nordang

Einar Arve Nordang (H), ordførar i Stranda kommune.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Han seier at dei då i tilfelle må ta betalt for parkering for å hente inn inntekter frå ein stad.

Det er tusenvis av fjellturistar som går i fjellet på Sunnmøre og i Møre og Romsdal. Det skulle tatt seg ut om det offentlege skulle måtta inn og sikre alle plassar der det er mogleg å skade seg. Då hadde vi ikkje fått gjort noko anna.

Nordang seier likevel at det kan hende dei må vurdere det her.

Det er openbert at turistane genererer store mengder med pengar inn, men eg trur kostnaden ved at nokon fell utanfor er betydeleg større – både økonomisk og menneskeleg, seier bussjåføren.

Publisert 29.07.2025, kl. 06.40

Read Entire Article