Trur dei har funne nordmenn som vart avretta dumpa i Oslofjorden under krigen

9 hours ago 5


Dette gjeld 7 av dei 14 som blei henretta på Akershus festning 14. mars – for nøyaktig 80 år sidan i dag.

Foreininga Æresgjeld har over tid klart å finne at dei skotne blei senka i havet i Oslofjorden, aust og vest for Nesodden. I trekasser fylt med stein.

Det har blitt brukt undervassdroner som har filma og som viser funnet på ein halv meters avstand.

Foreininga har jobba tett saman med rettsmedisinsk institutt og med Aust politidistrikt. Leivningane er førebels ikkje heva, men det vil dei truleg bli.

Vinteren 1945 blei fleire titals nordmenn henretta av den tyske okkupasjonsmakta på Akershus festning.

No, 80 år seinare, kan nokre av familiane få svar på kvar deira kjære blei av.

Fleire av dei drøyt 400 nordmennene som blei henretta under krigen blei aldri funne.

Fann fram i arkiv

Ifølge foreininga Æresgjeld vart 42 nordmenn henretta av tyskarane mot slutten av krigen og deretter dumpa i Oslofjorden.

No kan det vise seg at arbeidet til foreininga har gitt resultat i form av at det er funne leivningar etter sju motstandsfolk i sjøen utanfor Nesoddtangen.

Søk foreininga hadde gjort i diverse arkiv, viste nemleg at leivningane deira truleg var dumpa i Oslofjorden.

Foreininga trur at dei sju som no truleg er funne, var med på ein stor sabotasjeaksjon mot jernbanenettet på Austlandet.

Fleire store aksjonar

«Operasjon Betongblanding» blei gjennomført 14. mars 1945 av over 1000 norske motstandsfolk.

17. mars for 80 år sidan blei 14 av desse skotne på Akershus festning som hemn.

Det skjedde ei rekke hemn-henrettingar frå tyskarane på Akershus festning. Blant anna blei 28 menn skotne 9. og 10 februar 1945 for drapet på Statspoliti-sjef Karl Marthinsen.

14. mars 1945 utførte Milorg en koordinert sabotasjeaksjon, under kodenavn Operasjon betongblanding

Dette lokomotivet spora av på Kjelle i Vestfold etter Aksjon betongblanding. Biletet er henta frå den private samlinga til Milorg-leiaren Olav Torp.

Foto: Ukjent / Vestfoldarkivet / Vestfoldmuseene

En person i uniform står ved et minnesmerke i stein med en blomsterkrans foran

På Akershus festning er det sett opp eit minnesmerke over dei 42 nordmennene som blei henretta der. Her frå tiårsdagen for frigjeringa av Noreg.

Foto: NTB

Publisert 17.03.2025, kl. 13.52 Oppdatert 17.03.2025, kl. 13.57

Read Entire Article